Viser innlegg med etiketten Litt av kvart. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Litt av kvart. Vis alle innlegg

søndag 29. januar 2012

Nytt kamera.

Etter ein del fram og tilbake, lesing av testar, spørring og masing, skal eg kjøpa det eller det  …. så har eg no fått eit nytt kamera i hus – Cannon EOS 500D.
Nå gjenstår å læra seg å bruka det. Bruksanvisning på 250 sider – eg les litt her og litt der, og så får det gå seg til med prøving og feiling.
015       016
 
Det er fine kalde vinterdagar her. Disse bildene er tatt med det gamle kameraet.
017       018
 
Ha ei flott, ny veke !

mandag 9. januar 2012

Eit nytt og ubrukt år..........

 
Ei ny og ubrukt veke står framfor oss, ja, eit heilt år ligg der og ventar på å bli brukt !!
Mange ting rår ein ikkje med og det må bli som det blir,  men ein kan òg sjøl  i stor grad  bidra til mangt og mykje!
Meir enn ein kanskje trur.
 
Ha ei flott veke  og bruk den godt !
Klem!!

mandag 14. november 2011

Gamle former, strikkepinner og garn.


Desse gamle,  flotte kakeformene har eg fått av ei god venninne.

002       003
Så fine til te-lys.

004            005

Det er mørke kveldar no og garn og strikkepinnar er flittig i bruk.

014              011

Nye vottar til vinteren. “Bellavotten” finn du oppskrift  på her (www.strikkeoppskrift.com/bellas-mittens-bellas-votter)

   017

Til eit av barnebarna har eg strikka denne dressen i ull og alpakka.

Ha ei fin veke !!!!!!

søndag 16. oktober 2011

Rastlaus søndag !!

Det er fint høstver i dag og da måtte eg nytta sjangsen til å ta inn krukker og kar  og diverse anna pø fra hagen. Krukker fulle av vatn, rotna og drukna planter ……. tømt  eller kasta.

Til og med den store bjørka har måtta bøta med livet i år . . . .  sagd ned for nokre veker sidan (den var blitt så  stor og  røttene kom opp alle steder!)

005      007
Det er snø på toppane, så nå er det definitivt slutt på hagesesongen ( som om det har vert hagesesong i år !!!!?)

008         Ikkje alt fekk plass inne !!!!

Ein del løkar vart spadd ned i jorda også. . . . .  tulipanar, krokus og allium. Så får vi sjå resultatet til våren.

001        002

I starten på veka vart soverommet tømt og kleskapa reve ned og kasta (de hadde gjort sin misjon, hyllene datt ned og dørene hang og slang !!) No ventar vi på at dei nye skapa skal koma (treeeegt!)

010

Golvet har eg mala lys grått. Dette golvet er eit kapittel for seg sjøl . . . . . golvet er støypt med varmekablar i , men dessverre nokså bulkete og ujevnt. Det har hatt eit dritbruntgrått belegg som eg har hata i alle år !!!!! Pga underlaget så går det ikkje an å legga parkett eller noe ant som krever jevnt golv.

Så nå har eg malt det !!! Nå ventar eg bare på at det skal bli tørt. Eg må mala golvlistene også og det manglar noen taklister.

Rastlaus ????  ja, for no har eg gått i ring fordi eg har så lyst til å laga/skapa noe, men kreativiteten ligg visst i dvale. Har bladd i interiørblader og vert innom utallige bloggar . . . .  men når eg ikkje veit ka eg vil, så er det jo ikkje så lett !!!!

019

Så nå sette eg meg ned og strikke !!! (det går av seg sjøl !)

Til og med innlegget blei rart i dag!

Ha ein flott søndag !

lørdag 3. september 2011

Ein kvilestad

Når dagane er travle, og det er dei alltid på denne tida av året, så er det godt å tenka tilbake på fine sommaropplevelsar.

Å sitja her og sjå utover ein vakker og stille dal gjorde godt.

fredfullt               Å bu !    

Å rusla rundt på  slike vakre   stader, frodig og fredfyllt mellom nydelege steinhus . . . . .

Gotthardstrasse 3
Å køyra i  fantastiske landskap. . . . .

Forfriskninger               Malcesine - lunch

Å kosa seg . . . . .

Olivenlund (2)

      Å ta ein spasertur i ein gammal olivenlund. . . . . .

Påland

Å besøka spennande småbyar . . . . .

Piemonteområdet

Å kunna sjå langt . . . .

Minibalkong 3

Takk for alle hyggelege kommentarar. Eg veit eg er treg med mine kommentarar no ……..

Eg ønsker alle ei fin helg !!!

søndag 21. august 2011

LAUNDRY DAY !


Noen dagar er spesielt egna for å gjøra ein ekstra innsats på vaskefronten.

Dette er ein slik dag.  Regnet har hølja ned i store mengder, så noe uteaktivitetar fristar ikkje . . . . men huset er fullt av uferdige oppgåver, så det er berre å bretta opp ermene og sette i gang !!

sand       vask
Då er det fint å ha det ein treng i nærheten.  Boksar og spann er flotte oppbevaringsstader.

klyper

Ikkje alt treng gøymast inne i skap heller ( hehe!! skapene er jo stappfulle !!)

tørk             håndkle 2

Litt fint, nyvaska handarbeide er også kjekt å ha framme.

pyntehåndkle

Nå ligg ei ny og ubrukt veke framfor oss.

Bruk den godt  og ha fine dagar.

Klemmar ….

torsdag 27. januar 2011

Ein vakker arv.

Mannen har vært i Alta noen dager nå i forbindelse med sin fars begravelse. Han kom igjen i går kveld.

I bagasjen hadde han med seg denne vakre Bibelen. Det er en arv fra far til eldste sønn, og skal gå videre til vår eldste sønn.

Bibelen er fra 1860, så vakker, så vakker.....

.......... så utrolig flott å få føre denne videre.........

Den skal få en fin plass her i stua.

En finsk Bibel og et nytestamente på finsk fikk vi også. En vakker arv fra en flott mann som eg dessverre ikkje fikk lære å kjenne.

Ha ein fin torsdagskveld.

lørdag 1. januar 2011

1.januar 2011

Velkommen til det nye året.
Ubrukt og klart til å levast og fyllast.
Kanskje har du mange tankar om kva du vil med dette året, kanskje tar du det bare som det kommer !!?

Uansett .... eg ønsker deg gode dagar!
Ta vare på deg sjøl og dei rundt deg.
Nyt kvar ein dag !

Mange klemmar fra Sigfrid

onsdag 3. november 2010

Det gjør godt å kjøpa seg ein bukett med flotte, store blomster når regnet plaskar ned og vinden ular rundt husveggane.

Det blir så koselig inne og det trengs i denne tida. Vanlegvis kjøper eg blomster om fredagen, men nå blei det jammen meg ein på tirsdagen også. Ja, kvifor ikkje ?

Ha ein fin onsdagskveld, snart er denne veka slutt også !!
Klemmer......