fredag 23. desember 2011

GOD JUL !!

Takk for alle besøk i bloggen min dette året.
Takk for alle gode og hyggelege helsingar.
Takk for all inspirasjon.
Eg ønsker alle ei fin og triveleg jul!
Juleklem fra Sigfrid

tirsdag 20. desember 2011

Juleduken.

I vårt hus er det denne duken som er JULEDUKEN.  Det er mor mi som har brodert den og  eg har fått den for mange år sidan. 
018
 
For meg betyr denne fine, handlaga duken mykje og eg er redd for den. Den kan nok ikkje vaskast, trur eg, . . .  for tenk om det raude fargar av!
 
019            020
No er det berre få dagar att, dei skal brukast til å nyta roen, den julepynta heimen og  god førjulsmat. Nei, eg er ikkje ferdig, mange ting gjenstår og noen får eg ta etter kvart og andre lar eg ver å gjera.
021
 
Ikkje gløym å roa ned,  jula kjem …….
 
Klem!
 

lørdag 17. desember 2011

Juletreet er pynta.

Juletreet er pynta.  Uvanleg tidleg i år.  Men det er fint å nyta synet og angen nå før jula kjem for alvor og huset fyllest.
juletre2
 
Treet har i år berre raude kuler og nokre få gylne.

juletre3         juletre4

Pakkane er komne på plass òg. Nokre av dei.

juletre5

Ute på verandaen  har dette treet fått plass i eit stort gammalt mjølkespann.

juletre6

Eg ønsker alle ei fin og trivelig førjulshelg !!

KLEM !!

fredag 16. desember 2011

JULETREHOGST

Det er fint å ha ein eigen furuskog på hytta. I dag har vi vert der og hogd ned fleire juletre.

juletre

Dei får stå i carporten og tina til i morgon. Då blir dei tatt inn i varmen og pynta.

juletre2

Det er stas i stua når det er gjort.

Ha ein fin fredagskveld. Klem.

søndag 11. desember 2011

Stemningen kommer seg ....

Enda ei helg er snart over.  Og eg har brukt den bra . . . .  slappa av og kjent at det var godt i ei travel tid. Har pakka inn dei gavene som skal sendast og skrive ein del julekort.

009

Eg har kjøpt inn litt kaker og lefser frå eit julemarked (eg er jo så dårleg til å baka sjøl !!). Dei siste julepresangane  (nesten !!) er òg i boks, det blei ein tur til Husnes i helga og der finn eg alltid noe fint hos Baronessa.

006       007

Men huset er utrolig rotete for eg holder jo på med saker og ting overalt ... . . .  og så må eg jo hugse på å slappa av innimellom.

Ha ei flott ny veke!

onsdag 7. desember 2011

Papirarbeid

Eg har hatt opprydning i papirsamlingen og julekort er blitt laga og små boksar er kledd med fint papir.

024

027     028

Ein gammal kakeboks har fått nytt liv !! ( det er samme farge på både boks og lokk . ..  fargen på boksen er den rette)

023

Og enda eit par julebøker er blitt laga .

(Den er kjekk den nye  “Bind-it-all maskina mi!)

Ha fine dagar !!!

tirsdag 6. desember 2011

Julestemning.


Så fekk vi ørlite julesnø. Og stemningen var der med ein gong.

026

Ha fine førjulsdagar !!!

Klem!

lørdag 3. desember 2011

Litt julestemning - INNE !

Eg bruker alltid å pynte huset tidlig til jul. I år har det vert litt tregt. Det skyldes nok mangel på vintervær, for når varmegradene er mange og  med store mengder regn og vind, så uteblir julestemningen.

Men i går starta eg litt ….

001              005

Sviblar og kvite tulipanar . . . . . . . . . nye og gamle julekuler . . .

006        009

. . hjerter i kjøkkenvinduet   . . . . . .  og krans på gangdøra

010

Nissen og nissemor på fast plass i gyngestolen. . .

014

. . . og til slutt langenissen

som ønsker alle ei flott helg !