mandag 31. mars 2008

HELGEAKTIVITETAR !



Denne helga har eg gjort alt mulig for IKKJE å begynna på malingen av stuetaket! Desse rød og trekvite stolane ( 6 stk) har lenge hatt behov for litt oppfriskning!





Resultatet
Så fram med sandpapiret og malarkosten! Setet på stolane har eg beisa og så lakka etterpå. Eg vart ganske fornøyd med resultatet.



Dette er heklafirkantane som eg begynte på , men eg ombestemte meg litt underveis (typisk meg !!) Så det blei ikkje til at eg satte dei sammen med det grønrutete stoffet eg hadde kjøpt. Eg fann ein gamal damaskduk (med ein del flekkar på) som eg fann ut at eg skulle bruka i steden. Det grønnrutete stoffet skal eg kjøpa meir av og laga nye puter til benken på verandaen.



Hagebordet har fått eit par strøk med kvit oljemaling........vart ikkje heilt fornøyd, men no har eg nå kjøp lasurolje og, så eg får prøva meg fram. Kanskje eg skulle hatt ein an farge ?



HJELP!!! Vi har dette forferdelige trapperekkverket i stua !! På enden går det heilt opp i taket. Eg ane ikkje åssen eg skal få det til å se fint ut. Alle gode tips tas mot med stor takk. TRAPPA ER HUSETS MARERITT !!



Ned til 1.etasje er trinnene trekvite, mens sidene og opptrinnet er malt kvitt. Her er også spilene tatt vekk.


Når eg tenke meg om så blei helga ganske produktiv alikevel, og eg skal ikkje masa meir om dette stuetaket mitt FØR eg er begynt å mala på det !


Takk for alle koselige innlegg eg har fått, og takk for at du stakk innom her også!
Ha ein god dag alle saman!

torsdag 27. mars 2008

LITT AV KVART !

Når det er snø og kaldt ute , så får vi ha litt vår inne! Eg er ikkje noko flink til å laga lefser eller "mjølkekaker" difor brukar eg steiketakka mi til pynt på bordet !!

Vi har eit lite toalett i underetasjon som eg har ordna litt på i det siste. Litt maling og noen nye bilder gjør seg.



Dette er jo egentlig eit pyntehåndkle for kjøkken, men det går jo an å ha det på eit toalett og !!?


Her ein kveld kom eg på at eg skulle laga ein ny duk til hagebordet som eg
kjøpte i påsken ( og som ennå ikkje er malt.......men eg har kjøpt maling !
eggekvit maling + hyasint lasurolje ). Eg skal hekla fleire slike
firkantar og setta det sammen med firkantar i det rutete stoffet. Rundt kanten
skal eg hekla ei blonde. Eg blei ferdig med det brune "vårteppet" i
påsken, det fekk dattera mi for ho hadde så lyst på det. Sokkane gav eg vekk og,
og har lova å laga fleire. Eg synest det er kjekt når andre har lyst på det eg
har laga.

Det var hyggelig at du kikka innom.

HA EIN GOD DAG ! OG NO ER DET SNART HELG IGJEN OGSÅ !

lørdag 22. mars 2008

Kor blei våren av ?

Langfredag våkna eg til ein snødekt hage....og eg som trudde våren var komt !!

Små gule krokusar strevar med å koma seg opp frå snøen!


Stakkars vinranken min! Denne er bare vel eit år, eg har ein som er mange år gammal også og den veks som berre det. I fjor var det druer på den ! Men dei var små og sure!

Eg kjøpte meg eit bord på bruktbutikken her ein dag. Det skal brukast på terrassen. Eg har tenkt å mala plata kvit eller kanskje lys grå (det er fargen på huslistene). Eg har lyst til å behalda den lyseblå fargen på rørbeina.


I dag var det strålande sol, så bordplata har fått ein omgang med sandpapir.
Klarte ikkje å halda meg heilt unna , men påskegjestene var på fjellet så då gjekk det jo greitt. Og etter påske ventar jo stuetaket!!!! .......men eg skal ta dette bordet først. Hadde tenkt å mala i dag, men mangla både maling og bil !!
Nyt resten av påsken!

søndag 16. mars 2008

GOD PÅSKE !!

Endelig!! Det er SOL ute! Det var ein fin start på påsken. Eg har vert ute i
hagen og rydda. Det ser alltid så trasig ut etter ein lang vinter. Fekk tatt
vekk ein del visne greiner og kvistar. Ikkje mykje som blomstrar ennå, men noen
lyspunkt var det.
Desse to gamle....høna og hanen....ønsker god påske ved inngangsdøra vår.

Litt påskestemning i kjøkkenvinduet også!

Eg har nettopp malt vinduskarmen pluss listene på kjøkkenet kvite (dei var trekvite). Det blei så lyst og fint. I går gjorde eg alvor av å kjøpa takmaling til heile stua, gangen + kjøkkenet. Det har stått på lista over prosjekt lenge nå. Vi har takplater i taket og dei er ikkje heilt kvite ...det er eit grønskjer i dei! Og til lyse veggar ser taket skittent ut, så no skal det malast! (60m2!!! PUH!)Takmaling er nå ikkje det mest trivelige oppussingsarbeid ( og gubben kan nå ikkje forstå at vi ikkje kan ha det slik det er no !!!), men eg er sikker på at det blir bra etterpå. Eg tar fatt etter påske, for her blir huset fullt i påsken; barn, svigerdøtre og barnebarn kjem og da kan eg ikkje akkurat begynna med malingsarbeid!!!

Eg ønsker alle ein riktig god påske og håper at vi får litt fint ver!!


fredag 7. mars 2008

FREDAGS-SHOPPING

Etter ei travel uka på jobb, måtte eg bare ha meg ein shoppe-runde. Husfred med ny potte til og siden det snart er påske så blei det noen gule lys og påske-egg òg. Kjøpte 3 store og 5 små egg, dei er "kledde" med resirkulert papir og eg syns dei var ganske fine. Eg fann dette bilde òg, det er ei metallplate av eit eller anna slag. Etterpå følte eg meg ikkje det minste trøtt !!!!

Dette bildet heng på badet vårt...........

Løkt og plante på hylla over ovnen........


Ein av vinduskarmane i stua........

Eg ønsker alle ei fin helg. Takk for at du kikka innom!






tirsdag 4. mars 2008

STRIKKEDILLA !


I går var eg på strikke-kafè. Det er både trivelig og sosialt. Og som vanleg kom eg heim igjen med eit lass med nytt garn (i tillegg til det lasset eg har frå før !!) og mange nye idear.
Har mange prosjekt på gang, og det dukkar stadig opp nye. Skal strikka eit "vårteppe" som eg skal tulla meg inn i når eg sit på verandaen på kalde vårdagar!
Eg skal begynna å strikka no i kveld ......rettstrikk på pinne nr. 7. Så det går fort!!

søndag 2. mars 2008

Eit hjørne i stua som eg er glad i.


Eg likar godt å blanda gamle og nye ting saman med minner frå dei mange reisene mine. Konglane i den store bollen har eg funne i Italia. Treskoa har besten min hatt. Ikonane har eg kjøpt i Krakow i Polen.

lørdag 1. mars 2008


Etter å ha vert inne på mange interiørblogger, bestemte jeg meg for selv å prøve. Vi får se hvordan det går !!! I disse dager med bare regn så lengter jeg etter vår. Dette er et bilde fra verandaen vår.