lørdag 23. august 2008

Inngang ......... utgang......

Vi har to små gangar i huset vårt, ein i hovedetasjen (oppe) og ein i underetasjen. Dette er gangen oppe. Det er den som blir brukt daglig. Under garderobestanga er det ei skohylle full av sko.


Fire høner ønsker velkommen til oss.



Denne henger ved siden av ytterdøra.


Foto og akvarellar frå nokre av dei stadene vi har besøkt i løpet av mange år. Motsatt vegg av garderoben.

Dette er frå gangen nede. Trappa går opp til stua.


Foto av ulike dørar.


Noen par sko står nede og.


Ei hektisk arbeidsveke er over. Det er alltid så mye som skal vera i boks dei første dagane. Derfor var det godt med helg no. Veret er kjempebra. Eg skal ut i hagen no, etter nettopp å ha sett Norge ta OL-gull i håndball. JIPPI !!!

Ha ei fin helg alle sammen !

tirsdag 12. august 2008

Klokker ..... tid ...... år som går........

I dag fekk vi denne orkidèen av foreldra mine. Vi har 31 års brylløpsdag. Hjelp!!! Kor e' åra blitt av?
Orkidè er kvinnenes blomst. Orkidè betyr mannsballe ( iflg. Finn Schjøll). Er det derfor den er kvinnenes blomst kanskje ?


Har tørka litt lavendel i fra hagen og satt inn i stua.

Nytt speil i gangen. Gangen er opp-pussingsprosjekt i høst, nye dører og maling.

På Kreta kjøpte eg denne duken til kjøkkenbordet. Ein kvit hotensia fekk bli med meg heim her ein dag. Blomane mine har lidd litt av at eg har farta rundt i heile sommar.


Eg likar denne typen broderi. Heiter det "engelsk broderi"?


Olivenolje frå Kreta. Vi var på tur til ein gedigen olivenlund.


Klokker har vi mange av i huset, likevel strekk ikke tida til !!


"Dei menneska som aldri har tid, får gjort minst".

"Tapt terreng kan ein alltid vinna tilbake, men aldri tapt tid " (Franklin D. Roosevelt)


Vekkerklokka ........... denne er stoppa........det er jo ferie litt til......


Over kjøkkenbenken.

Vel, eit innlegg om tid og litt interiør.

Ha ei fin veke!

mandag 11. august 2008

Kvardagen kallar ......

Lørdag kom eg heim igjen fra Hellas. Det var ei deilig veke. Full avslapping ...... vin i solnedgang!!
....... bading.....

Vi kosa oss masse. Utenom avslapping var vi til Knossos som eg syns var kjempefantastisk, men det må eg ha eit heilt innlegg for å fortelja om.

Mye god mat ............ no blir det nokre veker med vatn og salat!! Hehe!!

I helga har alle tre barna med samboarar og barn vert her. Fullt hus og stormande jubel og veldig kjekt at vi kan samlast alle sammen, det er ikkje så ofte for ingen bur på samme plass. I dag er huset tomt, gubben er begynt på jobb og alle dei andre har reist heim igjen. Eg har rydda og dilla.

Før eg reiste på alle desse feriane mine, så fann eg fram eit lite skap som mor mi hadde då ho var lita, og som både eg og dattera mi har hatt.

No er det blitt pussa og mala. Men eg veit ikkje heilt kor eg skal ha det. Det er berre 70 cm høgt.


Ellers så har eg eit stort framskap i stua. Det har ein gong vert trekvitt, men dei siste åra brunbeisa. Eg syns det blir veldig mørkt inni glass-skapene, derfor har eg mala hyllene der, så får vi sjå........

Sommaren 2008 har vert heilt kjempeflott, eg har kosa meg heile sommaren. Jippi!!!!

Då eg kom heim frå ferie låg det ein utmerkelse frå Sonja og venta på meg. Tusen takk for det. Eg skal nok senda den vidare, men eg må oppdatera meg litt først.

Eg startar på jobb på torsdag, så enda to fridagar!!!!!! Men no føler eg at batteriene er godt lada!

Fortsatt fin sommar ( den er ikkje slutt enda vel ? sjøl om det pøsregnar her)

fredag 1. august 2008

Lopper i blodet ...... eller .......??

No har eg vert heima i ei og ei halv veke og kosa meg i hagen............


.......og på verandaen.



Desse konglane plukka eg i Kroatia.

Så har eg vert to turar ut til campingvogna vår.

Fiksa litt på inngangspartiet ........ bært stein fra fjæra...........

............og så har eg bare sett utover fjorden på det som måtte reka forbi ........

Solnedgang og seine kveldar.

Litt shopping. Denne lampen fra Villa Collection kom eg over på vei gjennom Danmark .... til halv pris! Korga i bakgrunnen fekk vera med heim frå ferie også. Ellers så var eg ein tur til Husnes her ein dag, der kjøpte eg meg figuren i vinduet ( på Baronessa ..... der var mye fint!)......


........ og denne lysestaken ........

...... og ei ny vannkanne ....... det e' jo så tørt no !!!



Avsluttar med ein bukett "The Fairy" - roser frå hagen.

Så blir eg borte igjen ........ urolig?.....rastlaus?.......lopper i blodet? ......Mja, litt! I morra drar vi til Kreta, Platanias. Blir borte ei veke. Ha det så lenge! Kos dokke med sommaren!

Sommarklemmar fra meg.