fredag 23. desember 2011
GOD JUL !!
tirsdag 20. desember 2011
Juleduken.
lørdag 17. desember 2011
Juletreet er pynta.
Pakkane er komne på plass òg. Nokre av dei.
Ute på verandaen har dette treet fått plass i eit stort gammalt mjølkespann.
Eg ønsker alle ei fin og trivelig førjulshelg !!
KLEM !!
fredag 16. desember 2011
JULETREHOGST
Det er fint å ha ein eigen furuskog på hytta. I dag har vi vert der og hogd ned fleire juletre.
Dei får stå i carporten og tina til i morgon. Då blir dei tatt inn i varmen og pynta.
Det er stas i stua når det er gjort.
Ha ein fin fredagskveld. Klem.
søndag 11. desember 2011
Stemningen kommer seg ....
Enda ei helg er snart over. Og eg har brukt den bra . . . . slappa av og kjent at det var godt i ei travel tid. Har pakka inn dei gavene som skal sendast og skrive ein del julekort.
Eg har kjøpt inn litt kaker og lefser frå eit julemarked (eg er jo så dårleg til å baka sjøl !!). Dei siste julepresangane (nesten !!) er òg i boks, det blei ein tur til Husnes i helga og der finn eg alltid noe fint hos Baronessa.
Men huset er utrolig rotete for eg holder jo på med saker og ting overalt ... . . . og så må eg jo hugse på å slappa av innimellom.
Ha ei flott ny veke!
onsdag 7. desember 2011
Papirarbeid
Eg har hatt opprydning i papirsamlingen og julekort er blitt laga og små boksar er kledd med fint papir.
Ein gammal kakeboks har fått nytt liv !! ( det er samme farge på både boks og lokk . .. fargen på boksen er den rette)
Og enda eit par julebøker er blitt laga .
(Den er kjekk den nye “Bind-it-all maskina mi!)
Ha fine dagar !!!
tirsdag 6. desember 2011
lørdag 3. desember 2011
Litt julestemning - INNE !
Eg bruker alltid å pynte huset tidlig til jul. I år har det vert litt tregt. Det skyldes nok mangel på vintervær, for når varmegradene er mange og med store mengder regn og vind, så uteblir julestemningen.
Men i går starta eg litt ….
Sviblar og kvite tulipanar . . . . . . . . . nye og gamle julekuler . . .
. . hjerter i kjøkkenvinduet . . . . . . og krans på gangdøra
Nissen og nissemor på fast plass i gyngestolen. . .
. . . og til slutt langenissen
som ønsker alle ei flott helg !
tirsdag 29. november 2011
Julesokkar
I allefall gjorde eg det på søndag.
No er dei fleste vegar åpna att .. . . . . så lenge det varer.
Ha ei flott veke !!
lørdag 26. november 2011
Klar til advent !
Så kan 1. søndag i advent bare komme !! Adventslysene er på plass!
Riktignok så fant eg ikkje tallene . . . de 4 zinktallene mine, men eg hadde noen andre som får gjøre nytten så lenge.
I går dro vi på hytta. Der er det lett å slappe av.
Det var det viktigste, men eg skulle også sanke mose og ta med heim små furustiklinger. Alle deler ble gjort . . . . . . sjøl om det blåste og hagla som bare det !
Vi dro heim igjen i dag, så i ettermiddag har eg pynta noen svibler og mange små furuer er komt på plass i Norgesglass og andre glas.
Nå tilbringes kvelden foran Tv med et par strikketøy !!!
Nyt helga og hugs å ta ein pust i bakken !
søndag 20. november 2011
Småputling
Noen fleire strikkekuler er blitt laga.
Dei er raske å strikka og etterpå er det bare å fylle dei med vatt eller ull.
Ei strikkepute er snart ferdig også. Ypperleg TV-arbeid.
Eg har kjøpt meg eit smart verktøy
Med dette kan eg setta spiral i ryggen på småbøker som eg lagar. Har noen bøker i produksjon.
To små fat som eg kjøpte på loppis ein dag.
Her har det vert ei rolig helg aleine. Eg har for det meste slappa av. Og helga har gått fort, så i morra er det atter ein ny og travel arbeidsdag.
HA EI FIN VEKE !!!
mandag 14. november 2011
Gamle former, strikkepinner og garn.
Desse gamle, flotte kakeformene har eg fått av ei god venninne.
Det er mørke kveldar no og garn og strikkepinnar er flittig i bruk.
Nye vottar til vinteren. “Bellavotten” finn du oppskrift på her (www.strikkeoppskrift.com/bellas-mittens-bellas-votter)
Til eit av barnebarna har eg strikka denne dressen i ull og alpakka.
Ha ei fin veke !!!!!!