Viser innlegg med etiketten Handarbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Handarbeid. Vis alle innlegg

søndag 22. januar 2012

Vinterland.

 

Det kom litt snø her om dagen.        Så lyst og fint det vart.

003                    006

Det er snø på busker og trær i hagen. Til kvelden så skal eg tenne løkta.

004          007

I kveld har vi vert i  5 årsdag. Han fekk blant mykje anna denne gensaren som eg har strikka til han.

Gensar til Nikolai

Ha ei flott ny og ubrukt veke!!!

Klem !

lørdag 7. januar 2012

Mariusmønster

 
I høst strikka eg dette teppet.  Eg har brukt  det gamle norske Mariusmønsteret. Opp gjennom åra har eg strikka fleire gensarar i dette  fine mønsteret. 
001 (2)                003
 
Men denne gang blei det eit teppe.
Eit teppe som eit lite barnebarn og hans foreldre fekk i julegave.
005                007
Så må eg si mange takk for alle dei hyggelege kommentarane no på nyåret og takk til dei som hjalp meg med å ordna skrifta på headeren min. Tusen takk, kjempebra!!
God helg !
 

søndag 20. november 2011

Småputling


Noen fleire strikkekuler er blitt laga.

002

Dei er raske å strikka og etterpå er det bare å fylle dei med vatt eller ull.

005

Ei strikkepute er snart ferdig også. Ypperleg TV-arbeid.

006      004

Eg har kjøpt meg eit smart verktøy

Med dette kan eg setta spiral i ryggen på småbøker som eg lagar. Har noen bøker i produksjon.

003

To små fat som eg kjøpte på loppis ein dag.

Her har det vert ei rolig helg aleine. Eg har for det meste slappa av. Og helga har gått fort, så i morra er det atter ein ny og travel arbeidsdag.

HA EI FIN VEKE !!!

onsdag 2. november 2011

Nå går det fort mot jul.......


Og for ikkje å gå i den fella der eg bare fyke rundt og tenke

at nå er det bare så og så lenge igjen og eg har ikkje fått gjort noen verdens ting . . . . . 

og da blir det jo ikkje gjort noe heller. . . . . 

så har eg  strikka noen julekuler.

003

 

Eg var så heldig å få låne  boka Arne og Carlos JULEKULER av ei venninne.

Kjempeartig, fort og enkelt . . . . .  så dette blir julegaver!!

Yess, da er eg i gang  . .. . det er jo det første steget som er det verste . . . . og nå er jo det gjort.

006

Og så er denne kaktussaken ( ikkje veit eg om det er jule- eller påskekaktus !!?) begynt å blomstre.

Sikkert fordi eg har glemt den heilt ut og ikkje flytta den rundt omkring i huset. Ikkje har den fått vatn heller.

008

Ha ei fortsatt fin veke!

torsdag 25. august 2011

SOMMERHÅNDARBEID

Når man skal halda på med noe smått og pirkete, er godt lys utruleg viktig. Og det beste lyset er ute om sommaren.

Eg har eit barnebarn som skal konfirmerast til våren (hjelp!! kor fort tida har gått !). Og då må jo ho få bunad. Eg har lovt å sy all Hardangersaumen til bunaden, så det har eg holdt på litt med i sommar.


Å sitta ute å sy er bra. Eg har problemer med å sy på dette tette stoffet, eg ser rett og slett for dårleg og er avhengig av knallbra lys og altfor sterke briller, så det blir berre korte sy-stunder. Men det går framover.

hardangersøm     hardangersøm 3
Slik er forkle-borda  no.                               Slik skal den bli.

pelargonia     pelargonia 2
Denne petuniaen har klart seg bra gjennom sommarregnet.

Ha fine august-dagar!

 

tirsdag 4. januar 2011

SENGETEPPE

Nå er eg snart ferdig med sengeteppet som eg har strikka på i høst. Manglar ca 10 lappar så passar det til dobbelsenga på hytta.

Dette teppet strikkar eg i tjukt ullgarn. Eg har strikka/hekla to slike teppe før også, men dei var i bomull og mye mindre.

Lappane er for det meste i ecru/kvit-nyansar med ein og annan lysbrun eller lysgrå lapp innimellom.

Det er eit greitt håndarbeid, eg strikkar ein lapp no og ein lapp då, så blir det til slutt eit teppe !

På dette sengeteppet fann eg ut at eg skulle hekla ei bord som eg skal sy på langs kanten. Det tar litt tid ja, for den må vera minst 9 meter lang !!!!! (er komt vel halvveis)

Eg skal laga et innlegg når teppet ligger ferdig på senga (når tid det måtte bli !!)
Ha ein flott kveld ........ eg skal hekla !

søndag 2. januar 2011

Gamle strikkemønster

I dag har eg funne fram ei gammal bok med mange fine, gamle, norske strikkemønster. Her eit mønster på vottar .......

.......men eg hadde meir bruk for sokkar.

Så derfor tilpassa eg mønsteret til sokkar og brukte mørk bunnfarge i stedet for lys.

Eg brukte garnet pt5 sport, det er ganske slitesterkt og kan dessutan vaskast i maskin.

Og vips, der var ein sokk ferdig, den andre skal eg strikka i kveld. Nå skal eg rydda vekk julepynten!
Ha ein flott søndag! ...... i morra er det jobb igjen !
Klemmer...

tirsdag 9. februar 2010

Restegarn og nytt garn

Nok eit lappeteppe er gjort ferdig. Denne gang har eg bare brukt restegarn. Dette teppet skal eg ta opp på hytta og bruka det i ein stol som er litt slitt. Rundt kanten har eg hekla ei "blonde",

....ellers så er teppet satt sammen av like store lappar i forskjellige strikkemønstre.

På mandag var eg på strikkecafè, det er alltid kjekt og nytt garn hadde eg med meg heim denne gangen også. Eg likar godt alpakkagarnet.

Dette brune alpakkagarnet fra Viking, skal bli til ei pute. Eg skal strikka ei stor flette midt på den, og eg måtte jo begynna på det !

Eg kjøpte noe tynn alpakka også, planar om ein vid vest eller liknande, har iallfall begynt så får vi se åssen det blir.

Som du ser så har eg noen prosjekter på gang, men det har eg alltid .............. og det likar eg å ha ! Eg strikkar og heklar mye og ofte !!!
Ønsker deg ei flott veke !!

lørdag 5. september 2009

Når eg ikkje får sova ............

......... og det skjer nokså ofte, så er det like greitt å stå opp. Sjøl om det er lørdag og klokka er bare litt over seks.

Og det er mye eg kan gjøra på. Holder på med et baby-strikke-prosjekt (jakke og bukse )til et nyfødt tvillingpar. Det begynner å bli ferdig nå.

Teppeprosjektet mitt har vart ei stund ...... men det hastar ikkje, så det blir ein lapp no og då. Noen blir strikka og noen blir hekla og åssen det blir til slutt er det ingen som veit !!

Har ordna og dilla litt i huset i dagmorges innimellom strikkinga. Pelargoniane er tatt inn, denne har ein fått plass i ein kasse som også har stått ute i sommar.

Kvite roser til helga er fint. Kjøpte de til meg sjøl i går !!!
Ønsker alle ei fin helg !

mandag 27. juli 2009

HJERTESUKK !!!

GRRRRRR !!!!!
Det er regn og atter regn !!!! Dette er ikkje sonn eg vil ha det om sommaren.
Nå har det regna kver dag siden eg kom fra ferie for seks dagar siden !!!
Unnskyld det er jo ikkje di feil !!!
Siden været ikkje tillater noe hageaktivitet eller uteliv, så får ein ta fram strikkepinnar og heklenål !


Har begynt på eit hekle-strikke-lappeteppe som blir til underveis. Noe må ein jo gjør på når det regne !!

Ellers så er det ypperlig å rydda i boder og kleskap i dette været! Så eg har hatt meg ein razzzia der ...... då blei det heve ein del ja !
Ellers så kos deg der du er, håper du har betre vær enn meg............
Eg trur eg reise på ferie igjen !!