onsdag 28. januar 2009

Du store alpakka.

Alpakka- garnet er eit deilig garn å strikka med. Mjukt og fint. Eg har strikka i Tynn Alpakka no. Det har strikkefasthet 27m = 10 cm. Eit 50 grams nøste er 167m, med andre ord svært drygt.

Ein liten babydress har blitt til den siste veka.


Bamsebroderi pyntar litt opp. Eg har sydd det på med maskesting etter at dressen var ferdigstrikka.



Ka med eit fugleskremsel i hagen? Det er jo så fint at ingen blir redde !!

JIPPI !! I dag kom Tildaboka som eg har venta på i ei veka !! Mye fint, og eg blir nok å sy litt av det. Men sidan rosa ikkje akkurat er min farge, så velger eg nok andre fargar.



Mange takk for alle koselige kommentarar. Det er virkelig kjekt!
Ha ein fin dag !





fredag 23. januar 2009

Så drømmer eg meg bort igjen...

Januar - våt og kald og mørk - då går tankane til sommaren igjen. Sol og varme!

Bare nyta livet og vera heilt fri.

Langt vekke frå jobb.



Ingen ungar, barnebarn og gamle foreldre som har mange forventningar til deg. Oi, var det egoistisk ?



Sitta og sjå på havet, lytta til dønningane og ha det berre godt.




Nyta floraen, den klare himmelen og den fine temperaturen ......




.... og den gode maten.
Gjett om eg gler meg til sommaren då ?
Men no er det helg og det er ikkje så verst det heller!
Ønsker alle ei riktig god helg. Nyyyt den!








tirsdag 20. januar 2009

Kvitt og fint !

" No snøen legg seg så kvit og lett
borti bakken , borti bakken !
Og haug og hole og alt vert slett
borti bakken, borti bakken !"

" Og snøen glitrar så rein og god.
Kvi sit du inne i stova no ?"


Det er så reint og det er så stille.



Snø på marka og snø på greiner.




Snø på veien og snø i hagen.


Så kom den første snøen. Eller den andre, vi hadde ei snøfyllt helg i begynnelsen av oktober, men det er så lenge sidan. Eg tok meg ein rask tur ut med fotoapparatet i ettermiddag. Det var nydelig ute og eg har prøvd å formidla noe av stemningen.
Håper du har det bra. Kos deg !







søndag 18. januar 2009

KVINNELIST !!

Her hos oss er det slik at gubben og eg har totalt ulike oppfatningar når det gjeld opp-pussing. Eg likar å mala, ommøblera, skifta ut, ordna og styra. Gubben meine at slikt er fullstendig bortkasta, misbruk av tid og krefter når vi allikevel har det så fint (!) I høst malte eg det store framskapet i stua kvitt og syns at det blei kjempefint (det syns gubben også !!) No hadde eg lyst til å gjøra det samme med denne hylla.
Eg: "Du, hadde det ikkje vert flott å mala denne òg kvit ?"
Gubben: " Ska' du begynn med d' nu ?"
Eg: " Ja! men ikkje i dag då "!


Dagen etter begynte eg ( gubben var på ettermiddagsskift !!) Hehe!! Satte opp dette skiltet. Hehe!
Gubben: "Ja, du har begynt, ser æ !
Eg: "Ja, sant d' blir fint !!"
Gubben: " !!!!"

Fire strøk med "Egghvit" oljemaling gjorde seg....... (utrulig kjedelig å venta på at maling skal tørka !)


I dag tidlig fyllte eg inn i hyllene.
Eg: "Se kor fint det blei!"
Gubben: "Ja, det ble d' jo ! Du e' flink...... !!?"



Det er ikkje heilt ferdig enda, iallfall ikkje i øverste hylle.

Bøker og strikketøy tar stor plass hos oss !

På fredag var eg som snarast innom brukthandelen og kom ut igjen med denne duken. Eg like godt slike kvite dukar med kvitt broderi.

Dårlig bilde, så broderiet vises ikkje så godt.

Duken får ligga på spisebordet. Bordet er kjøpt på ein marknad for mange år sidan. Og jernstolane har eg bestillt fra Miljøgården. Eg likar godt både dei og bordet.
Her blåse det stikker og strå, så det er tryggast å halda seg innandørs!
Ha ein fin søndag.









fredag 9. januar 2009

Bli med meg til varmare strøk !

Når regnet piskar mot vindusrutene og vinden riv i huset og det er kaldt og ufyselig. Då er det godt å ha gode minner fra ein fin sommar å tenka og sjå tilbake på. Sommaren 2008 var vi på ein 3 ukers biltur i Europa med endestasjon Istriahalvøya i Kroatia. Desse bildene er derifrå. Ein fantastisk stad. Bli med om du vil.......


Her sat vi og spiste lunch ein dag.

Mange fristande dukar.


Frokostterrassen på eit av hotella der vi overnatta.



Sykkeltur langs Adriaterhavet.



Trange og smale gater.


Sjarmerande trapp.


Eit smau ned til havet. Det låg ein fin butikk aller nederst.


Uten mat og drikke ......


Tett i tett...

Her var det godt å sitta !


I kveld har eg sett på foto fra ferien og vi har så smått begynt å legga noen planar for sommaren. Vi likar oss godt nedi Europa, så vi drar nok sørover. Vi har besøkt dei fleste land i Europa, men det er sjølvsagt noen land vi trivs betre i enn andre, Frankrike og Italia for eksempel. Men først drar vi på bytur til London rett før påske.
Eg syns det er godt å ha minner å sjå tilbake på og ha reiser og forventningar å gle seg til.
Ha ei fin helg!











torsdag 8. januar 2009

Å strikka - strikkar - strikka - har strikka

På mandag var eg på strikkecafè og som vanleg så kom eg heim igjen med masse garn og nye idèar. Likar veldig godt alpakkagarnet og Milkfiber- garnet til Viking. Av Milkfibergarnet skal eg hekla eit teppe i bestemorsruter. Har sett eit stilig mønster på det, som eg har teikna av, så får vi nå se åssen det går.

Men først må eg strikka ferdig denne jakka til barnebarnet. Ho valgte sjøl ut farge og modell i jula.

Og så må denne blå flettegensaren som eg nett har begynt på også bli ferdig. Den er til det andre jente-barnebarnet mitt. Ho fekk og velga farge og type gensar i jula.

I høst hekla eg meg desse to sjala. Dette store er i ull,

........mens dette er mindre og i bomull.

På strikkecafèen fekk eg med meg noen brosjyrar fra Viking garn. Og her er mye fint. Så nå klirrar strikkepinnane for det er så mye eg har lyst til å strikka. Eit nytt barnebarn kjem til våren også, så det blir nok ein del små kle utover også.


Eg slappar av når eg strikkar. Eg strikkar så sant det er ei ledig stund og alltid når eg ser på TV. Og eg har masse garn og mange påbegynte, påtenkte og har-lyst-på-prosjekt, så eg blir ikkje fri for arbeid.
Ha ein fin kveld med eller utan strikketøy !







onsdag 7. januar 2009

Det nye året.....

........har starta med kulde. Eg gikk meg ein tur i finveret i dag. Vi har bare snø på toppane, her nede i lavlandet er det kun glatt og bitande kaldt. Sonn vind som går rett gjennom deg og får blodet til å stivna. Brrrr!!

Juleblomstrane er avgått ved døden, noen med litt hjelp!! Var på jakt etter noen nye planter/blomster i dag, men utvalget var skralt, så eg kom heim med denne eføyen.

Eg hengte på den eit hjerta som eg fikk av min yngste sønn til jul.


Ellers så er eg komt bra i orden etter jul. Men driv fremdeles på og flytte rundt på ting ( som om det var noe nytt !!)

På mandag startar eg i 50% jobb. Det skal bli godt. Eg føler meg ganske bra no og "fit for fight"!
Nyt resten av uka, det er snart helg!