fredag 25. juni 2010

Besøk i koselige Tønsberg

Så godt å reise vekk noen dagar og bare nyte. Vi har hatt to fine dagar på Quality Hotel Tønsberg. Eit kjempeflott hotell i ein koselig by.

Flott utsikt fra rommet.
Og koselig å gå på brygga. her var det mange fine plassar å setta seg ned både for mat og drikke.

Ein tur på Slottsfjellet blei det også.

Eg for min del fekk besøkt mange fine og koselige interiørbutikkar og der eg likte meg best var hos Lunehjem. Så mye flott og så hyggelig, Her kunne eg gått rundt i dagevis !! Eg var her begge dagane og fekk kjøpt med meg heim både det eine og det andre . Det blir eit innlegg om det snart.
Ønsker alle ei fin helg !!
klem fra Sigfrid

onsdag 16. juni 2010

Ta vare på dagane !!

Dagane er fine, sjøl om den store varmen har uteblitt. Likevel er det godt å setta seg ned i hagen.

Den eine planta etter den andre blømer no. Lupinane, store og fargerike, men må haldast i sjakk ellers så er dei overalt.

Fuksiaen er planta i ein stor jernkasse og må stå der den står (eg klarer iallfall ikkje å flytta den !)

Stemorsblomen er ei sikker plante som trivs både på verandaen og i hagen.

Gullkorga skin som ei sol i hagen. Godt å sjå på !!

Nye valmueblomar poppar opp både her og der, og fine er dei.

Pelargonia har det blitt mange av, dei får helst stå på verandaen.

Med stort overflod av blomar ute, er det kjekt å ta inn noen også.

Dagen i dag ser fin ut. Nyt den !
"Husk å leve !" sa Johann Wolfgang von Goethe
"Å vera til - større ord er ikkje sagt !" sa Olav Duun.
Eg er enig med dei !!

Klem fra Sigfrid

torsdag 10. juni 2010

Deilige utedager !

Vi har varme og fine dagar. Godt å gå ut på verandaen. Setta seg i korgstolen.

Pusta inn den gode blomsterdufta, fa tankane fara og la augene kvila på fjord og fjell.

Eller gå ned trappa til hagen og sjå at det blømer overalt.

Peonen er stor og mektig.

Den vender seg mot fjorden og fjella den òg.


" Å LEVE ER IKKE NOK . SOLSKINN, FRIHET OG EN LITEN BLOMST MÅ MAN HA " (H.C.Andersen)

Nyt dagane og livet, nipp langsomt til det !! Ha fine dagar! Stor juniklem fra meg.

mandag 7. juni 2010

Fine dagar i Gøteborg.

Deilige dagar i koselige Gøteborg, det er godt å ta med seg.

Veret var flott og i parkane var det full blømimg.

Dagane gjekk med til å vandra i byen, i parkane , ta ein utepils her og der, shoppa litt, få med seg ein severdighet og to ......

.... og eta gode måltid på koselige restaurantar.

Det fristar med ein lunch her .......

..........eller kaffi og litt bakst her .......
..... ein skal jo kosa seg, og det er eg faktisk god på !


Kven kan la vær å gå inn i ein slik butikk ?? Ikkje eg iallfall ....... det blei litt shopping her ja. (det komme eg tilbake til )

På ein bruktbutikk kjøpte eg denne mugga .... eg er svak for mugger.

Og nokre krukker og etasjefat fekk bli med heim frå ein annan butikk. Her har eg ordna litt på verandaen.
Det blei eit seint innlegg i dag, det nærmar seg midtnatt, men dagen har gått i ett, så eg skal ta besøksrunden til kjente og kjære bloggarar i morra.
God natt og ha ei flott veke !