fredag 28. november 2008

Klar for desember .....

Eg har klart å få i stand adventslysa i dag. Ikkje heilt fornøyd for eg hadde sett for meg at eg skulle ha høgare og tynnare lys. Men hadde dei det då ? Nei !!

Litt mose rundt og engelen min som overvakar det heile !

Dette skapet har vert trekvitt, deretter beisa ........ og eg har lenge tenkt at eg skulle gjera noko med det. For ca tre veker sidan begynte eg å mala det i fargen "egghvit" ........ men med dei hektiske vekene eg har hatt no, så har det tatt si tid.......


I går var det klart til å fylla saker og ting inn i skapet att. (då hadde tingene stått lenge nok på spisebordet og elles rundt om !!!!)



Ei lita hekleblonde vart hengt opp innanfor sprossene.










Eg har vert litt asosial og lite innom bloggverda i det siste. Arbeidsmengden har vert i meste laget. No er ein del av arbeidsoppgåvene i boks og eg kjenner at skuldrene har senka seg litt. I helga skal eg bare slappa av og kosa meg. Kanskje prøva å kjøpa noen julegaver i morgon.
Eg ønsker alle ei hyggelig adventshelg ! .... KLEM !!..








søndag 16. november 2008

Mosetur

I ettermiddag fann Gubben ut at eg burde luftast litt og eg kom på at eg trengte noe mose. Så vi la i vei. Veret var faktisk fint.



Rar årstid ....... det er komt knoppar på selja !!


...............og litt snø på marka !!



Men mosen trives kjempegodt.









Eg plukka med meg noen posar med mose. Eg syns mose er dekorativt å pynta med og fin til bruk i dekorasjonar.


Nedi all denne mosen er det ein svibel, som snart skal koma opp ! (Håpe eg !!)



Noko av mosen la eg oppi ein sinkbalje utanfor inngangsdøra i påvente av ein god idè !!
Kor vart denne helga av då???? Ei ny og hektisk veke ventar ...........håper den vert positiv for alle saman - KLEM.....








lørdag 15. november 2008

Dei første.......

..........som får koma opp i stova , er desse to. Midt i november tar dei plass i gyngestolen. Her får dei all oppmerksomhet heilt fram til advent. Då kjem alle dei andre nissane også.

Dette paret laga eg frå innerst til ytterst for nokre år sidan. Når jula nærmar seg er desse dei første som kjem opp i stova og dei siste som forlet den.

Sjølve nissefar er ein skikkelig tøffing. her ventar han nok på grauten sin.

Ha ei koselig helg alle saman.

mandag 10. november 2008

Hugs å kosa deg !!

Denne engelen fall eg heilt for. Den fikk bli med meg heim. Kanskje den kan vera skytsengelen min no i denne mørke og travle tida, og passa på slik at eg får tid til å kosa meg litt også !! Eg trur eg treng det !!


Noen nye julekuler blir det i år også!


Ordna litt på kjøkkenet i helga.


Ellers så strikke eg for harde livet på dette teppet. Begynne med ein spiss og avslutte med ein spiss. Har brukt Pt2-garn.
Helga fauk av gårde som vanlig. Hadde barnebarn på besøk, så da var det juleverksted her i huset. Litt tidlig, men no ser eg dei ikkje før til jul, så derfor måtte vi gjør det i helga. Tradisjon !

Tusen takk for alle dei hyggelige kommentarane dokke legg igjen hos meg. Kjempekoselig!

Ha ei fin veke alle saman. Husk å kos deg litt også ! - klem-




fredag 7. november 2008

Før og etter.

ENDELIG !!! I ettermiddag fekk denne furudøra i gangen det siste strøket med maling, og nye håndtak. Det har vert eit pirk og eit herk å mala sprossene. Fekk dei ikkje av pga at dei er skrudd og limt på !!! Men med stahet og pågangsmot gjekk det ........ tålmodigheten er det verre med!!

Eg er fornøyd med resultatet.

Gleder meg til å "stæsje" her til jul.
Eg ønsker alle ei kjempefin helg! Nyyyt den !!
Klem !!