No er vårblomen over alle blomar tulipanen begynt å visa seg i hagen……. iallfall blada. Det er berre å gle seg til den blømer. Og for ein blom! !!
Tulipanen kom til Europa frå Asia for 400 år sidan ……heldigvis !
Mens eg ventar på at tulipanane skal stå fine og flotte i hagen, så kjøper meg ein bukett ein gang i uka (ja, eg kjøper dei sjøl ….. ellers så hadde det nok ikkje blitt noko blomar!!)
Eg liker å ha blomar både ute og inne …… eg synest det blir ein god atmosfære av det.
Ein annan blom som nok er ein stor favoritt ,er hortensia. Såååå flott med alle dei små blomane samla til ein stor!!!
Snart er det helg igjen. Eit lite guttebarnebarn kjem på besøk saman med far og mor si. Det gler vi oss til.
Med denne vakre rosebuketten så vil eg ønska alle ei fin og trivelig helg !!