onsdag 24. september 2008

Fra sommar til høst i stua.

Slik ser denne delen av stua ut i sommarhalvåret. Lyse gardiner ut mot verandaen.

I dag har eg skifta til høst /vinter- gardiner. Med dette syns eg at stua skiftar karakter også. Litt lunare.

Jiiippiiii! To dagar igjen til høstferie ! Eg drar til Paris ein tur. Gleder meg kjempemye!!! Paris er ein flott by!

Kos dokke alle saman, eg er snart tilbake!


tirsdag 16. september 2008

Høsten er strikketid.

Eg har strikka lang, smal genser til barnebarnet mitt på 9 år som bur i Bergen. I morra sender eg den i posten. Ho gleder seg for det var akkurat sonn gensar ho ville ha!
Eg har strikka den i eit deilig bomullsgarn.

Bomullsgarnet er fra "Viking of Norway". Det heiter "Milk and Honey" og består av 70% bomull og 30% melk. Eg har ikkje vert borti dette garnet før. Men som sagt deilig å strikka med og veldig drøyt. Eg brukte bare 6 nøster à 50 g til ein gensar størrelse 10 år. Anbefales!

Ha ei fin veke!

torsdag 11. september 2008

Rett opp og rett nedigjen !

I dag tidlig kl. 8.30 starta vi, 80 sjetteklassingar og 5 lærarar på den årlige høstturen. Det var mildt og fint ver.

Og som vanleg så er det berre ein retning å gå i her, og det er oppover.


Det var deilig for mange svette ungar og vaksne å gå forbi denne fossen og bli litt våte i fjeset og håret.



Og endå meir oppover og oppover. Men elevane er flinke og går på, for på toppen ventar eit fiskevatn.

Bregner på ein våt bergnabbe.


Ein flugesopp som vi ikkje plukka.


Ein vanndam som vi hoppa over. Det regna ein del i går.


Mosekledde steinar - grønt og fint !


Utsikta kan ingen klaga på ! Trea er grønne, ingen haustfargar her endå.

Nesten oppe ..........


Her er vi på toppen. Løypestrengen var mykje i bruk den tid stølen her var i drift. No er det eit par hytter her og den vert brukt til å frakta ting og tang med.


Så var vi oppe. Bak stølen ligg eit lite vatn. Her fiska vi, leita etter smådyr, spiste nista vår, slappa av og kosa oss. Eg hadde tatt mange bilder herfra og, men det var litt mange elevar på dei, og det har eg ikkje lyst til å legga ut. Vi fekk ein del små ørret og det var stor stas.


Så bar det nedover att same vegen som opp. Ungane sprang, men eg syns nesten det er verre å gå bratt nedover enn oppover. I allefall, vi har hatt ein kjempefin dag.

Då eg kom heim i 15.30-tida låg det ein fin award frå Liven og venta på meg. Tusen takk!

Og i morra er det fredag, ha ei trivelig helg!


onsdag 10. september 2008

Tallerkenhylle

Så var tallerkenhylla som eg kjøpte på mandag, malt og hengt opp på kjøkkenveggen. Får prøva meg fram litt med kva eg skal ha i den. Kjenne eg meg rett, så blir det nok mange forandringar.

Det gule fatet har bestemor til mannen min hatt.



Med denne rosebuketten "The Fairy" ønsker eg alle ei trivelig veke.

Eg har fått to awardar frå Gamlå. Og som alltid så blir eg glad og litt ydmyk når noen likar bloggen min. Eg skal senda dei vidare, men må tenka litt, det er så mange awardar ute og går no.

mandag 8. september 2008

På besøk hos brukthandlaren.

No var det leeenge siden eg hadde vert hos brukthandlaren, så i dag etter jobb tok eg meg ein tur opp dit og som vanlig kom eg ikkje tomhendt ut derfra. Dette nattbordet falt eg for. Det mangla ein knott, men eg finn nok noen fine knottar som eg kan bruka. Litt usikker på om eg skal mala det. Kanskje eg beisar eller oljar det.

Tallerken hylle. Denne skal eg pussa litt og mala kvit. Skal ha den på kjøkkenet til bøker og bilder.



Ei glassklokke og to små fat fekk og vera med heim. Var visst ikkje så lurt å fotografera dei oppå ein kvit duk.

Litt eksperimentering med kva eg skulle ha inni glassklokka. Kanskje sonn.......

...........eller sonn.........


........eller kanskje sonn .......


No står nattbordet midt i stova. Eg har tenkepause ..............!

Gubben er på ettermiddagsskift denne veka ......... då er det tid for å vera kreativ utan innblanding!! Hehe!!

Ha ei hyggelig og kreativ veke alle saman!