søndag 29. januar 2012

Nytt kamera.

Etter ein del fram og tilbake, lesing av testar, spørring og masing, skal eg kjøpa det eller det  …. så har eg no fått eit nytt kamera i hus – Cannon EOS 500D.
Nå gjenstår å læra seg å bruka det. Bruksanvisning på 250 sider – eg les litt her og litt der, og så får det gå seg til med prøving og feiling.
015       016
 
Det er fine kalde vinterdagar her. Disse bildene er tatt med det gamle kameraet.
017       018
 
Ha ei flott, ny veke !

søndag 22. januar 2012

Vinterland.

 

Det kom litt snø her om dagen.        Så lyst og fint det vart.

003                    006

Det er snø på busker og trær i hagen. Til kvelden så skal eg tenne løkta.

004          007

I kveld har vi vert i  5 årsdag. Han fekk blant mykje anna denne gensaren som eg har strikka til han.

Gensar til Nikolai

Ha ei flott ny og ubrukt veke!!!

Klem !

fredag 20. januar 2012

GOD HELG !!!

Så var det brått fredag igjen.

Eg kjøpte meg  primula i dag, sjøl om eg veit at eg aldri får de til !  Det var så kleint med blomster her etter jul, bare noen julestjerner som eg tilfeldigvis lufta på verandaen her en dag . . .  og vips så var de dø !! (hihi!!)

002       003

Vi ser ut av kjøkkenvinduet her.

                         005                        004

Det har komt litt snø og det er lyst og fint ute.

008

Deilige fredag  -  blir litt kikking i diverse magasiner, god mat og vin, og så  må  eg strikka litt !

007

Og så må eg lesa i Provencebøkene mine. Vi har bestilt oss tur til Marseilles, som utgangspunkt til småturar rundt i området.

Gleder eg meg ? JA !!!

010

Og veit du ka ? Mens eg holdt på å skriva dette innlegget, så vart denne fine sinkkrukka med primulaer levert på døra med ønske om god helg!!

Eg blei så glad!!  It made my day!!!

HA EI  GOD HELG   du  også !

mandag 16. januar 2012

Stråmønster

 

Det er ikkje mye stråmønster eg har i huset! men nå etterlyser både Kathrines kreative hjørne og Anne på landet  bilder så her komme min ringe samling ! Den består av et fat

011

. . . .  og fem djupe fat

012

. . . . og ei mugge, som egentlig ikkje er det orntlige stråmønsteret , men eg syns den er kjempefin alikavel !!

JIPPI!!! Eg har begynt på jobb igjen i dag, sååå deilig å komme i gang , møte kollegaene og alle dei kjekke elevane mine!!

HA EI FLOTT VEKE !!!

fredag 13. januar 2012

Småglimt rundtom i huset.

I mangel på nye prosjekter, så viser eg i dag småglimt  rundtom i huset.

Ikkje noe spesielt, men det er slik eg har det.

002           003

007                014

011              008

010

Ønsker alle ei god og trivelig helg !!!

onsdag 11. januar 2012

Eit nyttig skap

Eg har eit ganske stort arbeidsrom som skal romme mange funksjoner – symaskin, garn, stoff  og utallige hobbysaker, datapult, skolesaker, eit ukjent antall permar med alle mulige greier inni, bøker og fotoalbum og mye meir. Da er det lurt å ha praktiske løysingar.

017         021

I høst ein gang kom eg over dette skapet på bruktbutikken. Det var ideelt for mitt bruk.  (Eg har ikkje bestemt meg om eg skal mala det eller ikkje.)

011                         Og kjempesmart med dør som gøymer rotet !! 

 Åååå, eg har så lyst å kjøpa meg nytt fotoapparat !!! Men eg veit ikkje kva slags type eg skal ha, det er jo ein jungel der ute!! (No har eg  Canon digital IXUS 75)  -  - - dette var ein digresjon !!

                                                                                                                      

023

Du har sikkert sett det før!!  Eg har dilla på boksar !! ( og de e’ jo så praktiske !! viss eg berre hugsar i kva for boks eg har kva !!)

020

Ja, eg har dilla på korger også !!!!

Formen er stigande og de kreative genene begynner å våkna til liv igjen – på tide !!

(Viss noen har tips om kamera, så tas det imot med stor glede !)

Ha fine januardagar !!!

Klem!!!!

mandag 9. januar 2012

Eit nytt og ubrukt år..........

 
Ei ny og ubrukt veke står framfor oss, ja, eit heilt år ligg der og ventar på å bli brukt !!
Mange ting rår ein ikkje med og det må bli som det blir,  men ein kan òg sjøl  i stor grad  bidra til mangt og mykje!
Meir enn ein kanskje trur.
 
Ha ei flott veke  og bruk den godt !
Klem!!

lørdag 7. januar 2012

Mariusmønster

 
I høst strikka eg dette teppet.  Eg har brukt  det gamle norske Mariusmønsteret. Opp gjennom åra har eg strikka fleire gensarar i dette  fine mønsteret. 
001 (2)                003
 
Men denne gang blei det eit teppe.
Eit teppe som eit lite barnebarn og hans foreldre fekk i julegave.
005                007
Så må eg si mange takk for alle dei hyggelege kommentarane no på nyåret og takk til dei som hjalp meg med å ordna skrifta på headeren min. Tusen takk, kjempebra!!
God helg !
 

torsdag 5. januar 2012

Det lysnar

 
Dagane er blitt lengre og lysare og formen blir sakte , men sikkert betre.
008             010
 
I dag lurte eg meg ut i hagen  med fotoapparatet (to uker siden eg har vert ute no!!).
013
Det var så fint og friskt og kvitt. Det kom snø i natt.
017

Ha fine januardager !!!