søndag 27. april 2008

HELG .......

Fredagen var bordet dekka til ein liten bursdagsfeiring. Eg glemte å ta bilde av maten ... men alle blei mette!!!

Vi har hatt eit barnebarn frå Bergen på besøk i helga og ho ville så gjerne fiska. Så lørdagen dro vi til sjøen for å prøva fiskelykka, den var heller dårlig, det samme var veret!

Ho blei flink til å kasta ut snøret etter kvart, men mormora var ikkje like flink til å fotografera!


Søndagen vart den vesle jenta køyrd tilbake til Bergen og eg hadde meg ein lyntur på Plantasjen. Hadde litt blomar med meg ut att!! Så no har eg endå fleire blomar som eg må bera inn om kvelden og ut om morgonen....TYPISK MEG !!


Dette forestille ein Rhododendron ........ den ser litt sjuk ut der den står i hagen. Eg har prøvd å gje den jern!!! men kanskje det er noko anna den manglar ???

Så var denne helga slutt, skal si den fauk avgårde. Ny arbeidsveke i morra, men den er heldigvis kort!! Ha ei fin veke alle saman!

torsdag 24. april 2008

Vårforberedelser på verandaen ... og litt anna!

Denne løkta kjøpte eg meg i Stavanger forrige helg.

Kurvstolane - det er to av dei - har fått nye trekk denne veka.

Det har putene i benken også. Så nå er alt klart til å innta verandaen. D.v.s. vi har brukt den heile denne veka. Deilig og avslappandes å sitta der på ettermiddagane etter jobb. No manglar det berre ein del blomar i krukker og kar og blomsterkassar + løkter og litt dill og dall!


Arbeidsrommet har sett slik ut - og endå verre - i noen dagar no. Eg kjøpte et par kvite hyller på Ikea i Stavanger og då var tida inne til å mala dei lysebrune eg hadde frå før, kvite.

Det er det eg holde på med her. Hyllene frå Ikea har eg ikkje fått enda, handla litt mye så det var ikkje plass i bilen. Hehe! Sønnen tar dei med neste helg når han kjem hit.


I går var eg på bruktbutikken............ har lenge vert

på utkikk etter ein kommode der ikkje bunnen dett ut av skuffene. Og der sto jo denna i heiltre, så då var det bare å kjøpa. Så fikk eg den jo ikkje inn i bilen hverken i baksetet eller bagasjerommet...typisk meg med mitt øyemål!!!! Gidda ikkje kjøra heim og henta tilhengaren og gubben var ikkje heima. Så då måtte min far på 82år koma med sin bil og redda meg !!! Hehe! ( Og det er jo ikkje første gang!!) Skal selvfølgelig mala kommoden og setta på nye knottar.
Ja, slik har mi veke vert itillegg til arbeid i hagen (ja også jobb da!) No må eg laga ei kake ... og eg er dårlig til å baka! Men det fins jo eit bakeri hvis eg mislykkes ....... eg har burdsag i morra, men det blir nå ikkje den store feiringa!
Ha ein fin dag og ei kjempefin helg til alle!

tirsdag 22. april 2008

KONTRASTAR

I forrige veke var eg på fjellet med elevane mine. Det var ein fantastisk nydelig dag. Sol frå blå himmel, masse snø og fint skiføre.


Eit gammalt sel som nesten var nedsnødd. Her åt vi nista vår .......og eg sola meg!


Då eg kom heim såg det slik ut i hagen. Eg trur desse heiter "Forglemmegeisøster" ... fine er dei i allefall.


Stemorsblomster blant stein og røtter.


Denne "Aubretia'en" (hageblåpute) blømer på ei oppmurt hylle ved inngangen. Når den blømer er våren komt!

Eg har vert ute i hagen i heile ettermiddag. Det var kjempedeilig og sola varma. Men såg på vermeldinga i kveld at på torsdag kjem det regn att ...æææææ!!! Så eg nyte sola mens eg kan.

Ha ein fin tirsdagskveld og takk for alle hyggelige kommentarar i bloggen min.

søndag 20. april 2008

STAVANGERTUR

Eg har hatt ei kjempekoselig helg i Stavanger. Vi besøkte vår yngste sønn og samboer, og det er alltid veldig hyggelig, i tillegg var veret strålande. Her er foto frå gamlebyen, sjarmerande med utruleg mange fine hus.

Det kvite huset nederst er ein nyåpna, kjempeflott butikk - La Famiglia -(Takk for tipset, Linda!)

Utenfor "Maison Marie" ...bare synet av dette hyggelige bordet drog meg jo inn i butikken !

Og shopping blei det!! Dette flotte fatet + såper kjøpte eg på La Famiglia (det er glassfat, her ser det litt svart ut pga den svarte duken). Dei to blomsterpottene fann eg på Maison Marie.


Ellers så har eg dilla på korger, så det blei noen av dei også + ein del andre ting. På fredagskvelden var vi på IKEA, der kjøpte vi ny TV-benk og eit par hyller + kassettar til alle interiørbladene mine... No skal det bli orden på sakene!


Våren var komt i aller høgaste grad, mykje lenger enn heime. Før vi drog heim søndagen gjekk vi tur rundt Mosvatnet, nydelig turområde og her blomstra det villig. På vei heim klarte eg å koma meg innom eit planteutsalg også, så i morgon vert det planting. Det er sikkert litt tidlig, men det blir vel som vanlig at eg ber blomane ut og inn !! Hehe!!

Ha ei fin veke! Eg skal planta sommerblomster og montera TV-benken.

søndag 13. april 2008

Kvilestaden min .........

Lørdag morgon fyllte vi bilen og dro til Maurangerfjorden der vi har ei campingvogn ståande. Det var tid for å setta opp forteltet og gjera klart for sommarhalvåret. Vi kjøpte campingvogna for tre år sidan ..... vi hadde aldri tenkt at vi skulle kjøpa campingvogn........ men plassen var kjempefin og vi følte at akkurat då trengte vi eit sted å slappa av.

Ein tur bortover dei fine svaberga. Veret var grått, men det regna ikkje.



Sjø og stein .... eit vakkert syn.

Her står ein hortensia i knopp, den har stått ute i heile vinter så eg var spent på om den ville klara seg. Vi har ein stor terrasse rett opp for sjøen. Her er kjempefint å sitta å sjå på alt som rek forbi, høyra på bølgene som slår inn mot svaberga, lytta til fuglane og nyta stillheten og verkeleg slappa av..........

Vi reiste heim att i 12-tida i dag(søndag), for då begynte det å regna og vi hadde egentlig fått ordna med alt vi skulle. Eg gjorde siste finish på stuetaket då vi kom heim. PUH! endelig!! Eg var så lei!!!! Det er eit par plater som eg må gå over ein gong til, elles så blei det bra!

Og så er det alt mandag i morgon og ny arbeidsveka. Eg ønsker alle ei fin veke og mange takk for alle koselige innlegg og kommentarar eg har fått i bloggen min. Det set eg stor pris på!

tirsdag 8. april 2008

HAGEARBEID

I ettermiddag har eg vert ute i hagen og grave og ordna. ÅH, det var så deilig å endelig kunna stella litt i hagen, ta vekk vissent og dødt, fylla på ekstra jord og sjå at omtrent alt hadde overlevd. Vi har hatt ein mild vinter her på Vestlandet i år.

Som bildene viser så er eg litt steingal, menmen.......


Her er det litt vissent, men eg satsar på at det kjem seg når vi får litt sol og varme.

Det var deilig å ta litt pause frå det der takmalingsprosjektet mitt. Det frista meir å stå bøyd nedi jorda, enn å "henga" oppunder taket! I går malte eg taklistene. Og eg skal gjør taket ferdig så fort som mulig !

Håpar at våren er komt mange stader i landet! Hyggelig at du stakk innom! Ha ein fin kveld!

søndag 6. april 2008

Fleire helgeaktivitetar !!

ENDELIG......... etter mye prat og mange utsettelsar begynte eg på taket i helga. Eg har kvidd meg, og det med rette! Det var pyton! Taket er platelagt fra før av. Platene har eit grønnskjer som gjør at dei ser skitne ut, det er difor eg vil mala dei.


Det er lett å sjå forskjell! Her er det malt et strøk med kvitmaling ........ og ei plate er ikkje malt.

To strøk på tak og lister. Dette er på kjøkkenet. Gangen har og fått to strøk. Men stua, det vil si halve stua har fått et strøk, og den andre halvdelen har eg ikkje begynt på enda. Må ha ein pause for no er eg gåen i nakken og armane !!!


Derfor gjekk eg over til ein annan aktivitet. Eg skal laga konfirmasjonskort med foto til 24 tidligare elevar som skal konfirmerast i slutten av april. Er ferdig med halvparten og her er resultatet.
Her kjem våren snikande. I dag var det ein sur vind........men lauvet sprett!

Ha ein fin søndagskveld alle sammen !


onsdag 2. april 2008

VÅRFORNEMMELSER ..... de' e' jo april !

ENDELIG !! Sol på snødekte fjell ...... sol fra blå himmel. Det er eit flott syn når ein ser ut stuevinduet. Det er lenge sidan det såg slik ut, og eg måtte bare ta eit bilde!

I ettermiddag har eg vert ute i hagen. Det begynne å livna til. Det er ikkje så mykje som blomstrar enda, men blad og knoppar er det mykje av. Det er nok ikkje lenge før denne Gullkorga blomstrar med fine gule blomar!

Eg gadd ikkje laga middag då eg kom heim. Tok med meg eit glas vatn og "Lantliv" ut på hagebenken og berre kosa meg i sola. Det var faktisk 13 varmegrader ute! Vi må nyta alle fine stunder.

Ha ein fin dag! Eg blir alltid glad for ein liten kommentar!