søndag 30. mai 2010

Avslapningshelg !!!

Her har eg tilbrakt helga !!! Deilig, deilig !! Bare sitta å sjå på fjorden og hekla litt, lesa litt, strikka litt ....luksus !!

Det er godt å kvila augene på denne utsikta som vi har fra campingvognterrassen vår.

Ja, eg bevega meg ein liten tur ned i fjøresteinane også !

Blankskurte svaberg !

Litt tidlig for bading , det er første skikkelig varme helga !

Men det passar alltid med eit glass vin !

Gubben er grillsjef, så eg ventar bare på maten !

Solnedgangar er alltid flott !!

Cruiseskip i solnedgang !!

Det er godt med slike helger, godt å få litt ekstra energi.
Ha ei flott veke !!

torsdag 27. mai 2010

Når det blomstrer i Hardanger ........

.......ja, da er det flott !! I dag blomstrar epletreet mitt, det er ein fin dag, sol og litt varme.

Og eg har hatt tid til å sitta litt ute på verandaen og nyta det vakre synet.

Eg måtte klippa av noen greiner av epletreet og setta dei i vatn, slik at eg kunne sjå dei her og.

Blomen er nydeleg !!

Eg trur eg må ta meg ein blomstringstur i helga.

Aubretiaen er nydelig no. Den veks i ei av dei murte hyllene ved inngangen vår.

Vi har ein del murte avsatsar i ein skråning i hagen også.

Ha ein flott dag !

tirsdag 18. mai 2010

Eit lite reisebrev fra Provence.

Vil du bli med ?? Eg har hatt ei kjempefin veke i Provence. Det er dette som er rekreasjon for meg.

Vi budde på hotel Albert 1ere midt i Nice( øverste balkong nr. 2 fra venstre !!) og dette var utgangspunktet vårt. Vi reiste sammen med min bror og svigerinne.

Litt shopping blei det på oss også, og mye inspirasjon.



Veret var varmt og fint og fontenene på Massenaplassen (rett ved hotellet) var flotte som alltid.

Litt trimming opp på høgden for å nyta utsikten.

Markedet i gamlebyen har mye å by på, og i gamlebyen er det koselig både å shoppa og eta.

Ein dag tok vi bussen til St.Paul de Vence og Vence litt nord for Nice.

Koselige små byar som vi har besøkt mange ganger, men denne ganen var eg guide for min bror.... kjekt det og !

Lunch må man ha. Middag spiste vi om kvelden. Mye nydelig mat.

Ein annan dag tok vi bussen til Menton. Den byen ligg øst for Nice og Monaco og har ein kjempeflott gamleby.

Nice er eit flott utgangspunkt for besøk rundt omkring, bussar går i allle retningar og dei går ofte og dei er billige: 1Euro enten du skal kort eller langt !!

I Menton hadde vi ikkje vert før, så det var eit nytt og koselig bekjentskap. "Da Eva ble fordrevet fra Paradis, sies det at hun hadde en sitron i hånden. Denne skulle plantes på det vakreste stedet på Jorden, og det ble Menton." (dette las eg før vi dro !)


Eg likar meg her ned i Provence: fargane, lyset, atmosfæren, havet, steinhusa, steintrappene, vindusskoddene, blomane .......
Det er balsam for sjela ....... iallfall for mi sjel !!!

Dette var litt bilder fra turen til Provence. På heimvegen stoppa vi i Amsterdam, men det får eg fortelja om ein annan dag.
Ha ei fin veke !!

mandag 17. mai 2010

Eg er så glad for at eg har bunad.

Ja, eg er glad for at eg har bunad. Hardangerbunaden min fekk eg då eg vart konfirmert. Noko var gammalt og arva og noko var sydd til meg.(eg har fått sydd meg ny vest sidan det, elles er alt som før !)

Den vevde bringkluten og beltet har besto mi hatt og hardangersaumen på skjorta har ho sydd i tynn lin. Det er stor stas for meg å tenka på at det er besta som har laga dette.

Denne fine halssølja har eg også arva frå henne.

Hardangersaum-borda på forkleet har også besta sydd til meg. At ho greidde å sy i så tynt stoff og med så tynn tråd, er utruleg. Og eg er kjempestolt over å eiga dette forkleet.

Det vart litt grøne lauv på bjørka til 17.mai i år også.

Dagen i dag har vert fin med dei vanlege familietradisjonane sjøl om veret ikkje har vist seg frå si beste side. Håpar du og har hatt ein fin dag !
No er bunaden skifta ut med dongeri og genser !!
Ønsker deg fine vårdagar no framover !

lørdag 15. mai 2010

E g e r t i l b a k e !!

Eg er tilbake etter deilige dagar i Nice. Den første dagen var det litt hustrig, men så blei veret bare bedre og bedre ..........., men uansett: å sjå Middelhavet er deilig og energigivande for meg!!!

Og utsynet fra balkongen gjør noe med ein, her ser eg ned på Massenaplassen i Nice.

Kom heim i kveld, utkvilt, glad og brun !
Det er så godt å få slike avbrekk fra ein hektisk kvardag, ....... og enda så er det to dagar til før jobben kallar.

Eg skal visa fleire bilder fra turen ....dette blei bare eit raskt innlegg.
GOD HELG !

onsdag 5. mai 2010

VERANDA

Vi har hatt litt ekstra jobbing med verandaen i år, vi har lagt nytt golv og utvida den litt i eine enden. Det har tatt tid.

Men nå er den utvida delen iallfall sonn noenlunde ferdig. Det manglar tepper og masse blomar, men når det er kuldegrader om natta, så får de fleste blomane venta.

Denne hortensiaen har faktisk overlevd i kjellerboden i vinter. Her får den lufta seg litt ute i sola.

Klesrulla har stått ute i vinter, så den har fått seg ein vask.

Det er fin temperatur om ettermiddagen nå, så det går an å sitta ute. Men vil jo ha det varmare !!!!

Vi får kryssa fingrane og håpa at varmen slår til snart, slik at hage og verandalivet kan begynna !
Men nå drar eg snart ...... Nice venter !!
Ha fine vårdagar !

lørdag 1. mai 2010

No livnar det i lundar ....

No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,

den heile skapning stundar
no fram mot sumars tid.

Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord,
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

Bjørka i hagen har fått bittebitte små blad.
Eit godt vårteikn.
Men lufta er kald og vinden bles.

Det blømer ved bjørkeleggen også.

Fint med gult og kvitt mot grått fjell.



Kuleprimulaen har riktig utfolda seg denne veka.


Inne i vinduskarmen står avskårne epletregreiner.
GOD HELG !!