Eg var litt uttafor i går etter å ha blitt sjukemeldt med altfor høg puls. Fekk ordre om å gå heim og bare gjøra det eg hadde lyst til og ikkje tenka jobb. Vanskelig .......! Kom meg omsider heim etter gode samtalar med gode kolleger. Innsåg at no måtte eg høra på legen.Eg innrømme at det var litt godt å vakna i dag tidleg (rett nok til vanleg tid!!) og vita at eg ikkje skulle på jobb (men eg like meg jo så godt på jobb .....!!! - motstridande følelsar)
Sat lenge ved frukostbordet og bladde og las i interiørbladene mine.
Litt seinare på dagen dro eg på biblioteket og lånte desse bøkene. Gert Nygårdshaug er ein av mine yndlingsforfattarar. Dette er einaste boka eg ikkje har lese av han, den er ny i år. Dei to andre forfattarane er ukjente for meg, så det blir ei ny oppleving.
Elles så har eg begynt på "Blånisselue" til eit lite barnebarn. Den skal tovast i maskin etterpå, så den blir mindre.
På lørdag var eg ein tur til Husnes og Rosendal på shopping. Skulle egentlig kjøpa julegaver, men det blei ein del til meg sjøl òg (i tilfelle eg ikkje får noe til jul !! - hehe !!-)Dette fruktfatet ( eg har iallfall frukt i det !) måtte eg ha med meg heim, .........
........desse to hjertene også ......
...........også denne lysestaken med plass til lys i skuffa under, kunne nå ikkje eg motstå!!!
På "Baronessa" på Husnes hadde dei dette bildet. Det er julegave til meg sjøl fra førjulsnissen !!!!! Eg likar godt slike tåkebilder. (det er ikkje sol i venstre hjørnet, bare blitsen !! ---alltid blir det sonn når eg fotograferer !!---Eg prøver å ta det med ro, det er ikkje lett!!
Ha ein fin dag !