tirsdag 24. juni 2008

Det begynte med .......

........ at det regna og eg hadde bestemt meg for å rydda på loft og i kjellar. I kjellaren sto denne krydderhylla full i rot (gubben sitt!!). Då fekk eg ein idè, tømte rotet oppi verktøyskrinet hans ( det er ikkje noe verktøy der allikavel !!) og skrudde ned hylla. Og der stoppa ryddinga .....hehe!!

Alle pastskuffene (skaraplast) fekk seg ein god vask. Eg fekk ikkje alle lika blanke, noen har endå litt gulskjer i seg. Noen gode vaskeråd ???


Så var det fram med malarkosten. Og i sammen slengen så malte eg også ei ramme og ein gammal dynamittkasse som eg fann på loftet full i gamle sko (!)

Fann ut at hylla passa bedre på arbeidsrommet mitt enn på kjøkkenet. Og alle skuffene blei fyllt med forskjellige greier.

Skrudde opp hylla, men den kunne jo ikkje henga der i lause lufta !!!


Som tenkt så gjort ......ut på verandaen og henta det bordet som eg pussa opp her tidligare. DET kunne jo vera sybord, så slapp eg å rydda vekk PC og andre greier frå skrivepulten når eg sku sy. LURT .......! Ute er det jo bare pøsregn og dessutan så har eg fleire bord der. Dynamittkassen fekk plass under bordet til oppbevaring eller noe anna. Eg trur kanskje at eg skal montera håndtak på den.
Eg ( eller egentlig vi !)har eit bra stort arbeidsrom (12m2) og det er deilig! Eg malte hyller og hadde ein oppshining der for ei stund sidan ( det kan du sjå i tidligare innlegg.)
Vel, bra begynnelse på ferien ......... eg kvilte meg i helga, men eg er ei rastlaus sjel så no var det deilig å gjøra noe lystbetont (mens eg har nedtelling til eg skal ut å reisa).
Ha ei fin veke alle saman!

lørdag 21. juni 2008

ENDELIG FERIE ......

I går hadde vi avslutning på jobben. Då fekk eg denne stilige buketten av ein kollega fordi eg hadde vert ei god støtte i skulekvardagen for henne. Eg blei kjempeglad, men begynte nesten å grina fordi eg føler at det er ho som har hjelpt meg.
Det er godt det er sommarferie. Dette året har vore svært slitsomt. Eg er lærar, og av og til får ein ansvar for vanskelege klassar som tappar ein for utruleg mykje energi.
Då er det ekstra godt å bli satt pris på.



I dag har eg berre slappa av og kjent på at eg har ferie. Deilig!!!Eg har kosa meg innandørs. Ute er det Vestlandsregn! Eg reiser ikkje enda. På mandag kjem to kjekke jenter frå Bergen som eg er mormor til. Dei blir her ca ei veke. Yngste sønn og samboer kjem ein tur og. Koselig!

Den 4 juli drar vi på ferie ......... det er på vår vanlige " Rundt om i Europa- bilferie"- då stoppar vi der vi har lyst og kor lenge vi vil........ Vi har noen planar og vi skal prøva å komma oss til Istriahalvøya nord i Kroatia.......... Eg skal laga eit innlegg om det når det nærmar seg!

Den 2. august skal vi på ei ukes tur til Kreta (Platanias). Gubben skal jobba ei uke før vi drar dit, så vi får vel koma oss heim frå Europa-turen før det. Han har ikkje lærarferie, slik som meg.

No skal eg laga i stand marinert entrecôte med bakte poteter og salat til. Og rødvin! Kan det bli bedre?

Ha ei flott helg og deilig sommar !

Masse sommarklemmar fra meg!

mandag 16. juni 2008

Hagevandring ........

Det er sol og fint igjen.
Vil du vera med på ein runde i hagen ?
Her er nokre lupinar som er avblomstra, eg får ta og klippa dei av.

Gubben slo plenen i går, så den ser bra ut!


Hellegangen på nordsida av huset. Her veks det alltid mye ugras.


Eit par friesia-roser som må plukkast av. Vinranken til venstre veks som bare det.


Eg er spent på kva som kjem opp i denne firkanta krukka. Det er noen løkar frå Madeira.

Denne gullkorga står på ein skyggefull plass og har blomstra lenge. Eg har ei til som står midt i sola, den er avblomstra for lengst.

Eg likar godt denne purpuralunrota. Den blomstrar kjempelenge.


Her trur eg det trengs litt uttynning. Nelliken ser ut til å trivast her........


......... og her.


Denne krypjonsokkollen veks langs nokre lange trappetrinn på nordsida.

Takk for at du ville vera med meg i hagen min. Her trives eg godt. Det er fint å gå ut her og slappa av når hovudet er fullt av tankar etter ein travel arbeidsdag.

Ha ei fin veke alle saman!

onsdag 11. juni 2008

Regn betyr rydding .......og ny blomstring!

Her har vi hatt to dagar med regn og vind no. Då må ein nytta sjansen til å gjøra noe innandørs. Hylla som eg kjøpte i Bergen for ei stund sidan, har eg hengt opp på soverommet. Tror eg skal ha noen andre ting ståande og hengande på den, må prøva meg litt fram.........

I underetasjen har vi eit ekstra bad med badekar. Når skuldrene er høgt oppe er det godt å legga seg her!



Ny voksduk til bordet på verandaen. I ettermiddag har det vore opphaldsver, sola har til og med vist seg!
Eit bilde frå "kvilestaden" vår i Kvinnherad har sneke seg med også. Dette bildet er tatt i helga. Bare heilt deilig og avslappandes!

Denne ampelen heng i inngangen til huset vårt.


I ettermiddag oppdaga eg at rosene var sprunge ut! Treg?...... Det har jo regna sonn og da er ikkje eg ute lengre enn høgst nødvendig!! Men så såg eg ut vinduet at det var slutta og regna, og då........
Denne rosa heiter "Fresia" og luktar kjempegodt. Men den står ikkje så lenge.

Dette er klatrerosa mi "Flammentanz". Den når opp til vinduet i 2.etasje og blomstrar som berre det heile sommaren! Ja, det gjorde nok godt med litt regn på blomar og planter. Kanskje på folk og fe og, ikkje veit eg!

Ha ein fin dag..............og jammen er det snart helg igjen! Kos deg masse!


torsdag 5. juni 2008

MYE UTE, LITE INNE.......

Når det er berre eg og gubben, så sitte vi alltid her , nyte sola, freden og utsikten. Av og til kose vi oss med eit glass vin, eller ei iskald øl nå i varmen.

Planter i krukker og kar. Denne nellikplanta glemte eg ute i vinter og jammen meg har den ikkje overlevd. Får sjå om ho klarer å blomstra også.




No dei siste dagane når gradestokken har nærma seg 30 grader (27 i dag), så har eg søkt tilflukt i hagen under bjørka. Her er det skygge og fint å sitta å lesa eller strikka. Eg pleier å gjera begge deler om ein annan!!

Av og til må vi eta inne og. Jaja, må og må, men det blir nå sonn. Dette er kjøkkenbordet. Ikkje noe særlig utsikt her, rett i naboen sin levegg!

Litt forskjellige blomar frå hagen.


Brikke/gryteunderlag som eg kjøpte med meg frå Antibes i Provence i fjor sommar.

Har begynt å planlegga ferien. Egentlig ikkje så mye planlegging, vi bestiller båten over til Danmark og derfra tar vi det som det kommer. Vi overnatter der vi har lyst og på steder vi liker oss. Det er aldri problem å finne eit ledig hotellrom. Vi drar nok til Istriahalvøya i Kroatia i år. Har vert i Kroatia før, i Dubrovnik...... kjempeflott. Eg glede meg, men det er enda ein måned til vi drar. Kommer meir i seinare innlegg.
Ha ein flott dag. Håper alle får nyta godt av sol og varme!
Takk for alle koselige kommentarar, det er kjempekjekt!

søndag 1. juni 2008

PÅ TUR TIL.....

...................BARONIET i Rosendal
Ein fantastisk flott stad både ute og inne. Hagen har mange ulike sortar med tre og busker. Litt seinare på sommaren blømer rosene framfor heile Baroniet.

Porten inn til sjølve Baroniet




.....og til "Fossenes dal"

På ein strekning på 10km så finn du 5 flotte fossar (eigentlig 6 for denne fossen er jo to fossar!)





Ei flott og avslappande helg med strålande vær i fine omgivelsar, så no må eg vel vera godt rusta til å ta fatt på ei nye arbeidsveke.
Håpar at du og har fått lada batteriene.
Ha ei flott veke!