Viser innlegg med etiketten lopper og bruktfunn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lopper og bruktfunn. Vis alle innlegg

onsdag 17. august 2011

Ny og gammal zink.


Likar ein zink, så likar ein  zink og eg likar zink. Derfor så blir det ofte med noe zink heim og  i sommar var ingen unntak.

013

Ei slik kanne har eg vore på jakt etter og var glad då eg fann den (sjøl om gubben trudde eg va blitt gal !!!)

   006                007

Denne zinkbøtta synest eg passa perfekt til oliventreet mitt …. bare eg no klarer å berga oliventreet gjennom vinteren ! Gode tips mottas med stor takk.

008     010

Eg likar vannkanner og i år har dei fyllt seg sjøl også (med vatn fra oven !!). Det har ikkje vert så mye bruk for vatning i sommar dessverre, bortsett frå planter som står under tak.

011                 012

Masse pasta frå Italia vart med heim også, det var fin unnskyldning til å kjøpa oppbevaring  til det.


Dagen i dag ser fin ut, blå himmel og sol bak fjella ein stad . . . . . perfekt til å nyta  . . . denne siste feriedagen.

Ha ein flott dag !

lørdag 6. august 2011

Eg fann, eg fann .....


. . . . . .  eg fann ein kasse på loftet hos foreldrene mine. Ja, eg fann mange, men tok berre med meg ein no.

kasse
Etter ein omgang med drivvedbeis står kassen ute og tørkar. Ka eg skal bruka den til får eg finna ut seinare.

sekker

Nokre gamle striesekkar  fekk eg også. Planen er å laga puter til hagebenken.

bokstøtte        bokstøtte 2

Frå eit av loppemarkedene eg var innom i sommar, blei denne med heim igjen.

bokstøtte 3

Passa flott som ei lita bokhylle.

007

Ellers så driv eg på og malar rammer !!!  og nyt at eg har enda litt ferie igjen…JIPPI !!

HA EI FLOTT HELG !

torsdag 3. februar 2011

Ein tur på bruktbutikken.

Ja, i går blei det ein tur på bruktbutikken. Det er lenge siden eg har vert der nå. Det er alltid koselig å gå rundt der og titte på saker og ting.

Eg var bare nødt til å kjøpe denne!! Ei gammal Singer symaskin. Eg har nå riktig nok ei gammal symaskin med jernbord som står i stua, men, men ........

Dekoren er fint bevart. Det einaste som manglar er dekselplata over undertråden. Difor denne kvite tøyservietten.

I eine sida er det eit lite rom med plass til diverse sysaker.

Symaskina må sveivast for å få sydd noe på den. (Den andre eg har må trøast i gang).

Flott mønster på sida også.

Skapet den står på, kjøpte eg på bruktbutikken rett før jul. Har ikkje bestemt meg om eg skal mala det eller ikkje. Vi får se.
Ha det så lenge !