mandag 19. oktober 2009

Ein tur til landstedet.

Det er mykje å gjøra i et gammalt hus fullt av alle mulige slags ting fra ulike periodar. No har alle dørane fått seg noen strøk med kvitmaling. Og den gamle radioen er dradd fram fra kottet.

Det er mykje panel i huset, men litt kvitt kvikkar opp.

Eg har nokre krakkar i denne grønnfargen som eg likar godt. Denne krakken har lokk og står inne på do.

Søndagen var ein fin høstdag og det var flott å vera ute.

Dette bildet er tatt i sommar rett utanfor døra.
Nyt dagane og ha ei fin veke !

søndag 18. oktober 2009

Når vekkerklokka ringer ..........

......... tidlig om morningen..... ka slags lyd er dette ? kor komme den fra?
Da er det å famla etter klokka, og trykka og dra i alle utståande dingsar med håp om at denne fæle lyden skal ta slutt !!
Resultatet har etter kvert blitt ei vekkerklokka uten ein einaste tapp til å stilla noe som helst, altså må den ringa til same tid kvar dag: kl. 06.45 !!


På tide med ny vekkerklokka !!
Og som tenkt, så gjort. Denne fine klokka fra Green Gate fekk plass på nattbordet mitt.

Den har til og med ein liten knapp som får den til å lysa !

Og fargen er den samme som på nattbordlampen. No gjenstår bare å se om den klarer å få meg opp i morra !!

Eg har ei anna klokke også, men denne er ikkje vekking på.
I kista mi har eg stoffer og diverse anna.



Litt pynt på soverommet må også til.


Fra soverommet vårt ser vi rett ut i hagen.
Så er ei flott helg over.
Ha fine dagar framover !!

torsdag 15. oktober 2009

Dekorative ..........

............ er desse raude bæra. Og i år bugnar rogna av bær.

Eit gammalt ordtak seier: "Treet skal ikkje bera to tunge bører same året". Då skulle det bety at det blir lite snø i år ! Jippi !!

Eg har henta masse rognebær, mesteparten har havna i frysaren. Dekorasjon til jul.

Men noe av det får gje farge til interiøret no også.

"Høgt heng dei og sure er dei", sa reven då han ikkje fekk tak i rognebæra.
Kos deg og ha fine dagar !

tirsdag 13. oktober 2009

HAUST

Vi har nydelige haustdagar. No er alt regnet glømt. Lufta er klar og fargane er flotte. Fjella er kvite på toppane.

"Velkommen" seier skiltet ved inngangsdøra.

Det er tid for lys og lykter. Det begynner å bli tidlig mørkt.

Sommarplanter er bytta ut med røsslyng ......

.......og mose og lav er henta ned frå fjellet.

"It would be worthwhile having a cultivated garden if only to see what Autumn does to it !"

....... så sant, så sant........nydelige fargar !
Ha gode og fine haustdagar !

søndag 11. oktober 2009

Vindu i vinduet


Det gamle vinduet eg fann i bua, har fått sin plass.


I vinduet på arbeidsrommet. Foreløbig med ein eføy i, men her er mulighetene mange.


Ein titt ned i hagen.

Utanfrå ser det slik ut. Eg har ikkje gjort noko med vinduet, anna enn å vaska det, så det har den gamle grønnfargen.

Vel, helga er over og ei ny uke står for tur. Ha fine dagar !

torsdag 8. oktober 2009

Leirskole

Søndag var det liten storm og leirskuleturen vart utsatt. Men slik såg det ut på mandagen då vi ankom Røvær etter både buss- og båttur.




Slik leirskulehuset ligg rett på kaia, er det flott utsikt gjennom vinduene.


Stille, nydelig .....


Tur på øya.







Tirsdagen var det klart for segltur. Dessverre så var været dårlig, men opplevelsen stor for 26 tolvåringar og tre voksne.










Litt sol på onsdagen. Vi skal sjå på livet i fjæra. Dei lærte om tang og tare, sjøfisk og sjøfugl.


Ungane fòr til topps !!


Bada gjorde dei kvar dag. BRRRRR!!!


Ein opplevelsestur ved havet: der dei fekk bada, fiska, ro, padla, setta teiner og dra ut med seilbåt.


Dei pakka sekkar, reidde senger, dekka bord, knytta knutar, blei kjent med nye venner, snop, snop, seine kveldar og lærarar som vekte dei kl 07 til dagens gjøremål !!

Mange trøtte ungar som vart henta av foreldre på bussen i ettermiddag.

Eg kjenner at eg òg er trøtt !! Det er tøft å ha anvar for så mange ungar (eg hadde 19 med meg) i 4 døgn !! Det vert nok ein tidleg kveld på meg ....... eg skal på jobb i morra også !!

Heldigvis snart helg !

søndag 4. oktober 2009

VENTESØNDAG

I lang tid har det vert bestemt at eg og klassen min skulle dra til Røvær (ei lita øy utanfor Haugesund) på leirskule i dag. Alt var ferdigpakka og klart, så komme telefonen som seier at det er liten storm og at båten fra Haugesund sannsynligvis ikkje går. Kva gjør eg då ??

Jo då er det å hiva seg på telefonen og ringa til nitten foreldre og si at vi må reise med bussen i morratidlig i stedenfor og kryssa fingrane for at båten går då ! Nedtur ! Vel så her sit eg då og veit ikkje heilt kva eg skal bruka dagen til.


Sjå på dette fine veret.
Men dette var på fredag i Haugesund....eg hadde meg jo ein tur dit då.

Foreløbig sit eg ved datamaskina. For to-tre veker siden var eg på fjelltur med klassen min hit. Dette vesle vatnet ligg på 860 moh og da gjekk vi fra sjøen og opp.



Høsten er komt for fullt og fjellet har vakre fargar. Siden da er det komt snø på toppane også.
Vel, då blir eg borte til torsdagskveld, hvis båten går då!!!
Ellers så blir eg vel værfast ute på øya!
Ha ei fin veke !

torsdag 1. oktober 2009

Nye idèar og prosjekt

Det er høstferie. Eg har hatt to hyggelige dagar i Bergen, med shopping og barnebarnbursdag. I går var eg på landstedet og rydda . Å sjå ka eg fann !!!


Gamle vindusrammer!
Rett nok utan glass, men ka gjer vel det ?


Eg har tatt to av dei med meg heim og har ein idè om ka eg ska bruka dei til !


Eg syns at beslaga på slike gamle vindu er så flotte.

Eg trur ikkje at eg skal gjera så mye med de, bare skrapa litt noen steder.




Om ein liten time drar eg til Haugesund på besøk til minste sønnen ( ja så liten er han nå ikkje med sine 1,92m og 29 år !!!) Der er eit lite barnebarn også på et par tre månader.


Ha ein god dag !