tirsdag 30. mars 2010

Det snøøøøøør .........

Endelig var snøen borte og i hagen var det begynt å spira. Det var antydning til sol også i formiddag .........
....... MEN KA SER EG ??????
Det har begynt å snø, det snør mye, det blir kvitt .......

........ eg går ut, snøen har lagt seg på plenen ........

Stakkars dei fine krokusane mine ........ !!!!!!

Ikkje godt å vera liten fugl i dag !!!

Jaja, veret kan eg ikkje gjør noe med, så no skal eg strikka !!

Fortsatt god påske !!

søndag 28. mars 2010

Deilige fridagar !

Deilige fridagar der eg kan dille litt i heimen. Eg har nettopp hengt opp hylla som eg kjøpte på Farmors Hus i Bergen for ei stund sidan.


Hjertet med blader blir flytta litt rundt i huset for tida.

Det første påskeinnrykket kjem i kveld, datter med to barn ....... det blir koselig.

Sønnene mine dukker nok opp etter kvart dei også. Ein barnedåp blir det også i påsken.

I går brukte vi heile dagen til å legga nytt golv på verandaen (difor har eg vondt i armane i dag !!). Gler meg til sol og varme dagar her.

Tidligare i veka mala eg kjøkkenet til mor mi. Då fekk eg desse flotte og deilige sokkane av henne.


I dag har vi vert ein liten tur på hytta, vi skulle henta noe, men det glemte vi !!! Så det blir nok ein tur ein annen dag også.
Ha ein god påske !!

søndag 21. mars 2010

Nytt fra kjøkkenet.

Når våren er i anmarsj, så får eg alltid lyst på noe nytt inne også. For noen dagar siden kjøpte eg denne hylla. Yndlingsbutikken min her har utvida og fått inn masse nye og fristande varer !!

Her kan litt av kvart få plass. Foreløbig får det vera slik ....så får eg sjå litt på det ..... og så blir nok noe bytta ut til fordel for noe anna.

Krokane under hylla har eg hatt liggande lenge, men no fann eg ut at dei passa fint her. Hadde ei stang her før.





Hjertet med blader kjøpte eg også. Det vil si eg kjøpte hjertet og tvinna bladene rundt sjøl. Det hang eg her på denne hylla som eg også har på kjøkkenet.

Her er all snøen borte. Jippi ! Eg var ute og jobba i hagen i mange timar i går. Deilig !! Det er alltid mye rusk og rask som skal fjernast etter vinteren. Det blir nok ein tur ut i dag også, men akkurat no regnar det.
Ha ein flott søndag !

lørdag 6. mars 2010

SPISEPLASSEN VÅR.

NIB har ein utfordring om å visa fram spiseplassen sin, og her er min.

Bordet har eg kjøpt på ein brukthandel for mange år sidan. No er det ei lita ileggsplate i det, men eg kan legga enda ei større slik at bordet blir ca 2.20m. Jernstolane kjem frå Miljøgården og trestolane med skinnsete er gamle stolar som har stått på hytta.

Her et vi alltid om helgane og når vi har gjester. Det er fint å sitta her, det er flott utsikt mot fjell og fjord.

Framskapet har vert både ubehandla furu og brunbeisa, før det vart malt kvitt. Framskapet er det ein snekkar som har laga etter mine teikningar (for mange, mange år sidan)

Kassar med interiørblader og gammal bakebolle med konglar står på golvet.

På bordet står det alltid lys som vi tenner når vi sit der.

Den hengande lysestaken har eg kjøpt av ein gammal mann på ei av dei greske øyene. Den er håndlaga og eg likar den godt.

Symaskina har også følgt meg i mange år. Kjøpte den på ein bruktbutikk i Seljord og bilen blei meir enn full !! Treskoa har eg fått av besten min og jernramma er kjøpt i Marokko.

Utanfor vinduene ligg verandaen som eg lengtar etter å bruka. Løkter og planter i vinduskarmen og på dørlista heng engelen frå Gunda.
Dette var ein liten titt på spiseplassen min. Her likar vi å sitta og eta god mat og god drikke.
Ha ei flott helg !