Lørdag kom eg heim igjen fra Hellas. Det var ei deilig veke. Full avslapping ...... vin i solnedgang!!
....... bading.....
Vi kosa oss masse. Utenom avslapping var vi til Knossos som eg syns var kjempefantastisk, men det må eg ha eit heilt innlegg for å fortelja om. Mye god mat ............ no blir det nokre veker med vatn og salat!! Hehe!!
I helga har alle tre barna med samboarar og barn vert her. Fullt hus og stormande jubel og veldig kjekt at vi kan samlast alle sammen, det er ikkje så ofte for ingen bur på samme plass. I dag er huset tomt, gubben er begynt på jobb og alle dei andre har reist heim igjen. Eg har rydda og dilla.
Før eg reiste på alle desse feriane mine, så fann eg fram eit lite skap som mor mi hadde då ho var lita, og som både eg og dattera mi har hatt.
No er det blitt pussa og mala. Men eg veit ikkje heilt kor eg skal ha det. Det er berre 70 cm høgt.
Ellers så har eg eit stort framskap i stua. Det har ein gong vert trekvitt, men dei siste åra brunbeisa. Eg syns det blir veldig mørkt inni glass-skapene, derfor har eg mala hyllene der, så får vi sjå........
Sommaren 2008 har vert heilt kjempeflott, eg har kosa meg heile sommaren. Jippi!!!!
Då eg kom heim frå ferie låg det ein utmerkelse frå Sonja og venta på meg. Tusen takk for det. Eg skal nok senda den vidare, men eg må oppdatera meg litt først.
Eg startar på jobb på torsdag, så enda to fridagar!!!!!! Men no føler eg at batteriene er godt lada!
Fortsatt fin sommar ( den er ikkje slutt enda vel ? sjøl om det pøsregnar her)