fredag 27. februar 2009

Mitt favorittmøbel

Eg har fått ein utfordring fra Maliva's verden om å vise FAVORITTMØBELET mitt.
Her er det: Spisestuebordet mitt med stolar.

Bordet har eg hatt i sikkert 10 år, kjøpte det på ein marknad. Det er 110 x 100 cm. Perfekt størrelse. Det går an å dra det ut til over 2m.

Stolane kjøpte eg mange år seinare. Bestillte dei fra Miljøgården. Eg likar dei kjempegodt.


Bordbeina likar eg også.


Litt vårsol inn gjennom vinduet i dag.


Dette er favorittbildet mitt. .......lumière, de grasse .....Minner meg om Provence, lyset og sanden. Eg likar godt kombinasjonen lys blå og ulike nyansar av brunt. .



Fra Wenche's sysler har eg fått denne utmerkinga. Mange takk til deg. Den var søt.Det er vanskelig å vita kven eg skal gje den vidare til, alle på lista mi har fortjent denne.
I morra kveld går fristen for jubileumstrekninga ut. Vil du vera med, skriv ein kommentar under "1 årsjubileum "litt lengre nede på sida.
Så vil eg ønska alle ei kjempefin helg!







torsdag 26. februar 2009

Vår ...... inne....

I går trudde eg våren var komt. 8 varmegrader og små spirer i hagen.
I dag tidlig var det snø !!! Så no er det bare vår inne.
Bjørkekvistane har fått ørsmå blad. Det er vår !


Hortensiaen blomstrar for fullt. Det er ein av dei finaste blomstrane eg veit om, i tillegg til orkidè.

Sidan hagearbeid ikke fristar akkurat no, så klirrar det i strikkepinnar og heklenål her i huset. Akkurat ferdig med denne dressen til eit lite barnebarn som enno ikkje er fødd. Så no er det fram med heklenåla igjen og produsera fleire bestemorsruter.

Vi snakkes ! I morra er det fredag og kanskje kommer våren ?! Klem fra meg.



torsdag 19. februar 2009

Det er kjekt å få blomster i heimen, sjøl om desse ikkje var til meg.


....... og ikkje desse heller ......

Finserviset er komt på bordet....



....... kjøpt i Kina for over førti år siden ........



........håndmalt .......




..........syltynne koppar .......


Ute er det masse snø og ikkje antydning til vår .....


....derfor måtte planta få komma inn igjen.



Greiner fra epletreet blei satt i vatn.......

........så begynte epleblomane å spretta ut.



Finserviset og blomstrane er til ære for gubben som hadde rund dag denne veka. Eg har hatt det litt travelt, derfor lite blogging på meg. Eit lite selskap i heimen på tirsdag, men det blir stor feiring i helga.
Nyt dagane og klem fra meg.











søndag 8. februar 2009

Det blei ei fin helg....

Lørdag formiddag dro vi på hytta. Vi hadde behov for å skifta stue for ein dag eller to. Veret var fint, snø og kaldt. Det var spor av både elg og hjort rett ved hytta. Dessverre viste dei seg ikkje for oss.



Små furuer med greiner tunge av snø.





Store furuer med enda meir snø.



Det var så lyst og fint og så stille. Og eg innrømmer at dette er flott !! (sjøl om eg gler meg til våren)



Nedsnødd slipestein.

Inne står lysene klar til tenning. Det er varme i ovnen og godt og trivelig.

Litt elektrisk lys har vi også.

Og litt håndarbeid.



Det var ei deilig helg. Avslapping på høgste plan! Vi kom heim utpå ettermiddagen i dag, men da reiste vi rett til min mor ...... morsdagen må vi ikkje glemma !
Så no er det oppladning til neste arbeidsuke.
Ha ei fin uke alle sammen !










tirsdag 3. februar 2009

Det går mot lysare tider.

Det går mot lysare tider. De mørke gardinene er tatt ned og lyse gardiner er komt opp. Kvistar fra epletreet i hagen er plukka inn og sett i vatn.
Orkidèane mine blomstrar enda.

Håpar på epleblomst i løpet av våren.

Endå tar det ei stund før det er lyst om morningen, så litt lampelys må til.


Eit nytt speil er komt i hus.

Eg er glad i speil. Ikkje for å speila meg sjøl i, men for å gje rommet ein fin virkning. Dette har eg hengt opp ganske lavt på veggen nær eit hjørne i stua.


Det har alltid vert overtro knytta til speil. Slik som sju års ulykke dersom du knuser det. Men det bryr eg meg ikkje så mye om.


Før i tida trudde ein at det var sjela ein såg i speilet. Derfor trudde ein at sjela gjekk i stykker også, dersom speilet vart knust.

Ute var det fem kuldegrader i dag. Det er ikkje noe snø, så alt er beinklaka (betyr: gjennomfrosset) og eg vente på våren. Ser ut som eg må venta ei stund på den. I mellomtida kosar eg meg inne. Flytte rundt på ting, male litt og strikke og les masse !

Inne er det varme i ovnen, og godt og varmt. No er kaffien ferdig og står og ventar på meg sammen med ein bitteliten sjokolade !!
Eg ønsker alle ei flott veke ! Klem fra meg !