lørdag 29. januar 2011

...... ennå er det vinter .......

Eg lurer på åssen denne hagen vil se ut under snø og is. Og det er bare å konstatere at det er lenge til våren .......

I mellomtida så får man kosa seg inne. Dette bordet har blitt kvitt i det siste (det var svart før)

Kvit hortensia er komt i hus og potta er malt kvit også.

Kvistar er plukka inn fra bjørka i hagen.
Da er det bare å nyte helga som best man kan.
GOD HELG !!!

torsdag 27. januar 2011

Ein vakker arv.

Mannen har vært i Alta noen dager nå i forbindelse med sin fars begravelse. Han kom igjen i går kveld.

I bagasjen hadde han med seg denne vakre Bibelen. Det er en arv fra far til eldste sønn, og skal gå videre til vår eldste sønn.

Bibelen er fra 1860, så vakker, så vakker.....

.......... så utrolig flott å få føre denne videre.........

Den skal få en fin plass her i stua.

En finsk Bibel og et nytestamente på finsk fikk vi også. En vakker arv fra en flott mann som eg dessverre ikkje fikk lære å kjenne.

Ha ein fin torsdagskveld.

fredag 21. januar 2011

Nyt fredagen !

Her er yndlingsplassen min i stua.
Eg sit i den eine enden, og strikketøy og interiørblad har plass i den andre.


Fredag igjen ...... å som eg nyt denne dagen!!!! God mat og god vin i kveld, og det blir nok TV-titting og strikking også.

Etter å ha tråla rundt etter nytt strikkeprosjekt i eit par dagar nå, så begynte eg i går på ein sid vest til meg sjøl. Veit sonn halvveis åssen eg vil ha den ...... så får vi nå se om den blir slik !

Ha ein deilig fredagskveld, slapp av og nyt !

" Aldri faller det meg inn å tenke på enden. Øyeblikket nyter jeg." (Henrik Ibsen)

søndag 16. januar 2011

Innedag ......

Dette er stua mi. Det er ei vinkelstue som i løpet av mange år har blitt møbelert på mange måtar.

Dette skapet teikna eg for mange år siden og fekk ein snekkar i Telemark til å laga det. Før det blei kvitt har det vert både brunbeisa og trekvitt!

I stua har vi trapp ned i underetasjen til soverommene.


Dette er egentlig ein stålampe, men den er blitt stativ for løkt istedenfor...ute på verandaen om sommaren og inne i stua om vinteren.

Speilet heng i hjørnet ved sofakroken.

Zinkskapet som eg kjøpte hos Lunehjem i Tønsberg i sommar.

I dag er det utrivelig her. Det rasar i fjellsidene og vegar er stengde. Det har regna sidan i går, så det er stor fare for nye ras. Eg likar det ikkje.

Eg har tilbrakt mye av tida i sofaen i dag, sett utav vinduet, strikka ferdig sengeteppet (du får se det når eg har lagt det på senga i hytta ..... men dit er veien stengd nå!) og .......

.......... sett på TV.
Det går ikkje an å gå ut. Det er spinnglatt, vatn oppå is alle steder...... nyttar ikkje å strø, sanden renn bare vekk. Blir spennande om eg kjem meg på jobb i morra !!
Inntil vidare er eg innandørs !!!
Ha ein fin søndagskveld!

fredag 14. januar 2011

MUGGER

Det er utfordringer i Blogglandia for tida og denne handler om mugger.
Eg har mange diller og ei av de er mugger. Denne kommer fra et loppemarked i Moseldalen i Tyskland.


Disse to har plassen sin oppå hylla over stuevinduene, de er kjøpt i Gøteborg.

Denne kvite er ganske ny ........ eg måtte bare ha den !

Den blå har eg kjøpt på Bærums Verk for mange år siden og den blå og kvite kommer fra den lokale bruktbutikken her.

Den lysegrønne har eg fått av mor mi, eg har også eit likedan sausnebb. De er gamle.
Mugga med blomster på, vann eg ein gang eg var med bestemor mi på utlodning. Eg var ca 5 år og syns vel ikkje premien var noe særlig då !!

Eg har noen slike glassmugger også, denne har fått noen tulipanar nedi seg.
Lyset begynte å bli så dårlig nå, så det får holde med desse muggene.

Nå skal fredagskvelden nytes..............................
Ha ein flott kveld du også og god helg!

onsdag 12. januar 2011

No e' eg lei vinterføret !!!!!!

Her forsvinn dagane jammen meg fort. Det er på ein måte bare ein ting som gjelder for tida, det er å komma seg til jobb og heim igjen med livet i behold !!!!

Bakkane er spinnglatte enten du går eller køyrer. Det har vert glatt i snart ein måned, så kom det to dagar med masse snø,regn og slaps, og i dag er alt frøse til iskular og isskavlar ........ jaja....hur det går !!!

I gangen har det blitt ståande et kjøkkenbord siden jul. Da brukte eg det som tilleggsbord til spisebordet .....det var mange som skulle ha mat...! Men så havna både det eine og det andre oppå det......

........ og no har eg ordna litt og bestemt meg for at her kan jo bordet bare stå. Det er tross alt bare 30 cm breitt når klaffane er nede.

Eg har jo dilla på boksar i alle størrelser ....men de er jo fine til oppbevaring også.....!!

Ha ein flott kveld.
Eg skal ikkje utfor ei dør !!! Sko med broddar står klar til i morra tidlig og gjett om eg lengtar etter våren da !!!!!!!!!!!?

Klem !

søndag 9. januar 2011

Søndagssysler

Etter fleire dagar med snøvær, så regnar det i dag og snøen søkk sammen. Eg driv på innendørs og flytte rundt på ting !!!!

Lysestake og diverse anna tok eg med ut i regnet for å fotografere....... naboene trodde sikkert at eg var begynt å bli rar !!!!!

Nå når alt julepynten er rydda vekk, så er det kjekt å finne på noe nytt, bytte om på ting eller rote fram noe eg hadde glemt at eg hadde...!

Eg ser iallfall at huset treng noen nye blomster ........ kanskje ein kvit hortensia i steden for disse tørka.

Innimellom rydding og dilling så må eg jo se på sport også (litt sportsgal!), men det går fint an å kombinera!
Ha ein flott søndag !!

tirsdag 4. januar 2011

SENGETEPPE

Nå er eg snart ferdig med sengeteppet som eg har strikka på i høst. Manglar ca 10 lappar så passar det til dobbelsenga på hytta.

Dette teppet strikkar eg i tjukt ullgarn. Eg har strikka/hekla to slike teppe før også, men dei var i bomull og mye mindre.

Lappane er for det meste i ecru/kvit-nyansar med ein og annan lysbrun eller lysgrå lapp innimellom.

Det er eit greitt håndarbeid, eg strikkar ein lapp no og ein lapp då, så blir det til slutt eit teppe !

På dette sengeteppet fann eg ut at eg skulle hekla ei bord som eg skal sy på langs kanten. Det tar litt tid ja, for den må vera minst 9 meter lang !!!!! (er komt vel halvveis)

Eg skal laga et innlegg når teppet ligger ferdig på senga (når tid det måtte bli !!)
Ha ein flott kveld ........ eg skal hekla !

søndag 2. januar 2011

Gamle strikkemønster

I dag har eg funne fram ei gammal bok med mange fine, gamle, norske strikkemønster. Her eit mønster på vottar .......

.......men eg hadde meir bruk for sokkar.

Så derfor tilpassa eg mønsteret til sokkar og brukte mørk bunnfarge i stedet for lys.

Eg brukte garnet pt5 sport, det er ganske slitesterkt og kan dessutan vaskast i maskin.

Og vips, der var ein sokk ferdig, den andre skal eg strikka i kveld. Nå skal eg rydda vekk julepynten!
Ha ein flott søndag! ...... i morra er det jobb igjen !
Klemmer...