torsdag 27. august 2009

Eg er travelt opptatt .........

.......... med furukjøkkenet mitt ! Eg har tenkt på det lenge, men har ikkje hatt ånden !

No forsvinner siste rest av furu her i huset. Kjøkkeninnredningen blir "egghvit"og det tar litt tid når alle skapdørene skal ha tre strøk med oljemaling (får håpa eg ikkje må ha 4 !!). Eg skal beholda dei same håndtakene, for dei likar eg godt.
Har ikkje blitt så mye blogging nå, men kommer sterkt tilbake.
Hei så lenge !!

mandag 24. august 2009

Ikkje så dumt !!

Disse bildene sku egentlig vert med i innlegget i går, men.........
Vel, i gangen er det et lite vindu. Her fann eg et fint blondestoff som eg tenkte kunne passa fint til gardin.


Men gardinstang var det verre med. Eg ut i bua og leita etter noe eg kunne bruka. Fann dette korte spettet ( ca 60cm langt) og to store skruer og vips så hadde eg gardinstang. Syns den passa så fint sammen med den gamle stolen og kista i gangen (se forrige innlegg).
Ha ei kreativ uka !!

søndag 23. august 2009

Ein tur på landstedet !

Det har vert ei fin helg - ja ikkje værmessig, men ellers ! Vi har vert ein tur i Haugesund til yngste sønn som nettopp har flytta dit med familie. Kjekt å få de litt nærmare.
Ellers så har eg vert ein tur på landstedet i dag (skulle vel sagt hytta, men det er liksom ikkje ei hytte, heller eit hus).

Det er ein del rognetrær rundt omkring, så eg har plukka inn noen greiner. Eg syns at rogn er så flott ! Ei lita gran vokse rett utfor husveggen.

Det er mye skog rundt, så den store utsikten har vi ikkje. Men vi har jo kjempeflott utsikt både heime og fra campingvogna ( så vi får vera fornøyd med det !!)

Eg klør i fingrane etter å setta i gang med ulike prosjekt, men får ta litt og litt. Det er kanskje det beste, eg har jo nett fått stedet! Men denne brune veggen på kjøkkenet skal eg iallfall mala lys. Det grønne er eit lite gammalt bord med skuff i.

I gangen har eg satt denne stolen, den mangla sete, men eg fann eit lokk som eg la på. Kista er full av klær.

Det fins stolar i mange fasongar og størrelsar. Den eine har lokk og står inne på doen, den andre fungerer som nattbord på eit av soveromma.

Eg fann noen kassar i bua da eg rydda i dag. Dei skal få koma inn i huset når eg har vaska dei.
Kjøkkenskapa er blå med kvite dørar. Eg fann også eit lite fint brett som eg hang opp på veggen.

På ytterveggen heng desse to stigane og denne "kassen" fann eg ute ...får sjå ka eg skal bruka den til.
No må eg gå og se om det blir gull til Norge i spyd!
Nyt resten av søndagen og ha ei fin veke !!

mandag 17. august 2009

Hagen har litt å by på enda.

Så er tida komt for eplene. Eg har eit stort epletre i hagen. Eg har det helst fordi det blømer så fint om våren.

Men jammen er det godt med eple når høsten kjem. Dei er ikkje så veldig fine og dei dett fort ned på marka, men knallgode er dei.

Eg har to store vinrankar i hagen også. Og druer kjem det kver høst.

Druene er små og sure, så noe vinproduksjon har det ikkje blitt enda !
Solhatten blomstrer som bare det no, litt rart i grunnen, det er jo fullstendig mangel på sol. Men den er flott å ta inn.


Endelig har erteblomstrane begynt å veksa og bløma i pilestativet mitt.

Første skuledag med elevar i dag, mange spente og forventningsfulle små. Eg har ansvaret for 20 store 7.klassingar og dei er no litt meir varm i trøya da. Håpar det blir eit spennande og kjekt år !

Ønsker alle ei fin veke !

søndag 16. august 2009

Har vi gjort noe gale ??

Ja, noe må det nå vær, siden sommaren består utav regn, regn og atter regn. Når man ser ut av vinduet i midten på august så skal det ikkje se slik ut !!!!

Hadde gleda meg til noen flotte uker på verandaen, men her er det ikkje mye fristande nei. Plantene flyt i vatn, alle puter er tatt inn, mattene er klissvåte og det til tross for at det er tak over mesteparten av verandaen.

No lengte eg tilbake til slik det var på forsommaren, varmt og fint og koselig.

Men eg skal jo ikkje klaga som har vert ute og farta i 4-5 veker i sommar og hatt det slik som dette !!
Nå er jobbinga begynt, torsdag og fredag med full planlegging og klargjøring av rom og bæring av bøker og utstyr. I morra kommer elevane, spente og fulle av forventningar til eit nytt skuleår.
Ønsker alle ein fin høst!!

onsdag 12. august 2009

Heldige meg !!!

Eg har nettopp fått landstedet til mine foreldre !
Så i to dagar nå har vi vert der og rydda litt og kosa oss.
Graset er blitt slått ......
...... og eg har iallfall forsøkt å spa opp eit rosebed.

Pynta litt ved inngangsdøra.

Grasmarka er full av viltvoksande blomar

og litt bær veks her i steintrappa.

Veden ligg klar til vinteren.

Her kan vi ta ein pust i bakken og sjå utover.

Kanskje ta med seg litt kaffi også og laga noen vafler.

Mange fine ting følger også med.


I dag har eg vaska alt på kjøkkenet. Det er litt greitt når det har stått ubrukt ei tid.


Dette blå mønsteret likar eg så godt. Så her får det bli eit blått og kvitt kjøkken, eg klør ettter å begynna å mala veggane som er mørkebrune.



Eg plukka inn mange greiner med rognebær , og ein liten kvast fekk ligga her og ønske dokka alle ei fin veke !
P.S Koffertane kom heldigvis i dag, ein fra Haugesund og ein fra Bergen !!! Snakk om surr !!