søndag 31. juli 2011

SOMMAREN er komen.


ENDELIG !!!  No har vi hatt fleire dagar i strekk med varmt og fint ver. Vi nyt det alt vi kan.

006

007       010

Vi kosar oss i hagen, det er fin bløming no.

007

003

Vi er litt her og litt der, dette er frå hytta. . . . . .

005

. .  og her er vi ein tur ut til campingvogna. Hortensiaen som eg planta ut for fleire år sidan, blømer.

Nye dagar med sol er meldt, dette treng vi !

Sommarklemmar !

torsdag 28. juli 2011

Ny bruk av gjesterommet

Etter at eg sydde nytt trekk til sovesofaen på gjesterommet, så blei det gjort litt andre ting også.

Eit gjesterom står jo ubrukt store deler av tida, så det er jo greitt å bruka det til andre ting også.

012        013

Eg fordrar ikkje stryking, og ekstra bale er det å bruka  kjøkkenbordet som strykebord, for det første er det for lavt og for det andre så må det jo ryddast først.

014

Eg kom plutselig på at eg hadde eit strykebrett i tre på loftet (har sikkert fortrengt det !!)

015

Vel, det blei funne fram og fekk noen strøk med kvitmaling før eg festa det til vinduskarmen (bare ei slags klemme, ingen skruer og lett å flytta).

Så no er eg klar for stryking !!!!!!

016

På gjesterommet har vi også ei barneseng som  var gul. Med det same eg hadde malingspannet framme så malte eg denne kvit. Og i dag begynte eg å strikka sengeteppe til å ha oppi den.

017 

Ein titt inn på gjeste- og strykerommet mitt !! (Eg har to gjesterom til, trur kanskje eg må gjøra noe der også !!)

Snart helg igjen . . . .  vekene går fort ! Ha ei god helg!

tirsdag 26. juli 2011

Det er godt å ha noe å gjøra på ......


Ja, det er godt å ha noe å henga fingrane i når grusomme bilder dukkar opp på TV-skjermen heile dagen. Det har vert triste og ufattelige dagar, og tankane mine går til alle som har vore berørt av denne ugjerningen.

002        003

Antan ein vil eller ikkje, så blir ein sittjande framfor TV og sjå og sjå og då er det, iallfall for meg,
bra å gjøra noe. Før ferien hekla eg eit lite teppe til ein av stolane i hagen, no har eg gjort ferdig teppe nr. 2 og fått brukt opp alt restegarnet i blånyansar.

På eit av gjesteromma har vi ein sovesofa med eit både stygt og utslite trekk, det kom eg på at eg skulla trekka om. Gløymde å ta  før-bilde av, men her ser du ein liten flik med rødbrunt.

004

Det vart eit bra innhogg i restestoffkorga – og godt var det !  I går var det ferdig.

005       007

Og som vanleg drar det eine det andre med seg, så eg har flytta rundt og mala og mala . . . .  Jaja, det er eg ikkje ferdig med enda, men om litt så får du sjå . . .

Eg er sååå imponert over dei fantastiske rose– og  lys-samlingane i Oslo og andre byar.

Verdig og nydelig!

Flammentanz (5)

HA EIN SÅ BRA DAG SOM DU KAN !!

torsdag 21. juli 2011

Ein deilig dag i hagen.


Hagen har fått full oppmerksomhet i dag. I det nydelige veret har ugrass blitt dratt opp, visne blomster fjerna, plenen er nyklipt, planter har blitt tørka på beste måte.

005           007

Vinplanta har hatt ein hard vinter i år,  men no ser den bra ut .

003       018

Desse to kannene vart kjøpt på ferieturen og er no fulle av blomster frå hagen.

009

Lavendelen blomstrar som berre det .

016        008

Nokre få villjordbær fann eg også i hagen og The Fairy er full av knoppar.

011      013

Ein ny peon har fått ny støtte. Stampen som er full av vatn, viser at her har det regna mykje.

020                        001

Eit nytt toetasjes fuglehus fekk bli  med heim frå ferien,  det fekk også diverse flasker med olje.

014

Det har vert ein fin dag i hagen som varte fra morgon til seine kveld. Ein må ta vare på slike dagar for dei er sjeldne . . . . . .  neste dagane er det meldt pøsregn!!!

Ha ein fortsatt fin sommar !

onsdag 20. juli 2011

På ein måte ...... og på ein måte ikkje ......


I går kom eg heim igjen etter 3 flotte uker på farten,  uker og dagar så herlige og kjempefine, fulle av ro og latskap, opplevingar og  imponerande omgivelsar og fasinerande stader, varme og sol,  gode og spennande måltid, eit glas god vin eller ei iskald øl. . . ja alt eg vil at ein ferie skal innehalda.

006     016

Og då er det på ein måte godt å koma heim igjen også, med hodet og kofferten ( eehhh  bilen) full av gode minner og  energien på topp med full-lada batteri! Brun og frisk!

109

Men på ein måte ikkje – når veranda og hageterrase er nedgrisa av fugleskit og alle planter er tuslete og omtrent drukna, når alt er vått og grått og det berre regnar og eg  kvir meg til å vaska fugleskit og jord!! Og hylla som eg hang opp er blåse ned og krukker og kar er knust. . . .

045     046

. . men pytt no skal eg setja i gang, eg har masse energi !!! og eg kjenne kreativiteten har begynt å røra på seg også !!

044

Og så har eg nett vert på posten og henta den flotte premien fra Edda !! Tusen takk den blei eg veldig glad for, den var kjempefin!

012

Takk for alle koselige kommentarar på reiseinnlegga mine, no får eg vel snart produsera eit interiørinnlegg igjen. . . .  men først må eg vaska verandaen (urrhhha!!!)

Ha ein fortsatt fin sommar !

lørdag 16. juli 2011

Alpeturen



Onsdagen bestemte vi oss for å kjøra nordover til Alpene, nærmare bestemt Dolomittane, for ein gåtur i området.

015         017

Dess høgare vi kom,dess meir regn og skodde vart det. Til slutt såg vi ingenting !!!

018

På Timmelsjoch ( 2509 m.o.h. )  på grensa mellom Italia og Østerrike, såg det slik ut, så noen tur blei det ikkje. Irriterande, men no har vi nå vert her fleire ganger før i flott vær, så vi kan vel ikkje vera like heldige alltid.

047     054

062   078

Så vi kjørte vidare ned fra høgden og nordover gjennom Østerrike og no er vi komt til Tyskland. Landet med dei urtuleg mange flotte middelalderbyane.  Vi har besøkt Berching og Bamberg  denne gang. Og no kosar vi oss  i Wernigerode og veret er flott igjen !!

080

I morra går ferden vidare.

Vi kjører dit vi vil og stoppar akkurat kor lenge vi vil og gjør det vi vil !!!

Slik er min ferie !!