lørdag 31. juli 2010

REISEBREV del 2

Blir du med vidare ?
Då går turen sørover på den tyske "Allèenstrasse". Vi likar best å kjøra utenom dei stressande motorvegane. Då ser vi landskapet, dei små koselige byane, vi kan stoppa når vi vil.....


...... det er fint og avslappande. Hittil i ferien har det vert strand, soling, nyte vakre stader ....

........ og gode duftar.

MEN ........ det blir litt meir alvor når vi besøker konsentrasjonsleiren i Sachsenhausen. Vi har i løpet av ein del år vert i samtlige konsentrasjonsleirar i Tyskland (og Polen) og det er like trist kvar gong ...... men eg trur vi har så godt av å bli minna på kva som hende i så nær fortid.

Deretter går turen til BERLIN. Byen med så mye historie.

Kaiser-Wilhelm-Gedächtniskirche som vart bomba i 1943, restane står der og ei ny glasskirke er bygd vegg-i-vegg.

Spaghettimonumentet som symboliserar eit delt Berlin ....kanskje det burde ha blitt sveisa saman no ?

Unter den Linden. Lindetre på begge sider av gata, solstrålene vil gjennom. Vi hadde kjempefint vær.

Vi var på ein flott båt tur på Spree og kanalane. Mange utrolige glassbygg.

Brandenburger Tor, minnesmerke over drepte jødar, muren og Checkpoint Charlie.

Med både tur i sightseeingbuss og båt fekk vi mykje med oss. Siden sist vi var i Berlin (1996) så har det skjedd utrulige forandringar .....

....... her på Potsdamer Platz er det no berre digre høghus i glass og betong. I 1996 var det ingen hus her, berre ein stor byggeplass!!

Etter Berlin gjekk turen vest over igjen. Ein av byane vi stoppa i var GOSLAR.
Vi stoppar alltid i Goslar når vi er i Tyskland.

Goslar er ein fantastisk flott by, den har faktisk så mye som 1800 bindingsverkshus. Her er utsyn over den fine markedsplassen.

På markedsplassen ligg også dette flotte hotellet, det er eit syn og eg tar bilde av det kver gang vi er her. Hehe!!

Men vi budde her (for 3.gang) på Gästehaus Schmitz som er eit kjempefint sted å overnatta. Hyggelig vertskap, nydelig hus både innvendig og utvendig.

Eg har på 100vis av husbilder fra Goslar, men viser desse to i dag. Fint !!

På slutten av ferien overnattar vi i RIBE, Danmarks eldste by ......... så fin, så fin !

Byen er tatt godt vare på og har ein utrulig fin gamlebydel med historie i kvar krok.

På Weis stue spiste vi, eit fantastisk flott hus og maten var delicious !!!

Her var det koselig å sitta å eta.

Siste dag går langs vestkysten av Jylland. Litt stopp for å nyta havet og sanden.........

........ før vi tar ferja til Norge. Og ferien er over for denne gang.

Mange fine minner om deilige dagar. Batteriene er lada og enrgien er på topp. Det er godt.
Eg hadde hatt lyst til å brukt meir tid i Danmark, shoppa og gått i bruktbutikkar, men slik blei det nå ikkje. (!&&?)
HA EI FLOTT HELG !!
Klem fra Sigfrid

torsdag 29. juli 2010

REISEBREV del 1

Etter Larvik- Hirtshals og så gjennom Danmark med bil så kom vi til
Hansabyen LÜBECK. Der tok vi inn på dette lekre hotellet.

Lübeck er vel verdt eit besøk, her er det mye flott å se på.


Rådhuset er fra 1226 og har uvanlige veggar og småtårn.

Marsipan fra Lübeck . Den blir laga av 2/3 delar mandlar fra Venezia og 1/3 del sukker og aromatiske oljer.
Mmmmmm ..... glømte å ta bilde av marsipanen før eg åt den opp !!!


Holstentor blei bygd i siste halvdel av 1400. Og denne porten var i den tida einaste inngang til Lübeck.

Nydelige bygningsfasadar og båtar på kanalen.

Mange bruer over kanalen, dette er ei gangbru rett ved hotellet. Når vi gikk over den så var vi rett i gamlebyen.

Så gjekk turen vidare til neste Hansaby,
nemlig WISMAR.

Ein nydelig by med flotte bygningar.

Eit skeivt og sjarmerande hus ved ein liten kanal.

Veret er varmt og flott, og ka er då bedre enn is til lunch ?? ......

........og solnedgang til kvelds ??

Så kjører vi ut til Østersjøkysten, vi passerer mange flotte småbyar, stoppar i noen av de. Det er vanskelig å bestemma seg, men vi velger å stoppa noen dagar i
ZINGST.

Her er det bare så fint !!

Vi bor her på Fischer's Hus. Og som dei fleste steder i Tyskland, reine fine rom og flotte bad og ein kjempegod frukost.

Veret er fremdeles varmt, 30 grader . Då fristar stranda. Nydelig, rein og fin strand og sanden så mjuk !!

Her er det rett ut i Østersjøen, men litt langt å svømma til Sverige !!!

Dette er ein restaurant som heiter Rosehagen. Synet og duftane kan bare ikkje gjenngis på bilde!!

Her åt vi selvfølgelig !!! Maten var kjempegod også..............

.............. og vi blei sittande lenge !! Nyyyyt!!

Ein av dagane leigde vi oss syklar. Her har vi ein liten stopp ved havet .......

.......... ellers så var det bonn gass (hehe!!) på sykkelveien. Her var det milevis med sykkelveiar . BRA!!

Etter noen dagar går turen til RÜGEN, det er den største øya i Tyskland. Den er landfast ved ei stor bru.
Her og er det mange fine stader å velga mellom, og vårt valg er
BINZ.

Her bur vi i Villa Mona Lisa.

Binz er ein koselig by der nesten alle husa er kvite. Det er praktvillaer fra tidlig på 1900-tallet som er ombygd til hotell.

Og standa og vatnet frista her også!

Lavendelen blomstra og dufta så godt!

Etter noen dagar gjekk reisa vidare. Men først ein god frokost !
Som du forstår så tar vi det litt sonn som det komme, vi bestille ingenting og blir der vi har lyst !! Vi likar det sonn og vi nyyyte dagane !!

Dette blei jo langt .....men det komme meir viss du orke !!?

Ha ein flott dag !!!
Klem fra Sigfrid

onsdag 28. juli 2010

Tilbake til kvardagen.

I går kveld kom vi tilbake fra 2 deilige uker ved Østersjøkysten (Nord-Tyskland), små sjarmerande byar, fantastisk fine strender, flott vær og alt ein kan ønska seg.
Vi var Lubeck og Berlin også............


............ eg komme tilbake til ferieturen.
I dag har eg skrubba heile verandaen for fugleskit og ordna med alle plantene som flaut i illeluktande vatn !!! Og kasta all maten som var i frysaren for den hadde slutta å fungera mens vi var borte .!!!.....
jaja!!! ......så kom man fort ned på jorda igjen !!!

Ha ein fin dag ....... snakkes !!!

søndag 11. juli 2010

Sommardagar

Fine sommardagar har vi hatt no. Ein kveldstur langs elva ein varm sommarkveld er godt.

Koselig besøk har vi hatt også. Ein liten kar ser forundra på den buldrande elva.

Late dagar i hagen.

Eg har ein pause få malinga i inngangspartiet.

På jakt etter markjordbær. Mmmm...dei er gode !

Ein liten benk som er god å sitje på for små kroppar.

Benken har stått ved inngangsdøra før, men no måtte den byta plass.

Fine dagar for grilling også.

Og hagen er vakker! I dag reiser alle besøk. I morgon har vi nye planar.....
Ta vare på sommardagane og nyt dei. Tida går så fort.
Klem fra Sigfrid