tirsdag 29. juli 2008

Fortsettelse på ferieturen........

Her komme fortsettelsen av ferieturen vår i Europa. Det blir sjølvsagt bare noen små smakebitar, det var mange bilder å velga mellom......
Dei første bildene er fra Goslar i Tyskland. Her budde vi både når vi reiste sørover og på vei heim att.Gamlebyen i Goslar er eit syn vert og vi stoppar alltid her når vi reiser gjennom Tyskland.

Det er utruleg mange flotte bindingsverkshus her.

Vi budde her på Gästhaus Schmitz. Kjempekoselig og fint og det ligg midt i gamlebyen.


Ytterdøra på Gästhaus Schmitz.

På rådhusplassen er det klokkespill kvar 3.time.

Wirtshaus an der Lohmühle - her spiste vi. Kjempegod mat.


Dette er ein annan by i Tyskland som vi likar oss godt i -- Dinkelsbühl. Gamlebyen er omgitt av ein bymur med fleire tårn og husene er flotte og velstelte.



Dette er fra Melsungen.


Lengre sør i Tyskland. Her er det ein annan type hus enn lengre nord der bindingsverkshusa dominerar. Dette er i Garmish-Partenkirchen. Utruleg flotte maleri dekorerer husene.



Her budde vi med utsyn mot Dolomittane (østlege del av Alpene) Dette er i Østerrike.


Tur i 2000m høgde med utsikt mot Dolomittane (her er vi i Italia). Det var kjempeflott å gå. Det merkast litt at ein er høgt oppe, men samtidig så virkar det ikkje så høgt til fjells. Her er tregrensa på ca 1900 meter og det er jo atskillig høgare enn i Norge.




Kyr på beite i høgden.


Avsluttar med dette bildet frå turen vår og lar det vera eit teikn på ein på alle måtar vellukka ferie. Dette blei visst meir ein reiseblogg enn ein interiørblogg, men eg lovar å koma sterkare tilbake med interiør når hausten nærmar seg.

Då eg kom heim frå ferie låg det ein award frå Minime (Saligrot) og venta på meg. Den blei eg kjempeglad for. Eg skal senda den vidare, men det er litt hektisk her akkurat no, men det kjem....

Fortsatt kjempegod sommar til alle.


søndag 27. juli 2008

FERIE ........ balsam for kropp og sjel !!

Så var eg tilbake etter tre veker på farten. Eg har hatt ein kjempefin ferie, besøkt mange
koselige stader og sit att med berre gode minner. Å formidla det går nesten ikkje an, men eg prøver litt. Eg startar med målet for turen Istriahalvøya i Kroatia, så får eg koma tilbake til alt det andre i neste innlegg. Vi hadde ein liten reiseplan før vi reiste, men som vanlig blei den forandra underveis. Vi budde i to forskjellige byar, Novigrad og Rovinj. Begge to ligg ved Adriaterhavet og er virkelig flotte. Dessutan besøkte vi og fine, små byar som Porec, Vrsar og Motovun. Øverste bildet her er frå havna i Novigrad.

Eit lite smau ned til havet (Novigrad).

Frå havna i Rovinj med byen i bakgrunnen.

Husrekke i Rovinj. Eg blir så fasinert av måten å bygga på, så det blir mange "husfoto" i løpet av ei reise.

Her spiste vi frokost da vi budde i Novigrad. Den utsikta mot Adriaterhavet. Det er juice i glassene altså !!

Sjøl om alle hus er av stein/mur så er det allikevel frodig. Planter og blomar i krukker og kar overalt.


Ei sjarmerande trapp!


Fiskebåtar og andre båtar.

Her var det godt å sitta å sjå på sjøen (Rovinj).

Vi spiste nesten bare fiskemat og den var kjempegod!


Vin i solnedgang!

Is til lunch! Det var ca 30 grader hver dag.

Med tærna i sjøen! Det blei ein del bading og, spesielt i Novigrad.

Sykkeltur langs havet. Vi leigde oss syklar og sykla i fleire timar i varmen. Tungt, men flott for dei ekstra kiloane som alltid kjem snikande på i feriar !!


I Rovinj var det mange trange gater, det klesvasken hang frå hus til hus og ledningsnettet var eit einaste sammensurium. I desse brosteinsbelagte gatene var det mange små butikkar, atelier og cafear og restaurantar.


Ned denne trappa og til høgre ligg ein liten koselig butikk. Rett fram fører rett i sjøen.


Eit vindu som eg gjekk forbi.

Dette var ein liten smakebit frå Kroatia og ein flott ferie. I fortsettelsen får du høra om tur i Dolomittane og fine byar i Tyskland!
Fortsatt god sommar til alle!