onsdag 27. april 2011

Deilige vår !!!!


Jammen kom våren fort  da den endelig bestemte seg .  Kvar dag er det noe nytt å sjå, noe nytt som spirer. Den lilla vårlyngen  er eit friskt innslag i hagen.

002

På ei lita hylle langs muren  står aubretiaen i full blomst. Den blomstrar lenge og er eit flott syn.

008                          004

Langs husveggen står alt noen av tulipanane  i blomst. Snart blir det nok blad på rosebuskane som står her også.    Ein liten torskemunn mot ein gråstein -  javisst er våren komen !

009

Og bjørka vert grønare for kvar dag – nå må dagane nytast !

LIVET BESTÅR AV ØYEBLIKK. NYT DEI  !!      

HA FINE DAGAR !!!

mandag 25. april 2011

Litt av kvart


Den beste påsken på lenge – først den herlige turen til Roma, så heimepåske med utrulig flott ver og besøk av barn og barnebarn, og så denne siste dagen med fri som er bare min – til akkurat det eg har lyst til !

Det er min bursdag. Den blei feira i går før alle reiste heim til sitt.

011

Eg var tidlig oppe og kjente på roen i huset, laga litt kaffi, rydda litt, tok ein runde i hagen –litt kaldt ennå, men dagen blir fin.

Eg har kjøpt inn litt planter i løpet av påsken, fått rydda i dei overgrodde bedda mine, utruleg som noen planter sprer seg !!

020                  009

Det er forandring fra dag til dag no, hekken vart grønn på eit par dagar, det gror og spirer overalt – ei fantastisk tid!

022

Pelargoniane som eg har klart å overvintra, er blitt store og fine, og klare for å settast ut. 

Då vi var i Roma, bodde vi i nærheten av Borgheseparken, nydelig å  gå der.
                              

155

Nesten sommer var det også!

159

Nyt den siste påskedagen !!!!!

torsdag 21. april 2011

Deilige dagar i ROMA

 


Nå har eg vert fire dagar i Roma …….. ein fantastisk flott start på påsken !  Herlige Roma  med alle sine historiske godbitar. Kor du enn går i Roma blir du minna om byen si storhetstid.

062

Eit ordtak seier at Roma vart ikkje bygd på ein dag, og når du går i gatene så ser du at Roma vart ikkje gravd opp igjen på ein dag heller. Roma er bygd lag på lag. Overalt blir du minna på historia.

119

I ruinane av Forum Romanum blir du ført langt tilbake i tid – imponerande mengder ruiner etter tempel, og bygningar der den romerske makteliten holdt til.

133           128

Det enorme Colosseum som vart bygd av jødiske slavar ca 70 e.Kr. Her vart det bl.a. arrangert gladiatorkampar.

038            143

Heftig trafikk , men også herlige og rolige oaser. Smale gater, fine parkar og så i neste øyeblikk nye overraskelser, slik som Piazza Navona med barokkfontenene sine  og Fontana di Trevi, for ikkje å snakka om Pantheon “tempelet for alle gudar”.

078          101

Stort var det også å stå på Petersplassen på palmesøndag, og bare ta atmosfæren inn over seg.

Eg har vert i Roma før og fått med meg det meste, denne gang dro vi til  noen av stedene vi hadde vert før og på noen nye. Ellers så var det bare å nyta våren, stemningen, folkelivet, den gode maten og den deilige vinen …….. traska rundt og nyta livet og ha flotte dagar !!!

054     056

Fortsatt god påske !!

(Det komme nok noen fleire bilder fra Roma, men akkurat no har eg mange påskegjester som må få litt oppmerksomhet !!)

fredag 8. april 2011

Snart påske !


Det virka så langt fram til påske  her tidligare i vinter, men  vips…så er påsken her snart!!  Den er sein i år, den har ikkje vert så sein sidan 1943.

012    007

Det blir ein spennande påske,  eg  må ut og lufta meg litt, så barn og barnebarn får klara seg sjøl i huset……

Men eg må jo ha litt påskestemning for det, så eg har laga eit par egg til meg sjøl, etter idè og oppskrift som eg fann her.

006

Ein flott bukett tulipanar er komt i hus også.  Det er egentlig gubben som har fått den, men det er sikkert eg som har mest glede av den !!!

009                      010

I dag har eg satt ut påskeliljer  rett ved inngangsdøra. Det er faktisk vår i lufta og sol og regn om kvarandre.

014                      015

Fredagen er ein nydelig dag, heile helga foran meg  …… berre nyta den!!

God helg til deg òg !

mandag 4. april 2011

Oppbevaringsplass


Her har det tidligere stått eit lite bord, men denne kommoden er jo meir funksjonell. Tre skuffer som kan romme mykje.

013                 015

Kommoden kjøpte eg for ei stund siden på veien heim frå Oslo. Den har stått på vent, og plutselig kom eg på at her på kjøkkenet passa ein kommode supert inn !! Det er godt å få ein ny idè av og til !!!

001
I ei av skuffene har alt nokre pakkar med serviettar fått plass.

014

Eg var ute i hagen mellom regnbygene i går og tok inn bjørkekvistar, det går nok ikkje lang tid før dei er grønne no!

Ønsker alle ein flott mandag og ein fin start på ei ny veke!