søndag 27. april 2008
HELG .......
torsdag 24. april 2008
Vårforberedelser på verandaen ... og litt anna!
tirsdag 22. april 2008
KONTRASTAR
Eit gammalt sel som nesten var nedsnødd. Her åt vi nista vår .......og eg sola meg!
Då eg kom heim såg det slik ut i hagen. Eg trur desse heiter "Forglemmegeisøster" ... fine er dei i allefall.
Stemorsblomster blant stein og røtter.
Denne "Aubretia'en" (hageblåpute) blømer på ei oppmurt hylle ved inngangen. Når den blømer er våren komt!
Eg har vert ute i hagen i heile ettermiddag. Det var kjempedeilig og sola varma. Men såg på vermeldinga i kveld at på torsdag kjem det regn att ...æææææ!!! Så eg nyte sola mens eg kan.
Ha ein fin tirsdagskveld og takk for alle hyggelige kommentarar i bloggen min.
søndag 20. april 2008
STAVANGERTUR
Og shopping blei det!! Dette flotte fatet + såper kjøpte eg på La Famiglia (det er glassfat, her ser det litt svart ut pga den svarte duken). Dei to blomsterpottene fann eg på Maison Marie.
Våren var komt i aller høgaste grad, mykje lenger enn heime. Før vi drog heim søndagen gjekk vi tur rundt Mosvatnet, nydelig turområde og her blomstra det villig. På vei heim klarte eg å koma meg innom eit planteutsalg også, så i morgon vert det planting. Det er sikkert litt tidlig, men det blir vel som vanlig at eg ber blomane ut og inn !! Hehe!!
Ha ei fin veke! Eg skal planta sommerblomster og montera TV-benken.
søndag 13. april 2008
Kvilestaden min .........
Ein tur bortover dei fine svaberga. Veret var grått, men det regna ikkje.
Vi reiste heim att i 12-tida i dag(søndag), for då begynte det å regna og vi hadde egentlig fått ordna med alt vi skulle. Eg gjorde siste finish på stuetaket då vi kom heim. PUH! endelig!! Eg var så lei!!!! Det er eit par plater som eg må gå over ein gong til, elles så blei det bra!
Og så er det alt mandag i morgon og ny arbeidsveka. Eg ønsker alle ei fin veke og mange takk for alle koselige innlegg og kommentarar eg har fått i bloggen min. Det set eg stor pris på!
tirsdag 8. april 2008
HAGEARBEID
søndag 6. april 2008
Fleire helgeaktivitetar !!
Det er lett å sjå forskjell! Her er det malt et strøk med kvitmaling ........ og ei plate er ikkje malt.
To strøk på tak og lister. Dette er på kjøkkenet. Gangen har og fått to strøk. Men stua, det vil si halve stua har fått et strøk, og den andre halvdelen har eg ikkje begynt på enda. Må ha ein pause for no er eg gåen i nakken og armane !!!
Derfor gjekk eg over til ein annan aktivitet. Eg skal laga konfirmasjonskort med foto til 24 tidligare elevar som skal konfirmerast i slutten av april. Er ferdig med halvparten og her er resultatet.
Her kjem våren snikande. I dag var det ein sur vind........men lauvet sprett!
Ha ein fin søndagskveld alle sammen !