fredag 25. desember 2009

1.juledag

1.juledag: ein lat og avslappande dag her hos oss. God og sein frokost. Julesnøen ligg kvit og fin.
Vi har kosa oss både ute og inne. Turgåing, strikking, lesing i ny bok (Kald måne av Jeffery Deaver), ordna på plass noen nye, fine ting eg fekk i julegåve, spist litt snop og sett på TV.

Vi nyt dagen, i morra skal vi ha selskap - koltbord. Mesteparten er laga til på fohånd, men noe må eg laga i morra tidlig. Men dagen i dag er satt av til avslapping.
Kos deg du også.

tirsdag 22. desember 2009

GOD JUL !!!


God jul til deg som har lagt igjen så mange hyggelige kommentarar !
God jul til deg som har vert på besøk !
God jul til deg som alltid er innom !
God jul til deg som har vert til inspirasjon og glede !
God og trivelig jul til dokke alle !!
Alle dei gode orda betyr mye i kvardagen.

Juleklem fra Sigfrid

lørdag 19. desember 2009

Julesnøen er komen......

I dag tidlig da eg såg ut av vinduet på landstedet vårt, var bakken heilt kvit og det var snødryss i luft.

Jippi !! Julesnøen var komen. Så koselig og fint. Litt mildare var det blitt også, for i går var det skikkelig kaldt og vi måtte fyra lenge før det vart varmt her.

Vi dro heim att i dag, berre ein snartur denne gongen, for å sjå til at alt var som det skulle.
No skal resten av helga nytast heime, småputla litt, pynta litt, spisa godt mat, ta eit godt glas rødvin og kosa meg.
Ha ein fin lørdagskveld du også !