mandag 21. oktober 2013

Eit par koselege arvesaker.

 
For ei stund sidan var eg så heldig å få arva noen fine ting etter besto mi. Ved dette sybordet sat ho alltid og sydde Hardangersaum. Eg har malt sybordet for det var stygt etter vannskade, men duken er like fin !


Dette har vert kleskapet til besten og besto.

Etter ein omgang med pussemaskina og eit par strøk maling, står det no på arbeidsrommet mitt.
Inni det har eg masse forskjellige permar og albumar.
Praktisk og fint !
HA EI FIN VEKE !

mandag 14. oktober 2013

Høstferie

 Ein flott høstferie er over. Det blei Balkan i år. Eit spennande reisemål. Mostar med all si historie, krigen på 1990-tallet, brua som er oppattbygd.
 
 Fargerike stoffer og andre saker og ting.

 Sarajevo var eit anna fantastisk reisemål.
 
 Eit tidlegare kloster som no er teppeutsalg kombinert med cafe .......
 
 .....bosnisk kaffe er godt !
 
 Dubrovnik .... ei øl på utsida av muren, der ein liten cafe klamrar seg til fjellsida !!
 
Utsikt til Dubrovnik fra muren.
Vi tok fly til og fra Dubrovnik der leigde vi bil og kjørte rundt i Bosnia, Serbia og Montenegro. Fantastisk ! Til slutt 3 dagar i Dubrovnik.