lørdag 28. april 2012

Ei langhelg er i gang !


Eg har kjøpt meg årets første pelargonia, klarte ikkje å venta lengre !!!

011

Men det er kald vind og kalde netter, så den og noen andre fekk bli med inn igjen  i ettermiddag.

Det er deilig med langhelg og nå får eg nyta godt av å ha arbeidd inn mandagen .

001              003

Til tross for at det er kaldt i dag, så har eg vert ute i hagen i mange timar, det er alltid noe å putla med.

002

Det er ingen store planar for denne helga, bortsett frå at eg er litt opptatt i morra.

005              006

Litt dilling inne har det blitt i dag også.

007          008

010

Nyt dagane  og ha ei flott helg !!

onsdag 25. april 2012

Det er min dag i dag !!


Eit lite avbrekk i den travle kvardagen  min . . . . . . .

litt god mat og litt besøk . . . . .

009

Ein ny fin kopp . . .

Det er alltid kjekt å ha bursdag !!  Ha ein fin kveld !

mandag 23. april 2012

Små glimt rundt i huset


Ein rask fotorunde rundt i huset og ei lita fristund ved PC’n før andre oppgåver kallar på meg.

009        010

Ei ny og travel veke er starta, men i andre enden ventar ei lang og god helg !!! 

006                       008

Litt regn i dag, så det blir ikkje noe hagearbeid, men nok av saker å ta fatt på inne !

004

    - “ Etter regn kommer sol”-

Ha ei god veke !

lørdag 21. april 2012

Vår i hagen


Deilig med helg og deilig med vår.

Nå viser ikkje temperaturen stort meir enn 12 grader og det er litt kald vind. Men det er sol og det blømer  !!

          002        

002 (7)

 

005

Her er rota av ein blåeiner som vi hogg ned for et par år sidan.

002

Eg måtte kjøpa noen stemorsblomster i dag. Det lyser fint opp ved inngangsdøra.

Ha ei fortsatt fin helg !

tirsdag 17. april 2012

Ein deilig ettermiddag i hagen

Eg bare føyk ut i hagen i dag etter jobb, det var så fint og sola skein !!! 

Og aubretiaen var begynt å bløma ……. eg elskar den planta !!! Med sine blålilla små blomar lyser den opp mot muren i inngangspartiet.

001

Og så er det komt knoppar på gullkorga. Som små soler når dei spring ut !!

002

Eg var på gartneriet på lørdag og kjøpte litt nytt, gler meg til det kjem opp.

Tusen takk for alle dei fine kommentarane på forrige innlegg.

Ha ein flott dag!!

søndag 15. april 2012

Ferdig i tide !!!

Eg blei faktisk ferdig i god tid. Men så har eg sydd som bare det  i heile vinter også. Så nå har barnebarnkonfirmanten min Hardangerbunad til den store dagen.

002 (2)   008

Ja, nå har jo ikkje eg sydd heile bunaden då!!  Eg har sydd forkleet og skjorta og hardangersaumen som høyrer til desse to. Det har gått litt seint for det er smått og synet mitt er ikkje laga for dette !!

009 

Bunadsskjorte har eg aldri sydd før, så det var spennande !! Den blei nå bra om eg så skal si det sjøl !!!

002       007

Vesten får ho også av meg, den hadde eg til min konfirmasjon. Eg fekk meg nye vest for noen år siden.

020      022

Mor mi (oldemor til til konfirmanten )har perlesydd beltet og bringkluten. Ikkje verst…ho er 84 år !!

005

Skjørtet er bestillt.

Og så måtte jo jenta få bordkort også. Ho har bestemt farge og skrift, og så har eg laga dei.

001      003

Det er sååååå deilig å vera ferdig med dette!!! Og eg  gler meg til festen og til å sjå ho i bunaden

Eg har vert LITT i hagen i dag, kjøpte ein kvit peon, ei kvit rose  og ein hosta som eg har spadd ned.

Ha ein fortsatt fin søndag!

torsdag 12. april 2012

Velger eg meg april ???

Jeg velger meg april !

I den det gamle faller,

i den det ny får feste;

det volder litt rabalder,-

dog fred er ei det beste,

men at man noget vil.

001      007

Jeg velger meg april,

fordi den stormer, feier,

fordi den smiler, smelter,

fordi den evner eier,

fordi den krefter velter,-

i den blir somren til !

002

Ja, slik sa Bjørnstjerne Bjørnson det  i 1866 da dette diktet blei utgitt. Og slik kan man vel si det i dag òg ?

006        004

Etter ein deilig påskeferie føltes det som å bli kasta til ulvane, tygd og spytta ut igjen berre etter tre dagar på jobb.

Det var då eg begynte å lura på om april var noko for meg.

009

April er  all slags ver, når du nett har planta i krukker og kar så blir det frost og du må ut bæra alle krukkene inn i stova.

008

Det er alltid så innmari travelt på jobb, i tillegg til alt det vanlege så er det førebuing til og samtale med tjue foreldrepar. Skriving av planar, rapportar og møte, møte, møte med utallige instansar.

Meterlange hugselister…… det så ein misser pusten !!

005

Hagen ropar på deg og du prøver å vera ute og inne på same tid. Bunaden må syns ut og inn . Bursdagskakebaking (som eg er så dårlig på), og i år er det både konfirmasjon og jubileum !!!!

Velger eg meg april ???? Ja, eg gjør faktisk det !!!

003

 Og i dag kjøpte eg dette drivhuset og ein Corocia Cotoneaster til meg sjøl fordi eg  fortjente det.

“Vend ansiktet mot solen, så ser du ikke skyggene”

Ha ein fin kveld!

mandag 9. april 2012

Siste påskedagen.

Siste påskedag er allerede her. Det er litt ruskete ute, så det har foreløbig vert ein innedag.

007     011

Litt omflytting på saker og ting. Det skjer både titt og ofte i dette huset . . . . . . .

014                 015

. . . . . . og eg syns det er kjekt å flytte rundt på ting, se tingene fra andre vinklar og i andre sammensetningar . . . . . .  det er nesten som å ha fått noe nytt !!!

012             013

Eg glemte å ta noe før-bilde, men sonn har eg det iallfall no.

Ellers så har eg vert opptatt med å sy . . . . . . .

006

. . . . .  bunadsskjorte til barnebarnkonfirmanten min. I dag  ble armane ferdige, men har ein del igjen enda (så eg er ikkje arbeidslaus !)

010 (4)

Og nå er det så MYE eg har lyst til å holda på med !!!!

Nyt siste påskedagen !!!