Her komme fortsettelsen av ferieturen vår i Europa. Det blir sjølvsagt bare noen små smakebitar, det var mange bilder å velga mellom......
Dei første bildene er fra Goslar i Tyskland. Her budde vi både når vi reiste sørover og på vei heim att.Gamlebyen i Goslar er eit syn vert og vi stoppar alltid her når vi reiser gjennom Tyskland.
Det er utruleg mange flotte bindingsverkshus her.Vi budde her på Gästhaus Schmitz. Kjempekoselig og fint og det ligg midt i gamlebyen.
På rådhusplassen er det klokkespill kvar 3.time.
Dette er ein annan by i Tyskland som vi likar oss godt i -- Dinkelsbühl. Gamlebyen er omgitt av ein bymur med fleire tårn og husene er flotte og velstelte.
Lengre sør i Tyskland. Her er det ein annan type hus enn lengre nord der bindingsverkshusa dominerar. Dette er i Garmish-Partenkirchen. Utruleg flotte maleri dekorerer husene.
Her budde vi med utsyn mot Dolomittane (østlege del av Alpene) Dette er i Østerrike.
Tur i 2000m høgde med utsikt mot Dolomittane (her er vi i Italia). Det var kjempeflott å gå. Det merkast litt at ein er høgt oppe, men samtidig så virkar det ikkje så høgt til fjells. Her er tregrensa på ca 1900 meter og det er jo atskillig høgare enn i Norge.
Kyr på beite i høgden.
Avsluttar med dette bildet frå turen vår og lar det vera eit teikn på ein på alle måtar vellukka ferie. Dette blei visst meir ein reiseblogg enn ein interiørblogg, men eg lovar å koma sterkare tilbake med interiør når hausten nærmar seg.
Då eg kom heim frå ferie låg det ein award frå Minime (Saligrot) og venta på meg. Den blei eg kjempeglad for. Eg skal senda den vidare, men det er litt hektisk her akkurat no, men det kjem....
Fortsatt kjempegod sommar til alle.