Teppet har fått plass i ein svart skinnstol. Det dempar ned det svarte og med litt brunt her og der i teppet, så vart det bra.
Dette bildet kjøpte eg også i Molde. Eg likte det godt med ein gang eg såg det. Dei kvite og brune fargane, samt det litt gammaldagse preget passar så godt hos meg. (det er mørkt i vèret i dag, så eg måtte bruka blitz, det skjemmer litt)
Eg lengtar ut i hagen, men i dag fristar det ikkje å gå ut. Det regnar og bles fra alle kantar. Det er best å halda seg inne. Har begynt på nytt strikketøy ( og noen har pause). Vi har nettopp fått eit nytt, nydelig og velskapt guttebarnebarn som eg strikkar til. Det er glede i heimen !