onsdag 27. mai 2009

Øs-pøs - innevèr !!

Nå er restegarnteppet mitt ferdig. Ei blonde påsydd her og der og med heklablonder rundt kanten.

Teppet har fått plass i ein svart skinnstol. Det dempar ned det svarte og med litt brunt her og der i teppet, så vart det bra.

Ein liten duk med grått mønster fekk bli med heim fra Molde.

Dette bildet kjøpte eg også i Molde. Eg likte det godt med ein gang eg såg det. Dei kvite og brune fargane, samt det litt gammaldagse preget passar så godt hos meg. (det er mørkt i vèret i dag, så eg måtte bruka blitz, det skjemmer litt)

Eg har nokre fine ikoner i stua som eg likar godt. Dei er kjøpt i Polen og Russland.

Desse store plantene har eg flytta fra vinduskarmen og ned på golvet.

Langs ein av murane veks denne saken. Kvar den får jord og vatn i frå er nå eit under.

Eg lengtar ut i hagen, men i dag fristar det ikkje å gå ut. Det regnar og bles fra alle kantar. Det er best å halda seg inne. Har begynt på nytt strikketøy ( og noen har pause). Vi har nettopp fått eit nytt, nydelig og velskapt guttebarnebarn som eg strikkar til. Det er glede i heimen !

Vi har ikkje sett gutten enda, dei bur ikkje her. Men mange bilder har vi fått og alt er bra!
Tusen takk for alle koselige kommentarar, det gjør meg så glad !
Ønsker alle dokke hyggelige bloggvenner ei fin veke og snart er det langhelg igjen!!

mandag 25. mai 2009

NORGE PÅ SITT VAKRASTE .....

Eg har hatt ei fantastisk flott langhelg med noe av det beste norsk natur kan by på.

Over Vikafjellet var det fremdeles mye snø.

Når ein reiser i Sogn og Fjordane/ Møre og Romsdal så er det ut og inn langs fjordane. Mange stader er veien lagt nært fjorden og det er nydelig å kjøra her.
Ute i havgapet. Vi tok oss ein tur på Atlanterhavsveien med det same vi var her.

Eit fantastisk byggverk av vei og bruer.

Vi budde på Thon hotell i Molde med denne flotte utsikten til fjord og fjell. Her er ein cruisebåt på vei ut fra Molde også.


Det var fotballkamp Molde- Tromsø på Aker Stadion mens vi var i Molde. Det måtte vi sjølvsagt få med oss.

Flott stadion som ligg midt i byen.


Seilet hotel. Så stilig! Vi var inn og kikka og det var tøfft innvendig også.

På heimvegen kjørte vi Trollstigen. Det er det mange år siden vi har gjort nå. Utruleg vei-prosjekt.


Fra toppen av Trollstigen.

Snødekt her også, det var berre få dagar sidan vegen var åpna for sommaren.

Utsikt ned mot Geiranger.

Det er mye turisme i Geiranger og alt som følger med det, men noen flotte perler fann eg også.

Vi hadde ein overnatting på vei heim fra Molde. Leigde ei kjempefin hytte nord for Byrkjelo ved Innvikfjorden. Den utsikten !


Vi sat ute og grilla til sola gjekk ned.
Dette var eit lite utsnitt fra ein fin tur og ein flott naturopplevelse. Og det var godt å lufta både vettet og lommeboka !!!
Ønsker alle ei fin arbeidsveke (med langhelg !!)

tirsdag 19. mai 2009

Det rykke i reisefoten .........

Nå er det langhelg i sikte og da melder mulighetene seg til å reisa litt. De som har følgt med på ABC i ord og bilder, der eg viser og fortel om stader eg har besøkt, veit at eg har reisedilla.

Det er faktisk ein stor lidenskap. Eg elsker å besøka nye plassar, sjå nye ting, oppleva nye kulturar og menneske, trekka inn atmosfæren og nyta øyeblikkene og seinare kosa meg med minnene. Heldigvis deler eg denne interessa med min mann.

Plantene mine føler seg litt forlatt når eg reise rundt i øst og vest, og det er ikkje alltid dei overlever heller.

Bøker må alltid vera med på reisene mine. I tillegg til reisebøker, også skjønnlitteratur (denne gang Havfruen av Camilla Läckberg)

Men strykejernet må nok vera heime. Stryking er ikkje mi sterkaste side og etter disse bunadstider går det nok ei stund før noe blir strøke !

No er det Molde som får besøk av oss. Da gubben hadde rund dag for ei stund siden, så fekk han hotellweekend i Molde av barna ( og eg får sjølvsagt vera med !!)

Det er lenge siden eg har vert i Molde. Gleder meg, håper på ein fin tur og fint ver ( her er pøgregn!). Kanskje finne eg noen sjarmerande butikkar også !

Ønsker alle ei kjempefin langhelg !

søndag 17. mai 2009

Ei fin helg er over.
Fredagen dro vi ut til campingvogna og fortsatte på utvidelsen av terrassen.


Veret var nydelig.

Dro heim igjen lørdag for å stryka bunaden til i dag.


Denne dagen har vert ein flott 17.mai. Nydelig ver og full blomstring.

Eg gjekk i barnetoget om morningen, stort og flott med festkledde og blide ungar. Utover dagen var det andre aktivitetar og folketog om ettermiddagen. Litt besøk og mye eting.

No har eg tatt av meg bunaden og på med dongeribuksa.
Deilig !!


På fredag fikk vi satt i nye vinduer i stua, de to gamle var punkterte og såg ikkje ut.

Deilig med fine, nye vinduer.
Nå skal eg bruka litt tid på å finna ut kva som skal stå i vinduskarmane. Tror eg skal mala kurvstolen som står ute på verandaen kvit.
Håper at alle har hatt ein fin 17.mai.

torsdag 14. mai 2009

Blomstring

"Når det blomstrer i Hardanger,
fins det ingen plass på jord
som har slike vakre farger
når alt står i blomsterflor....."


Det er tidlig blomstring i år. Denne kvite og rosa epleblomsten er så nydelig.


Eg har eit stort epletre i hagen og eg har kun planta det der for å få nyta blomstringa.


Utover langs heile fjorden bugnar det av blomstrande frukttrær og det er eit utrulig vakkert syn.



Ei gammal løe med epletre og rabarbra.




Når ein bur langt oppe i ei steinur, så må ein nytta steinen som eit dekorativt element.
Dette er frå inngangspartiet.


Snøsløyfa blomstrar som bare det. Passar fint med dei kvite fjelltoppane i bakgrunnen.




Dette er løkar som eg har dradd med meg fra Madeira, blir jo spennande å se kva det blir til.


No er den digre trekvite saken med 16 skuffer blitt kvit. Eg har ein gang i tida fått ein snekkar til å laga den og alle skuffene er gull verdt. Men eg var fryktelig lei den stygge overflata, har vert gjennom diverse beising også.


Så nærmar helga seg. Det er godt for det har vert ei hektisk veke. Mye å gjøra på jobb, og dessutan har eg vert på sykehuset hver dag for å besøka mor mi. Ho er sjuk og det går litt opp og ned. Vi håpar det beste !
Ønsker alle ei riktig god helg og god 17.mai !!