torsdag 30. oktober 2008

TTT ..... ting tar tid .....

Eg syns eg har brukt all verdens tid på denne gangen min. Slik såg det ut då eg starta. Det vil sei etter at eg hadde malt veggane i egghvit glans 10.


Dørene og listene har fått tre strøk med oljemaling .....egghvit glans 40.

Nye dørhåndtak er komt på plass også. Gangen blei iallfall mye lysare. Den er liten og har 4 dørar og ingen vindu.


Så har eg vert så heldig å få denne fineutmerkinga av Line (Kvardagsliv i Storemyra). Tusen takk til deg. Og eg som likar så godt både steinar og lavendel.
Eg vil dela denne med:
Chatrine
Fjordheim
Kerstin

Eg har hatt ei travel og svært masete veke, så eg har vert lite rundt på besøk i bloggane. Skal ta meg ein runde no ...... eg savnar det jo, skal du vita!
Snart helg også. Deilig!





søndag 26. oktober 2008

Lufting.....

Etter å ha vert inne i heile helga fann Gubben ut at eg måtte luftast litt !!! Det var nå òg ein idè !!!
Det verste regnet hadde gidd seg. Vi gjekk oppover denne stien.




Det rann mykje vatn på stadar der det ikkje skulle renna vatn !



Nokre eple hang att på trea !


Andre stader låg epla på bakken.





Nokre tre såg frosne ut i regnet.


Vel, det gjorde godt med ein luftetur. Eg tok nå kameraet med i tilfelle. Det begynte å skumra så noen av bildene blei litt mørke.
Og så var denne helga snart over og ein ny arbeidsdag ventar i morgon.
Eg ønsker alle ei fin veke!







lørdag 25. oktober 2008

Innedag.....

Ute ular vinden, den tar tak i alt som er laust og fører det med seg. Alle blada på trærna har den reve av, nokre greiner også. Regnet piskar på vinduene. Vatn renn overalt. Det er mørkt allerede.
DET ER BEST Å HALDA SEG INNE !
Lys er tende rundt om i stua. Gubben har fyrt i ovnen og snart skal eg begynna å laga til lørdagskosen - Flatbiff og ovnssteikte poteter med salat og vin til. Mmmmmm!!
Eg var hos foreldrene mine i ettermiddag. Då kom mor med denne fine mugga og sausnebbet. Ho hadde så fullt i skapene og lurte på om eg ville ha det. Gjett om eg ville !!!

Denne mugga kan eg hugsa få oppveksten. Det vart alltid servert heimelaga saft i den.



Eg må finna ein fin plass å setta dette, har ikkje lyst å ha det inni eit skap. ÅH, den som hadde hatt eit større kjøkken !!!!



Kos dokke vidare i helga, nyt den og lad batteriene!
Klem!




mandag 20. oktober 2008

Sonn blei det ....

Ja, sonn blei den lille kommoden sjåandes ut. Eg brukte hullet der skuffa mangla, til ei lita hylle for minikokebøker. Oppi skuffene har eg serviettar.

Den fekk plass på kjøkkendisken sammen med diverse andre kjøkkengreier......



Slik såg det ut her i går. I dag pøsregnar det...... og då går det sonn.....

....... I denne fjellsida har det i ettermiddag gått eit 100m breitt ras. Ingen er komt til skade, det er jo utruleg for det er ein ganske trafikert veg. Vegen blir nok stengt ei stund. Sonn e' de' å bu på Vestlandet !!

Eg holde på å male lister og dører i gangen, ute går det nå ikkje an å vera!

Ha ei fin veke alle saman!!

søndag 5. oktober 2008

Vinter ?? No alt ??

Det er søndag 5.oktober og hagen er full av snø !! Ka e' det som skjer ??

Nedkjørselen treng nesten måkast!



Stakkars lite tre, tung snø på greinene er ikkje godt å bera.


Denne berberisen var jo høg, no har den måtta bøyd seg over hellegangen.

Plenen er kvit!!

Snø på toppane også.


I går 4.okt reiste vi til Geilo på familiesamkome og då var det høst.


I dag 5.okt var det vinter! Og vinteren varte heile vegen heim. Heldigvis var bilen skodd med vinterdekk.

Eg håpar at høsten er tilbake i morgon ......... for dette er alfor tidleg etter min smak!!

Ha ein fin søndag !!

fredag 3. oktober 2008

Med blikk på Paris (del 2)

Så fortsetter turen rundt i Paris. Mat og drikke må man ha. Og det er mykje å velja mellom både av mat og restaurantar.



Utenfor Notre Dame var det den lange køen. Så vi droppa å gå inn der.V i var der sist vi var i Paris og det er vel verd eit besøk.


Nyyydelig!

På Seinen var det stor aktivitet.

Eiffeltårnet er utruleg flott. Det er 320m høgt og vart bygd ferdig i 1889 til hundreårsdagen for Revolusjonen.

Tårnet inneheld 9550 tonn med jern og er satt saman av 15000 metallbitar og 2,5 millionar naglar ....... fantastisk spør du meg !



Utsikten er flott både nedover og utover.




Tirsdagen (dagen før vi skulle reisa heim igjen) var det meldt litt ruskever, så den hadde vi satt av til besøk i Louvre.

Kor e' alle folka og køane ? Louvre var stengt om tirsdagen !!!!!!! UFLAKS!!


Vi bestemte oss da for å gå på Picasso-museet i steden for. Uflaks igjen, det var stengt til slutten av oktober pga opp-pussing!


Pompidou-senteret er ganske så stilig!


Men så blei eg lei og da satt vi oss på eit gatehjørne og tok eit glas vin!

Det blei mye sightseeing dette her. Men Paris har jo såååå mye å by på. Vi gjekk langt og mye, vi sat på fortauskafear og såg på folkelivet, vi gjorde det vi hadde lyst til. Det vil si eg kunne tenkt meg litt shopping, menmen.......

Ha ei fin helg alle saman!



torsdag 2. oktober 2008

Med blikk på Paris (del 1)

No er eg komt tilbake fra Paris. Kjempeflotte dagar fulle av mange inntrykk og opplevelsar. Eg tar deg med på ein tur dersom du vil !


Husfasadar.





Lyktestolpar.





Kirkegården de Père Lachaise. Mange gedigne gravmonument. Edith Piaf bl.a. er gravlagt her.


Saint-Sulpice kirka. Tidligare gjekk nullmeridianen gjennom denne kirka. Ei messinglinje på golvet viser dette ("Roselinjen"). Det er verdens første nullmeridian (Greenwich kom i 1888). Dersom du har lese Da Vinci-koden, så hører du om denne kirka der.

Litt mørkt bilde dette. Messinglinja fortsette oppover langs veggen.

"Roselinjen"

Vi hadde ein flott tur, håper at du og likte det du såg.Eg komme tilbake med fleire bilder ein av dei nærmaste dagane.

Takk for alle dei hyggelige kommentarane som låg og venta på meg då eg åpna bloggen i dag. Og mange takk til Gamlå for flotte awarder. Det er sååååå koselig når noen likar bloggen min.

Ha det så lenge!