søndag 26. april 2009

Ei flott helg

Denne helga har vert fantastisk og mye har skjedd på få dagar. Våren er definitivt komt.


Fredagen og lørdagen var varm og fin. Fredag var vi ein rask tur ut til campingvogna med noe material til utvidelsen av terrassen. Lørdag var det selskap og invasjon i heimen.

Søndag var det klart til å ta på seg bunaden.
Og som vanlig ..... kvart einaste år så er den for trang!! I år hadde eg ikkje prøvd den på forhånd heller, så det var ikkje tid til å sy den ut (og ikkje var det meir å sy ut heller !!). Da er gode råd dyre !!! Korleis ta av 5 kilo i løpet av ein halv time ????

Skjorta var iallfall passelig !

Og det var jammen meg forkleet også !!! (Flaks !!)
Fikk til slutt pressa meg inn i bunaden, og dro i konfirmasjon til tanteungen min. Flott vær og jenta var blid, så alt gikk bra.

Kom heim igjen for ei lita stund sidan. Av med bunaden og ut i hagen for å nyta dei siste solstrålane og hagen som veks fram for kvar dag.



Og i morra er det mandag igjen og ei ny arbeidsuke. Ei kort ei, og vi har tenkt oss ein tur til Sverige. Karlstad får besøk av oss denne gangen. Gler meg!
Ønsker alle ei flott uke!

lørdag 25. april 2009

"Solskinnsdag!

Lørdag og sola skin på fjelltoppane.
Fuglane kvitrar om kapp.
I hagen blomstrar tulipanane.
Da står eg opp tidlig. Gjør de tingene eg er nødt til å gjøra i dag.

Vaskar golvet og vatnar blomstrane fordi det trengs.
Stryk bunadskjorta og bunadsforkleet mitt fordi eg skal i konfirmasjon i morra.
Lagar ei kake fordi eg har bursdag i dag.
Og så har eg resten (nesten då!)av dagen til å gjøra det eg vil.

Det blir bare et lite selskap utpå kvelden!
Ønsker alle ein deilig lørdag !



onsdag 22. april 2009

Ordning ute og inne

Endelig hadde eg tid til å stoppa på torget og kjøpa litt blomster. Vanligvis når eg komme fra jobb, så fyke eg forbi torget med ett minutts margin til bussen går (og det er siste buss!!)

Kjøpte denne skjønne blomsten som eg ikkje veit navnet på (ho som eg kjøpte den av, visste det heller ikkje.....bør de ikkje vita det når de selger blomster ?)

Den nye korga mi fikk noen nellikar.


Stemorsblomster i korg oppå klesrulla.

I kjøkkenvinduet står pelargoniaen og ventar på å få komma ut.


Denne begoniaen har stått i stuevinduet siden rett etter jul. og skal også plantast ut.


Badet fikk seg ein vask i dag også. Reine håndkle blei lagt opp på stativet.


Eit lite skap med litt dill og dall.



Asklipios, "Medisinens gud" får lov å henga på badet.


Ei stor, fin krukke står på det lille utbygget over hengedoen.


Her er det fremdeles deilige dagar, men det er travelt på jobb og eg har ikkje fått nytt sol og varme så mye som eg skulle ønska.
Ukene går fort og snart er det helg igjen.
Nyt dagane, kjære venner!

søndag 19. april 2009

Ei deilig helg !

På fredag dro vi ut til sjø og åpnare landskap. Her har vi ei campingvogn ståande.
Dette er staden der vi slappar av fra kvardagens kjas og mas.

Denne helga har vi starta med utvidelse av terrassen. Ikkje mye, bare 60 cm, men det blir bra slik.

Her kviler eg og ser langt utover fjorden. Høyrer fugleskrik og ser fiskar hoppa. Ein og anna båt fer forbi også. Ei god bok og eit glas pils i varmen. Dette er som balsam for både kropp og sjel. Strikketøyet er heller ikkje langt unna.


Klokka 20.30 gjekk sola ned og solnedgangen var flott !

I vår har eg holdt på med å sy nye trekk til sofaen. Orka ikkje å ha dei rosa-grå-stripete lenger.


Her er resultatet. Det blei eg fornøyd med.

I dag, søndag, dro vi tidlig heim igjen. Har ein stor hage her heime som ventar på omsorg og stell også. Bare på eit par dagar har blomstringa skutt fart. Deilig !!
No skal eg ta meg ein runde rundtom til dokke og se korleis det står til. Har ikkje brukt PC i helga.
Håper at alle har hatt ei trivelig helg og ønsker dokke ei fin ny uke.
Klem fra meg.

torsdag 16. april 2009

Engelen og våren.

I dag låg denne pakken i postkassa. Eg åpna i full fart, full av spenning !


Er den ikkje flott ?
Eg har lenge vert sugen på ein av englane til Gunda, og da eg såg denne så måtte eg bare ha den. Se de lange slanke beina da !


Pynta seg har den også, og eg trur den er litt fornem. Se bare åssen den holde armane. Den var råflott, Gunda, denne likar eg !

Eg hadde ikkje før kontakta Gunda og bestillt den, før den låg i postkassa. Rask og god service. Hvis du ikkje har vert innon bloggen til Gunda, så har du virkelig gått glipp av noe. Her er kreativitet og humor på høgste plan og dama er dyktig som bare det.

Endelig så kom eg meg på torget i dag. Stemorsblomster vart innkjøpt og planta .

I går var det reine sommarsveret her og heile ettermiddagen blei tilbrakt i hagen med baken i veret og nesa i jorda !

"There is nothing like the first hot days of spring when the gardener stops wondering if it's too soon to plant the dahlias and starts wondering if it is too late."



I morra drar eg ut i åpnare landskap, ut til campingvogna som står nesten i sjøkanten. Her er fjorden vid og vakker og eit syn for auge og kvile for sjela. Det blir litt ordning og i standsetting før vårsesongen. Må også få på plass sofaputene som eg har trekt om igjen.
Ønsker alle ei riktig fin helg.

mandag 13. april 2009

Ein nydelig dag !!

Etter mange dagar med regn var det deilig å stå opp til dette fine vêret. Skodda forsvann også fort.

Deilig å setta seg ut i hagen. Eg hadde kjøpt meg noen interiørblader i London som eg kosa meg med.

Innimellom ordna eg i hagen. Primulaen blomstrer fint nå.

Her er peonen på vei opp gjennom jorda.


Påskeliljene klarte å blomstra før påsken var slutt også.


Hageblåputa ved inngangen begynner å bli fin nå.


Ellers så er det jo slik at noen planter sprer seg noe utruleg mye bl.a denne "Toppklokka" (Campanula Glomerata). Det er ei nydelig plante, men den dukker opp overalt og kveler andre planter. Så i dag har eg røska den vekk alle steder den ikkje skal vera !

Her er den også !!!! Ellers så har eg vaska verandaen, tatt ut hagemøblane og funne fram potter og kar. Så nå er det klart for planting. Må ha meg ein tur på gartneriet i morra (hvis eg får tid).
Så får vi nyta våren og håpa på mange flotte dagar !