fredag 25. desember 2009

1.juledag

1.juledag: ein lat og avslappande dag her hos oss. God og sein frokost. Julesnøen ligg kvit og fin.
Vi har kosa oss både ute og inne. Turgåing, strikking, lesing i ny bok (Kald måne av Jeffery Deaver), ordna på plass noen nye, fine ting eg fekk i julegåve, spist litt snop og sett på TV.

Vi nyt dagen, i morra skal vi ha selskap - koltbord. Mesteparten er laga til på fohånd, men noe må eg laga i morra tidlig. Men dagen i dag er satt av til avslapping.
Kos deg du også.

tirsdag 22. desember 2009

GOD JUL !!!


God jul til deg som har lagt igjen så mange hyggelige kommentarar !
God jul til deg som har vert på besøk !
God jul til deg som alltid er innom !
God jul til deg som har vert til inspirasjon og glede !
God og trivelig jul til dokke alle !!
Alle dei gode orda betyr mye i kvardagen.

Juleklem fra Sigfrid

lørdag 19. desember 2009

Julesnøen er komen......

I dag tidlig da eg såg ut av vinduet på landstedet vårt, var bakken heilt kvit og det var snødryss i luft.

Jippi !! Julesnøen var komen. Så koselig og fint. Litt mildare var det blitt også, for i går var det skikkelig kaldt og vi måtte fyra lenge før det vart varmt her.

Vi dro heim att i dag, berre ein snartur denne gongen, for å sjå til at alt var som det skulle.
No skal resten av helga nytast heime, småputla litt, pynta litt, spisa godt mat, ta eit godt glas rødvin og kosa meg.
Ha ein fin lørdagskveld du også !

mandag 19. oktober 2009

Ein tur til landstedet.

Det er mykje å gjøra i et gammalt hus fullt av alle mulige slags ting fra ulike periodar. No har alle dørane fått seg noen strøk med kvitmaling. Og den gamle radioen er dradd fram fra kottet.

Det er mykje panel i huset, men litt kvitt kvikkar opp.

Eg har nokre krakkar i denne grønnfargen som eg likar godt. Denne krakken har lokk og står inne på do.

Søndagen var ein fin høstdag og det var flott å vera ute.

Dette bildet er tatt i sommar rett utanfor døra.
Nyt dagane og ha ei fin veke !

søndag 18. oktober 2009

Når vekkerklokka ringer ..........

......... tidlig om morningen..... ka slags lyd er dette ? kor komme den fra?
Da er det å famla etter klokka, og trykka og dra i alle utståande dingsar med håp om at denne fæle lyden skal ta slutt !!
Resultatet har etter kvert blitt ei vekkerklokka uten ein einaste tapp til å stilla noe som helst, altså må den ringa til same tid kvar dag: kl. 06.45 !!


På tide med ny vekkerklokka !!
Og som tenkt, så gjort. Denne fine klokka fra Green Gate fekk plass på nattbordet mitt.

Den har til og med ein liten knapp som får den til å lysa !

Og fargen er den samme som på nattbordlampen. No gjenstår bare å se om den klarer å få meg opp i morra !!

Eg har ei anna klokke også, men denne er ikkje vekking på.
I kista mi har eg stoffer og diverse anna.



Litt pynt på soverommet må også til.


Fra soverommet vårt ser vi rett ut i hagen.
Så er ei flott helg over.
Ha fine dagar framover !!

torsdag 15. oktober 2009

Dekorative ..........

............ er desse raude bæra. Og i år bugnar rogna av bær.

Eit gammalt ordtak seier: "Treet skal ikkje bera to tunge bører same året". Då skulle det bety at det blir lite snø i år ! Jippi !!

Eg har henta masse rognebær, mesteparten har havna i frysaren. Dekorasjon til jul.

Men noe av det får gje farge til interiøret no også.

"Høgt heng dei og sure er dei", sa reven då han ikkje fekk tak i rognebæra.
Kos deg og ha fine dagar !

tirsdag 13. oktober 2009

HAUST

Vi har nydelige haustdagar. No er alt regnet glømt. Lufta er klar og fargane er flotte. Fjella er kvite på toppane.

"Velkommen" seier skiltet ved inngangsdøra.

Det er tid for lys og lykter. Det begynner å bli tidlig mørkt.

Sommarplanter er bytta ut med røsslyng ......

.......og mose og lav er henta ned frå fjellet.

"It would be worthwhile having a cultivated garden if only to see what Autumn does to it !"

....... så sant, så sant........nydelige fargar !
Ha gode og fine haustdagar !

søndag 11. oktober 2009

Vindu i vinduet


Det gamle vinduet eg fann i bua, har fått sin plass.


I vinduet på arbeidsrommet. Foreløbig med ein eføy i, men her er mulighetene mange.


Ein titt ned i hagen.

Utanfrå ser det slik ut. Eg har ikkje gjort noko med vinduet, anna enn å vaska det, så det har den gamle grønnfargen.

Vel, helga er over og ei ny uke står for tur. Ha fine dagar !

torsdag 8. oktober 2009

Leirskole

Søndag var det liten storm og leirskuleturen vart utsatt. Men slik såg det ut på mandagen då vi ankom Røvær etter både buss- og båttur.




Slik leirskulehuset ligg rett på kaia, er det flott utsikt gjennom vinduene.


Stille, nydelig .....


Tur på øya.







Tirsdagen var det klart for segltur. Dessverre så var været dårlig, men opplevelsen stor for 26 tolvåringar og tre voksne.










Litt sol på onsdagen. Vi skal sjå på livet i fjæra. Dei lærte om tang og tare, sjøfisk og sjøfugl.


Ungane fòr til topps !!


Bada gjorde dei kvar dag. BRRRRR!!!


Ein opplevelsestur ved havet: der dei fekk bada, fiska, ro, padla, setta teiner og dra ut med seilbåt.


Dei pakka sekkar, reidde senger, dekka bord, knytta knutar, blei kjent med nye venner, snop, snop, seine kveldar og lærarar som vekte dei kl 07 til dagens gjøremål !!

Mange trøtte ungar som vart henta av foreldre på bussen i ettermiddag.

Eg kjenner at eg òg er trøtt !! Det er tøft å ha anvar for så mange ungar (eg hadde 19 med meg) i 4 døgn !! Det vert nok ein tidleg kveld på meg ....... eg skal på jobb i morra også !!

Heldigvis snart helg !