tirsdag 23. desember 2008

GOD JUL TIL ALLE !!!

Noen pakkar er komt på plass under treet. Du får ikkje sjå så mye av treet, det er av plast! og eg likar det ikkje, men noen kamelar må vi svelga !! Eg kan fortelja historia ein anna gang.

Ein juletrekongle .......arva fra mannen si bestemor.......den er vi veldig redd for.

Denne vesle karen skal ikkje vera hos oss på julaften, men han var her i går og såg på alle nissane til farmor.

Då vil eg ønska alle sammen ei kjempefin fin og trivelig jul. Kos dokke masse!! Det har vert så kjekt å bli kjent med dokke.

GOD JUL og GODT NYTTÅR !!




mandag 15. desember 2008

På verandaen

I dag har eg rydda vekk ein haug med blomsterpotter med visne blomster i. De sto her på verandaen og skulle egentlig vert borte for lengst, men bedre seint enn aldri!! Litt julestemning i steden for bare rot, det gjorde seg.


Han her trives godt ved siden av melkespannet.

Ikkje alle nissar er like fine å sjå til, men han er grei. Han har både gaver og kaffi på kjelen !


Hus med lys i er komt på plass på hylla ved brannmuren.
Så er vi komt til siste heile uka før jul. Det gjeld å ikkje stressa, men prøva å kosa seg.
Ha ei fin uke alle saman !





søndag 14. desember 2008

Skogstur

Det er godt å gå i skogen når tiltakslysta er så som så, og dagane ikkje er heilt slik du kunne tenka deg. Lukta av nyhogd skog er ei god lukt.

Det er snart slutt på dagslyset, desemberdagen er ikkje lang.

Vatn som renn er ein god lyd. Det har lagt seg litt is her og der, men vatnet let seg ikkje stoppa.



Vatnet renn vidare forbi nye isroser og glaserte steinar. Vatnet bryr seg ikkje om noko.


Vi har fint ver her om dagane, og då gjer det godt med ein tur.

Ønsker alle ei fin veke!



lørdag 13. desember 2008

Nissar og mus

Så har noen fleire nissar fått komt opp fra kjellerboden. Han her får lov å sitta ute på verandaen.


" Hei, hei !
Eg er tynn, men kjempegrei.
Eg har lua mi på snei
og alle liker meg !! "

Parafinlampen og dei to lysestakane er arveting. Nisseparet passar på dei.


Eit par mus får lov å vera med på julefeiring også.
Det blir visst mange nisse- innlegg her hos meg no. Eg har mange nissar og den siste veka har dei fått flytta opp litt etter litt. Det kjem nok endå fleire.
God helg!





onsdag 10. desember 2008

TUR - SKØYTER - KAKER -

Idag var det kjempefint ver her og eg gjekk meg ein lang tur. Var nesten ferdig med turen før eg kom på at eg sku fotografera !!!

Sjå her, Hildegunn !!!!
Dette var bare ein test. Hihi !! ikkje særlig julestemning over dette !?

I går såg eg eit program på Tv, der ei bakekyndig dame skulle læra Kari Svendsen (visesangaren) å baka julekaker. Ho hadde visstnok aldri baka før. Det gjekk greitt med ho. Då tenkte eg at då kan vel eg også klara det !!! Som tenkt så gjort : inne hos http://on2wheels.blogspot.com fann eg oppskrift på desse kakene: Blonder. Oppskrifta såg lett ut og eg i gang med baking.



Ein liten kakeboks med deilige kaker blei det !! Jippi ! Eg har bakt !



No står kakeboksen høgt oppe på hylla slik at eg ikkje skal bli frista. Hihi! - eg blir det alikevel!!
Ha ei fin veke !




tirsdag 9. desember 2008

How to spend days !!!

"If you can spend a perfectly useless day in a perfectly useless manner, you have learned how to live !"
Det er det eg prøver på nå.


I dag har eg dilla rundt i huset ,vaska litt, skrive noen julekort, funne fram noen nissar. Eg har utruleg mange nissar, dei fleste er sjøllaga. Har i mange år hatt som mål at eg skulle laga ein ny nisse kvart år. Noen år har det blitt fleire, men i år blir det visst ingen. Jaja!


"The key to everything is patience!"

Han her vesle karen har fått vogga si nymalt. Det får vera årets bidrag.

I går var eg ein tur til Bergen. Gubben skulle på eit møte og eg blei med. Fekk kjøpt noen julegaver, så nå er det ikkje så mange igjen. Og så blei det jo litt pø til meg sjøl og då. Det er alltid kjekt med ein bytur.


Tusen takk for alle fine og varmande kommentarar fra så mange hyggelige bloggvenner. Det har eg sett stor pris på.
Ha ein fin kveld!





fredag 5. desember 2008

GOD HELG !!!

Siden eg ikkje har hengt opp igjen taklampa i stua etter at eg malte taket i sommar (har jo lyst på ny lampe då !!!), så tenkte eg at ei grein kunne henga her ! Eg har leita som ein gal i 3 dagar etter sink-hjertene mine, som skulle henga på denne greina. Søkk vekke !!




Litt julekos i kjøkkenvinduet. Eg er elendig til å baka, derfor har eg hjerter i glasskrukka !


Eg har fått mitt første julekort i dag, så no er det komt på plass i julekortkorga i gangen. Den kvite vindusramma er ei dør som eg tatt av eit lite, spinkelt skap (sikkert kjøpt for ein slikk og ingenting for lenge sidan, iallfall har det stått i veien i kjellerboden lenge !!). Eg skrudde av hengslar og knott og malte den kvit og vips !!....

I kveld skal eg på juleavslutning med jobben. Det gler eg meg til. (Eg skal jo berre gjera ting som eg syns er kjekt no !! (det sa legen !!))

Eg ønsker alle ei kjempefin helg !!






onsdag 3. desember 2008

Dette gjer eg på.

Eg var litt uttafor i går etter å ha blitt sjukemeldt med altfor høg puls. Fekk ordre om å gå heim og bare gjøra det eg hadde lyst til og ikkje tenka jobb. Vanskelig .......! Kom meg omsider heim etter gode samtalar med gode kolleger. Innsåg at no måtte eg høra på legen.
Eg innrømme at det var litt godt å vakna i dag tidleg (rett nok til vanleg tid!!) og vita at eg ikkje skulle på jobb (men eg like meg jo så godt på jobb .....!!! - motstridande følelsar)
Sat lenge ved frukostbordet og bladde og las i interiørbladene mine.
Litt seinare på dagen dro eg på biblioteket og lånte desse bøkene. Gert Nygårdshaug er ein av mine yndlingsforfattarar. Dette er einaste boka eg ikkje har lese av han, den er ny i år. Dei to andre forfattarane er ukjente for meg, så det blir ei ny oppleving.

Elles så har eg begynt på "Blånisselue" til eit lite barnebarn. Den skal tovast i maskin etterpå, så den blir mindre.



På lørdag var eg ein tur til Husnes og Rosendal på shopping. Skulle egentlig kjøpa julegaver, men det blei ein del til meg sjøl òg (i tilfelle eg ikkje får noe til jul !! - hehe !!-)
Dette fruktfatet ( eg har iallfall frukt i det !) måtte eg ha med meg heim, .........



........desse to hjertene også ......


...........også denne lysestaken med plass til lys i skuffa under, kunne nå ikkje eg motstå!!!


På "Baronessa" på Husnes hadde dei dette bildet. Det er julegave til meg sjøl fra førjulsnissen !!!!! Eg likar godt slike tåkebilder. (det er ikkje sol i venstre hjørnet, bare blitsen !! ---alltid blir det sonn når eg fotograferer !!---
Eg prøver å ta det med ro, det er ikkje lett!!
Ha ein fin dag !








tirsdag 2. desember 2008

Bremsane må på .......

Julenissen er ein travel kar i juletida. Eg har vert travel lenge. No må bremsane på. Sjukemeldt for første gang i livet. Ein merkelig følelse som eg ikkje er heilt komfortabel med. Eg vil jo gjerne vera på jobb..............menmen !
Ha ein fin kveld og takk for masse koselige kommentarar som eg har fått i det siste ! - klem -