Det har vert ei fin helg - ja ikkje værmessig, men ellers ! Vi har vert ein tur i Haugesund til yngste sønn som nettopp har flytta dit med familie. Kjekt å få de litt nærmare.
Ellers så har eg vert ein tur på landstedet i dag (skulle vel sagt hytta, men det er liksom ikkje ei hytte, heller eit hus).
Det er ein del rognetrær rundt omkring, så eg har plukka inn noen greiner. Eg syns at rogn er så flott ! Ei lita gran vokse rett utfor husveggen.
Det er mye skog rundt, så den store utsikten har vi ikkje. Men vi har jo kjempeflott utsikt både heime og fra campingvogna ( så vi får vera fornøyd med det !!)
Eg klør i fingrane etter å setta i gang med ulike prosjekt, men får ta litt og litt. Det er kanskje det beste, eg har jo nett fått stedet! Men denne brune veggen på kjøkkenet skal eg iallfall mala lys. Det grønne er eit lite gammalt bord med skuff i.
I gangen har eg satt denne stolen, den mangla sete, men eg fann eit lokk som eg la på. Kista er full av klær.
Det fins stolar i mange fasongar og størrelsar. Den eine har lokk og står inne på doen, den andre fungerer som nattbord på eit av soveromma.
Eg fann noen kassar i bua da eg rydda i dag. Dei skal få koma inn i huset når eg har vaska dei.
Kjøkkenskapa er blå med kvite dørar. Eg fann også eit lite fint brett som eg hang opp på veggen.
På ytterveggen heng desse to stigane og denne "kassen" fann eg ute ...får sjå ka eg skal bruka den til.
No må eg gå og se om det blir gull til Norge i spyd!
Nyt resten av søndagen og ha ei fin veke !!