søndag 26. juni 2011

God ferie !


Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje

og det må skje -

IMG_2318       IMG_2315

at tida skal opna seg,

at hjarta skal opna seg,

at dører skal opna seg,

IMG_2320   

at kjeder skal springa -

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst om.

                                          (Olav O. Hauge)

  IMG_2316

Ha ein fin ferie, gjer noko du elles ikkje brukar å gjera og framfor alt kos deg!!!

(Det kjem nok små reisebrev frå meg ………)

Sommarklemmar ……

torsdag 23. juni 2011

GOD SOMMAR !!!

Endelig kom ferien, den gode og etterlengta ferien.

I dag har eg hent opp ei gardin på verandaen og vatna alle blomane.

007       008

Eg har lagt på utebenken og sett på himmelen og fjella!!

012            013

Eg har gått rundt i hagen og kjent på den gode og etterlengta ferien.

014     016

Eg sat meg ned på den vesle terrassen, eg er  trøtt og eg kjenner at jammen fortjener eg ferie!

    025  024

I går dro vi ut til campingvogna om kvelden, sat og såg på solnedgangen og kjente på kor godt det var å ha fri!

010

No sit eg på verandaen og ser ned i hagen.

Eg ønsker alle ein fin St.Hans-kveld og

GOD SOMMAR  !!!!!

søndag 19. juni 2011

Litt overgrodd...

 

Vi har vert på hytta i dag. Der veks graset og ugraset fort. Men vi slo det ikkje i dag, det får vera slik til neste gang   …   det er jo ei vill-tomt !

010       011

Det er alltid noko å gjera på hytta. I dag sette gubben opp ny takrenne, det er lenge siden det har vert noe takrenne der ! Eg har leita etter passelige mateialer og murstein som eg skal bruka heime.

012

Tidligare i år har eg beisa  furuveggane i gangen med drivvedbeis og malt tak, dører og lister kvite.


003        005
No får ein nyta siste rest av søndagen og gjera seg klar til dei siste to dagane på jobb!!

016

Ha ei flott ny veke! Kjem sommaren no tru ?

fredag 17. juni 2011

Nyt øyeblikkene ......


Når dagane er travle og hovudet fullt

og du ikkje kan forstå

korleis du skal få gjort alt du må.

Ja, då er det viktig å tenka seg om

og ta litt pause i eit fint uterom.

peon

La augene kvila på fjell, fonn og fjord,

len deg tilbake og la tankane fara

Plukk nokre blomar  og grav  litt i hagejord.

001 (13)

Spa opp litt plen , finn nokre plankar og eit  steinlass

og lag deg endå ein sitteplass.

platning 2     platning 3

Då er du blitt trøtt i armar og bein

og har gløymt at det var i hovudet du var klein !!

lavendel 2

Ha ei kjempefin helg !!!!

fredag 10. juni 2011

Helg igjen......


Hei, så var det plutselig helg igjen!! Jammen  går det fort i svingane nå! Eg har plukka inn noen peonstilkar til helga, fantastisk flotte. Eg har noen kvite også, men de er kjøpt i vår så der blir det nok ingen blomster i år.

014     010

Tusen takk for alle hyggelige kommentarar på forrige hageinnlegg.  Såå kjekt!! Hadde eg nå bare fått brukt hagen og verandaen litt !!

002 (3)

Og velkommen til alle nye følgjarar. Kjempehyggelig !!

012

Eg kjøpte dette fatet på bruktbutikken for ei stund sidan. Eg kjøpte det fordi bestemor mi hadde eit slikt og det minna meg slik om ho.

004
I går keld kjempa sola seg fram mellom skyer, tåke og regnbyer. Det var jo egentlig eit flott syn fra verandaen vår!

Ha ei kjempefin helg !

lørdag 4. juni 2011

NIB utfordring: UTEROM


Denne gang  tenkte eg at eg skulle bli med på NIB sin utfordring.  Her er min uteplass på verandaen.

006   008

010

Noen fine plasser nede i hagen har eg også.

025

013   

Mye stein har gått med til peis og murar.

016

Vi har hatt noen flotte dagar i hagen denne helga …… rekreasjon og hagearbeid er godt både for kropp og sjel !!