Nå har eg vert fire dagar i Roma …….. ein fantastisk flott start på påsken ! Herlige Roma med alle sine historiske godbitar. Kor du enn går i Roma blir du minna om byen si storhetstid.
Eit ordtak seier at Roma vart ikkje bygd på ein dag, og når du går i gatene så ser du at Roma vart ikkje gravd opp igjen på ein dag heller. Roma er bygd lag på lag. Overalt blir du minna på historia.
I ruinane av Forum Romanum blir du ført langt tilbake i tid – imponerande mengder ruiner etter tempel, og bygningar der den romerske makteliten holdt til.
Det enorme Colosseum som vart bygd av jødiske slavar ca 70 e.Kr. Her vart det bl.a. arrangert gladiatorkampar.
Heftig trafikk , men også herlige og rolige oaser. Smale gater, fine parkar og så i neste øyeblikk nye overraskelser, slik som Piazza Navona med barokkfontenene sine og Fontana di Trevi, for ikkje å snakka om Pantheon “tempelet for alle gudar”.
Stort var det også å stå på Petersplassen på palmesøndag, og bare ta atmosfæren inn over seg.
Eg har vert i Roma før og fått med meg det meste, denne gang dro vi til noen av stedene vi hadde vert før og på noen nye. Ellers så var det bare å nyta våren, stemningen, folkelivet, den gode maten og den deilige vinen …….. traska rundt og nyta livet og ha flotte dagar !!!
Fortsatt god påske !!
(Det komme nok noen fleire bilder fra Roma, men akkurat no har eg mange påskegjester som må få litt oppmerksomhet !!)