I dag tidlig kl. 8.30 starta vi, 80 sjetteklassingar og 5 lærarar på den årlige høstturen. Det var mildt og fint ver.
Og som vanleg så er det berre ein retning å gå i her, og det er oppover.
Det var deilig for mange svette ungar og vaksne å gå forbi denne fossen og bli litt våte i fjeset og håret.
Og endå meir oppover og oppover. Men elevane er flinke og går på, for på toppen ventar eit fiskevatn. Bregner på ein våt bergnabbe. Ein flugesopp som vi ikkje plukka.
Ein vanndam som vi hoppa over. Det regna ein del i går.
Mosekledde steinar - grønt og fint !
Utsikta kan ingen klaga på ! Trea er grønne, ingen haustfargar her endå.
Nesten oppe .......... Her er vi på toppen. Løypestrengen var mykje i bruk den tid stølen her var i drift. No er det eit par hytter her og den vert brukt til å frakta ting og tang med.
Så var vi oppe. Bak stølen ligg eit lite vatn. Her fiska vi, leita etter smådyr, spiste nista vår, slappa av og kosa oss. Eg hadde tatt mange bilder herfra og, men det var litt mange elevar på dei, og det har eg ikkje lyst til å legga ut. Vi fekk ein del små ørret og det var stor stas.
Så bar det nedover att same vegen som opp. Ungane sprang, men eg syns nesten det er verre å gå bratt nedover enn oppover. I allefall, vi har hatt ein kjempefin dag.
Då eg kom heim i 15.30-tida låg det ein fin award frå Liven og venta på meg. Tusen takk!
Og i morra er det fredag, ha ei trivelig helg!