skip to main |
skip to sidebar
I dag har det vore skikkelig høstregn. Det striregnar ute og trea er tunge av eple.
Denne eplehagen går eg gjennom på veg til jobb. Den er flott til alle årstider.
Helga er her, klar for å nytast. God mat og god vin, og alt er berre godt !!
God helg til deg òg !
Klem fra Sigfrid.
Som sikkert mange har fått med seg, så er eg glad i å reisa, oppleva nye stader, men og reisa tilbake til stader eg likar.
Eg har reist i mange år og etter kvart har eg besøkt 47 land. Men eg likar godt å feriera i Norge også, har vert i alle fylkene, og landet vårt har utruleg mykje fint å by på.
På tirsdag leverte vi barnebarn i Bergen og om ettermiddagen sette vi kursen mot Ålesund.
Vi måtte ha ei overnatting underveis. Her er vi ved enden av Jølstravatnet. Sjå kor fint det er !!!
Å køyra i Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal er ei naturoppleving utanom det vanlege. Ut og inn fjordar omgitt av vakre høge fjell.
Det er ikkje berre bilar på vegane heller, denne gjengen møtte vi i Våtedalen.
ÅLESUND .. ein fasinerande by med ei dramatisk historie. Etter den store bybrannen i 1904, vart byen bygd opp igjen i jugendstil med tårn, spir og flotte utsmykningar.
Det var utruleg mange flotte bygningar.
Øverst på bildet ser du byfjellet Aksla, dit gjekk vi ......
.......oppover og oppover ......
...... heile 418 trappetrinn .......
Og du verden for ein utsikt då vi sto der aleine på toppen klokka ni om morningen !!
Vi besøkte Atlanterhavsparken også. Flott!! spesielt beliggenheten. (Men Akvariet i Bergen er bedre, syns eg ). Ellers så koste vi oss i byen. Det blei ørlite shopping også.
Og solnedgangen var eit nydelig syn. Vi var i byen i to dagar, så reiste vi heim igjen med mange nye inntrykk og hyggelige minne !
Ha ei flott veke !!
Klem fra Sigfrid