onsdag 18. mai 2011

Innevær!!

Her har vi fått skikkelig Vestlandsregn og gudene må vita kor lenge det varer !! Vergudane var ikkje nådige i går på 17.mai heller.

I dag er det iallfall innedag, hagen blir vatna uten at eg treng å gjera noko!  Inne har eg begynt å mala eit golv grått, så får vi sjå åssen det går.

009        008

Ellers så er det ein slik dag da eg går rundt og ser på veggar og hyller, flytter litt hit og litt dit og kanskje tilbake igjen.

På slike dagar blir gubben nervøs..”Ka søren e’ d’ ho ska te mæ nu!!!”  Men eg syns det er praktisk med sonne dagar, då får eg sjå saker og ting i eit anna lys og eg får til og med tørka støv !!

007
Desse salt- og pepperbøssene kjøpte eg med meg frå Roma i påsken.

013             014
Eg har rydda i interiørblada mine også, så nå er alle sommerutgaver komt fram.

006

Dette fatet kjøpte eg på Bruktbutikken i forrige veke. Kjøpte litt anna også, det får du sjå seinare.

Ha ei flott veke, det er jo ikkje så mykje igjen av den !

mandag 16. mai 2011

God 17.mai!

Så endelig - tid for å slappe av , iallfall ein dag eller to !!

004 (2)      005

Bunadskjorte og forkle er nystrøkent, bunaden er prøvd og den passa !!!

Alt er i boks på jobb (ja ikkje alt då!!),  17.mai fana er ferdig, med ferdig plasttrekk i tilfelle regn, 17.mai- sangane sit som eit skudd, forventningsfulle ungar -ja, no kan berre dagen koma!

Det er meldt regn, men vi er optimist til det siste og håpar på ein fin dag både for barn og vaksne .

 

bringklut       bunad

Ikkje så mykje pynting heime, for dagen vert alltid feira hos mine foreldre med rømmegraut og alt som høyrer dagen til. Men eg har tatt inn nokre epletregreiner og litt planter på verandaen.


007    006

Då vil eg ønska alle ein kjempefin 17.mai- feiring!!

GOD 17.MAI !!

torsdag 12. mai 2011

Når det blomstrer i Hardanger


009

Når det blomstrer i Hardanger

er det ingen plass på jord

som har slike vakre farger

når alt står i blomsterflor.

007     008

Mellom fjord og høye fjelle

med de dype dal og li

Når det blomstrer i Hardanger

er det atter sommertid.

010    002

Ja, nå blømer epletrea. Det er tidleg bløming i år, men alltid like fint. Når ein type frukttre er avblomstra overtar ein annan, og med blå fjord og snøkledde toppar i bakgrunnen kan det knapt bli bedre (Håpar det varer til 17.mai!!)

011                005

Det blømer fint langs innkjørselen til huset også. Pelagoinaen har eg overvintra, den står i kjøkkenvinduet. No skal den få koma ut.

Ønsker alle ein fin kveld og ei god helg!

søndag 8. mai 2011

Ei helg i hagen


Ei fantastisk flott helg har det vert. Vi bestemte oss for å bare vera heime denne helga. Hagen hadde bruk for meg for å si det sonn!! Enkelte planter har ein tendens til å spre seg overalt og gjør akkurat som dei sjølv vil !! Kveler andre og mindre planter gjør dei også  !!

001         005

Så no var det nok! Fram med spade og grafse! Eg trur eg spadde opp og heiv fem bøtter med skyggesildre - - den var jo overalt !!  Og ein del toppklokker, minst hundrevis av små avleggarar forsvann også. Det vart litt tomt etterpå, men med litt påfyll av runde stein og ein hellesti, så kom det seg. Fleire parti av hagen står for tur - - her kan ingen vera trygg når eg fyk rundt med spaden !!!

008     010

Eg har vatna ein del også, tenk det er tørt i jorda alt no. Fouten vannslangen, så har eg mange vannkanner rundt omkring også både i hagen og på verandaen.

002

Vi har spist ute i heile helga og lørdagskvelden sat vi ute til langt på kveld. Og litt andre ting enn å spa i hagen har også blitt gjort.

013

Det er deilig og det er SOMMAR!! Ha ei flott veke !

torsdag 5. mai 2011

Herlige vår !


Herlige maidagar!! Varmt og fint og hagen blir flottare for kvar dag.

003       

Eg har sikkert gjort den samme feilen som eg gjør kvart år ……… nemlig å kjøpa  sommarblomane altfor tidlig. Det kan jo koma nokre iskalde netter endå. Men eg trur at eg har full kontroll (hihi!!). Sjekkar yr.no kvar kveld for å se om noen kuldegrader er på vei hit. I tvilstilfelle ber eg alle blomane i krukker og kar inn – det er sååååå populært i heimen !!! Men stemors står nå for ein støyt iallfall desse som har så flott utsikt!!

007   009

 

012      006

Mange av staudane mine har begynt å blomstra også . Heldigvis så slepp eg å bera dei inn!!!!

004      013

Gullkorga er knallfin for øyeblikket.   Det kjem fram nye knoppar og planter kvar dag.

For ei nydelig tid (hadde eg berre ikkje hatt det så innmari travelt på jobb!!)

Heldigvis helg i morra og eg har ingen planar (foreløbig !)

Ha ei super helg!

tirsdag 3. mai 2011

Nytt liv med litt maling

For ei stund siden så  kom eg over denne skrivebordsaken.

002 (16)       

Slik såg den ut da, men med litt kvitmaling så har den fått eit nytt liv !!!

013

I eit lite hjørne i gangen i underetasjen  passa den akkurat (her har det stått ein kurvstol før). Veggen gjennomgjekk litt forandring også – og vips så blei kroken som ny !

015             016

Eg har ikkje fått satt på knottar til skuffene enda.  Dei som var på har eg tatt av, det var vanlege treknottar. Eg har lyst på noen andre, men ventar til eg finn noen eg likar godt !

017

Dette skiltet har du kanskje sett hos meg før, eg brukar å flytta det rundt litt, alt etter som !!!!

Det var kanskje på tide med eit interiørinnlegg frå meg igjen etter mange hage- og reiseinnlegg i det siste! Men blir nok fleire foto frå hagen for her blomstrar det heftig no !! DEILIG !

Ha ei flott veke!

søndag 1. mai 2011

RELAXATION


Dette har vert ei aldeles deilig og avslappande helg. Ei slik helg som vi alle treng innimellom.

Fredagen dro vi ut til fjorden, der vi har ei campingvogn ståande. Ein flott plass der eg ikkje treng å gjera noko som helst.

002

Å sitja på terrassen og sjå utover fjorden, la tankane gå der dei vil og ikkje ha ei einaste plikt !! Dei einaste lydane er måkeskrik og bølgeskvulp og ein og anna båt som fer forbi, dette er balsam for kropp og sjel !!

003           004

At sola skein og  at det var varmt i lufta gjorde det berre enda betre. Ei god bok og eit strikketøy og ei iskald øl var jo heller ikkje å forakta !!

006

Og på slike dagar må ein berre eta reker !!!!

007            011

Kvelden var lang og fin -  solnedgang og cruiseskip!

009

Og  så ein nydeleg morgon, det er berre eg og måkene som er vakne !!

Håper du også har fått lada batteriene ! Ha ei fin veke!!!