tirsdag 25. september 2012

Endelig ein tur på bruktbutikken.


Ja, på lørdag rakk eg endelig ein tur på bruktbutikken, ein liten halvtime før det stengte.
 

Når ein går heimefra kl. 07.15 og ikkje er heime frå jobb før klokka halv fire kvar dag, så er det ikkje så mye ein rekk før det blir kveld!!


Denne fine karaffelen blei med meg heim på lørdag. Kor gammal den er veit eg ikkje, men eg likte den godt.
 
Eit par små lysglass kjøpte eg også, men det var på ein annan butikk.


I kveld tenner eg lys i dei.
 Ha ein fin kveld du også !

fredag 21. september 2012

Høsten er komt !

 
 Snøen ligg på fjelltoppane og lufta er kald og klar. Det er høst!


Litt blomstring er det fremdeles i hagen.

 




 
Etter mange veker med regn, har det blitt fiksa opp litt ulike stader i huset.

 
Nå skal helga nytast i finveret!
GOD HELG til deg òg !

fredag 14. september 2012

Fredagskvelden ........

Beste kvelden i veka ....... heile helga ligg foran deg !!!
Litt omorganisering av eit av gjesteromma.

Fin innedag no, ute siler regnet ned !
Ha ei flott helg !


søndag 9. september 2012

Drivvedbeis på skap

 
Ei furuhylle som er laga utan spiker ( bare trepluggar) etter ein gammal modell, har fått to strøk med drivvedbeis.
 

Men før eg kunne beisa den, så måtte det eit par dagar med pussing til ...den var nemlig lakka !!!
 
Det var ikkje alle stader det var like lett å få til å pussa, men resultatet blei nå sonn noenlunde !
 

Hylla heng på vegen mot kjøkkenet og spisebordet er flytta bort hit også  (det blei gjort i vår)
 
 
Ha ein flott søndag !

torsdag 6. september 2012

Pelargoniaen fekk koma inn .....

 
Med snø på toppane i dag tidleg og pøsregn no i ettermiddag, så forbarma eg meg over to av pelargoniane mine som står på verandaen. Dei fekk koma inn i varmen.

 
 Resultatet av litt hekling i sommar blei denne gardinkappa til kjøkkenet.
 
 
 Og nå er denne veka snart slutt òg!
Ha ei flott helg !

søndag 2. september 2012

God helg !

 
Ei stille og rolig helg. Godt å gjera ingenting av og til !
 
 
Men no må eg gjør litt arbeid. September er ein god jobbemånad !
Ha ein flott søndag !