1. juli 2009

R for RIOMAGGIORE, ROMA, RIGA og REYKJAVIK

Så var vi komt til R i Petunia sin norske versjon av ABC Wednesday. Og eg fortesetter reisa mi.


R for RIOMAGGIORE

Riomaggiore er ein av dei fem små fiskelandsbyane som klorer seg fast i klippene sør for Genova i Italia.


Dei blir kalla Le Cinque Terre. Kvar av byane ligg på si egen klippehalvøy mellom stupbratte fjell. Vi var her sommaren 2004 og gjekk mellom dei fem byane. Fantastisk !!!


R for ROMA

No er det leeenge siden eg har vert her, faktisk i 1998, så nå er det på tide med ein ny tur.

Spansketrappa med Barcaccia-fontenen (betyr: ubrukelig gammal båt) i framgrunnen.


Trevifontena som er Romas største og mest berømte fontene. Den blei ferdig bygd i 1762. Her ser vi bl.a. Neptun


Fontana di Nettuno


Pantheon. I middelalderen blei Pantheon, det romerske "tempelet for alle gudar" gjort om til kirke. Pantheon er bygd i 118 -125 e.Kr og den runde bygningen har samme høgde og diameter nemlig 43,3 m.


På vei inn på Petersplassen. Det er 2 - 3 høge søyler i bredden rundt heile Petersplassen og dei har statuer på toppen.



Inne i den fantastisk flotte Peterskirka.


Michelangelos "Dommedag". Fullført i 1541 etter 7 års arbeid. Maleriet dekkar ein vegg i det sixtinske kapell og viser dei døde sjelene som stig opp for å møta Guds vrede.


Dette er marmordekorasjonar fra Caracallas termene. Det er romerske bad som blei fullført i 217 og var i drift i 300 år til rørledningane blei ødelagt under goterne sin invasjon. Over 1500 badarar kunne bruka anlegget samtidig.



Coloseum, Romas største amfiteater bygd i 72 e. Kr. Det er 80 inngangar og plass til 55000 tilskuarar. Her arrangerte keisaren og velståande borgarar gratis gladiatorkampar mellom ville dyr og vanlege folk.


Utgravingar på 1800-tallet avdekka nettverket av underjordiske rom der dyra blei oppbevart. Ein vinsj frakta dyrebura opp på arenanivå når kampen skulle starta.



Forum Romanum - sentrum i det gamle Roma. Der blei det dreve torghandel, holdt folkeforsamlingar og rettsmøter.



Oi, her var visst dette bildet komt to ganger. Les lengre opp!!!!


På markedet Campo de'Fiori holdt de på å pakka samman !!


Ulike aktivitetar på Piazza Navona.


R for RIGA


Høstferien i 2007. Her i området hadde vi oss mange gode måltider.


"House of Blackheads"

R for REYKJAVIK


Hit dro vi i høstferien 2006


Perlan - roterande restaurant med flott utsikt over Reykjavik og kjempegod mat.



"Den blå lagunen" ligg som ein oase midt i eit lavafelt.


" Den blå lagune" er eit utandørs bad som får vatnet direkte fra geotermiske kilder så djupt som 2000m


36 - 39 grader i vatnet ! DEILIG !!


Lava



Gullfoss



Islands mest aktive geysir, Stokkur



Stokkur hadde utbrudd kvart 5.minutt.




Fantastisk ......I say no more......bildene taler for seg sjøl!!


Ja, dette blei mye og mange R'ar. Eg forstår godt om du blei lei (sorry eg tok litt av - reising er ein stor lidenskap!!!)
Ha ein god sommar alle sammen og eg reiser (sjølvsagt !!)

30. juni 2009

Ikkje bare blomster ...... litt lys også !

Dagane er varme og flotte, og det er kveldane også. Det er bare å kosa seg alt man kan !!!


Vi sit leeeenge ute og da er det alltid koselig å tenna lys, masse lys. Det blir ikkje skikkelig mørkt, men det er fint for det......

Heime på verandaen har vi mange løkter rundt omkring. Her komme noen av dei ( i fullt dagslys).



På veranda-rekkverket med fjellene i bakgrunnen.

Mot stuevinduet . Her speilar fjellene seg i vinduet.

Det er framleis barnebarn her, foreldrene deira dukkar også opp i dag og i morra. Vi drar på ferie på fredagsmorgen, då får barn og barnebarn klara seg sjøl, passa huset og vatna så lenge dei orkar det!!! Vi kjører til Bretagne i Frankrike ......JIPPI...here we come!!!!!
Blir lite blogging på meg framover,men kanskje eg klarer å få til eit innlegg underveis!
Ønsker alle sammen ein flott sommar. Kos dokke og nyyyyyt dagane ! Mange sommarklemmar fra meg !

27. juni 2009

Stille morning

Det er tidlig morning (kl. er 6.30), det er varmt og fint. Mann og to barnebarn sover, de har ikkje tenkt å stå opp på lenge enda ! Går ut i hagen, barbeint. Noen fuglar er våkne også, ellers så er det stille. Nydelige duftar fra blomstrande planter slår i mot meg.


Inne står ei flaske med margritter på ein stol ! Eit halvferdig kryssord og enda fleire halvferdige håndarbeid ligg på verandaen.

Ute i hagen minner eit fullt basseng om ein varm og fin dag. Barnebarn kosa seg i vatnet i går. På eit klestativ ligg ein haug med kle ..... eit forsøk på å henga dei opp !!!

Det er deilige dagar, sol, vatn og lite klær......eldorado for barn (og voksne ).

Eg set meg på benken ved rosene. Nyt synet og luktane, hører noen humler som surrar, dei likar nok lukta dei og. Går inn og hentar kaffi og ei bok. Nyt, nyt, det er ferie !
Nyt fine dagar du også !

25. juni 2009

Q for QUMRAN

Q for QUMRAN.
Så var vi komt til Q i Petunia sin norske versjon av ABC Wednesday. Og reisa mi går til Qumran.
I påsken 2006 kjørte eg langs Dødehavet og ved nordvestbredden låg Qumran.

I dette området var det eit samfunn av hebraiske munkar som over ein periode på ca 200 år ( fra 150 f.Kr til 70 e.Kr) skreiv tusenvis av manuskripter og fragmenter. Skriftene inneheldt mykje informasjon om klosterlivet, men framfor alt var dei religiøse dokument. Då munkene i år 70 e.Kr. måtte flykta fra dei romerske erobrarane, så gøymde dei desse skriftene i fjellholene i området. Du ser fleire av dei på bildet her.

Her låg dei heilt til 1947 da dei vart funne av nokre gutar som heiv stein inni i holene og hørte at steinane traff noko anna enn fjell. Det dei traff var leirkrukker fulle av skriftrullar. Desse skriftrullane vert kalla Dødehavsrullane og er no bevart i Jerusalem sitt Nasjonal Museum.

Ja, det var Q for Qumran. Spennande område. Ørkenen var utruleg og likedan Dødehavet.
Det vart berre ein stad på Q, trur ikkje at eg har vert andre stader som startar med Q !!
Ha ein fin dag !

24. juni 2009

Første feriedag.

Det er sommer. det er sol,
det er ferie,. det er lunch på cafe med ei god venninne.
Det er sol, det er vin,
det er vin på verandaen, det er kos, det er ferie !!

Det er vin, det er kart,
det er planlegging,
der er ferie,
det er kos !!!
DET ER KJEMPEBRA !!!!
Håper du også har det bra !!??

Første feriedaG

23. juni 2009

JIPPI ...... endelig fri !

Ingenting er så deilig som når ferien startar. Siste dagane er alltid hektiske og ungene er urolige og høgt oppe, ivrige etter å begynne på ferien dei også. Etter at dei har sprunge ut av skolebygningen, er det ei rolig stund for oss voksne. Spiser litt og pratar om ferie og ferieplaner, alle er slitne, noen er skuffa, noen er glade. Så tar vi farvel med hverandre og alle drar kvar til sitt.

Vel heime så blir man rastlaus, det er ingen ny skoledag som skal planlegges, ingen prøvar som skal rettast, ingen ting som man må huska til neste dag. Ein tur i hagen gjør godt da, oppdaga at vinranken har fått bittesmå druer.

Alt vokser og gror, alt er flott, men eg må bruke noen dagar til å rista av meg stresset og jaget som henge fast i meg. Eg må pusta godt inn og overbevisa meg sjøl om at no, no kan eg ta det med ro !!!

Så kan eg ta fram kartet, dagboka og reisebøkene om Frankrike. Lesa og planlegga og gle meg masse til eg skal reisa !!! Kjenna at skuldrene senkar seg og nyta kvar einaste dag!
Nyt alt du kan du også !!!