torsdag 22. mai 2008

Stress .........og avslapping!!!

Etter ei utruleg hektisk og stressande veke med mange møter og lange arbeidsdagar, så roa det seg ned litt i dag. Etter jobb (og middag) satt eg meg rett ned på verandaen og bare såg utover og tenkte at i morra e' det heldigvis fredag!!! Så kom gubben med eit glas vin ....... og skuldrene kom sakte men sikkert i rett stillig igjen ( de har vert omtrent over ørene i det siste!!! Hehe!!)

Eg har to cafèar på verandaen, ein for ekorn og ein for andre ....men dei er lite besøkte! Kanskje det har noe med servicen å gjøra ?

Eg har eit fuglebur også. Her er det rom til leige !

Vinrankane mine har begynt å få blad. Ska' tru om det blir vinproduksjon til hausten ?! Eg har kjøpt dei i Moseldalen (Tyskland)

Godt syn for auge når ein er stressa.........


No e' det lika før peonen åpnar seg heilt.

Lavendelen står grøn og fin, så om ei stund vil den nok bløma.

I morgon drar vi til Bergen rett etter jobb. Vi har eit barnebarn som blir 9 år og vi har lovt ho at vi skal gå på Peppes fredagskvelden. Ho gler seg kjempemye! Lørdagen skal eg shoppa (må vel ha med meg både mann, datter og barnebarn!). Når ein bur langt inni ein fjord så må ein til byen av og til og lufta lommeboka!!!

Ha ei kjempefin helg alle saman!

onsdag 14. mai 2008

STEIN, MALING, GARN ..... (eller omvendt!)

Nå er eg ferdig med å mala den blå kommoden som eg kjøpte på
bruktbutikken
for ei stund sidan. Det har gått litt tregt fordi eg har
prioritert hagen i
finveret og fordi eg måtte ha 4 strøk maling på den. Eg
syns den blei ganske
bra.

Eg kjøpte nye knottar til den, men eg må også ha beslag for nøkkelhol. Det
får eg ikkje tak i her, men neste helg skal eg til Bergen og der er det vel
muligheter. Ligg det ikkje ein bruktbutikk i gata oppe ved Fløybanen som har alle mulige dingse-saker ????

Endelig fikk eg montert alle lappane til sengeteppet på gjesterommet. Det er godt med alle prosjekt som blir ferdige. Ikkje alle blir lika vellykka, slik som overvintring av "kalaen" min frå Madeira (sjå på sida til høgre). No er den død......berre blomsterpotta står att!!!!

Steingal??? Ja! Det har blitt mange tilhengarlass med stein. Har murt avsatsar i ein skråning ved sida av huset og ein peis. Så la vi ned heller som vi henta på fjellet,; tjukke,flate steinar. Vi brukte mange år på det og vi har hatt det slik ei stund også.


I kanten på hellene veks det "Snøsløyfer". Dei har akkurat begynt å bløma.

Ja, no nærmar 17.mai seg. Eg får vel ta fram bunaden og prøva den. Den er sikkert trang i år og!!
Ha ei fin veke alle saman!

søndag 11. mai 2008

NÅR DET BLOMSTRAR I HARDANGER ..........

Sol, blomstring og snø på toppane då synest eg at det er knallfint! Og slik har pinsehelga vert her. Vi har vert ein tur til campingvogna, men i dag kom vi heim. Har rydda i hagen og gått "blomstringstur" og elles slappa av.




Det er stor snøsmelting i fjellet, så fossane er store og fine.

Pukka litt syriner på turen som eg satte i vase. Det luktar godt over heile huset.


Verandaen er tatt i bruk.

Litt shopping har det blitt også. Denne krukka måtte eg berre ha meg.........



......denne kalendaren også. Pluss ein kvit duk, serviettar og ei fin såpe!

Håpar du og har hatt ei fin pinsehelg! Og så er det fri i morgon også !!!!!

onsdag 7. mai 2008

ENDELIG ........

Ja, endelig har eg fått litt system på arbeidsrommet. Gamle hyller har blitt malt kvite. Kassettar fra Ikea er fulle av interiørblader, hageblader og reisebrosjyrer.

To nye hyller fra Ikea er komt på plass også ............men enda litt rot på golvet som må plasserast!


Arbeidspult på motsatt vegg av det første bildet. Eg vurderer å mala arbeidspulten også, men har egentlig lyst på eit anna arbeidsbord, så eg får sjå det litt an.


Ei kiste er god å ha ......... den rommer utruleg mykje! (rot !!)

Og litt frå hagen. Det har vert kjempevær, i dag var det 20 grader. Om ettermiddagane har eg vert i hagen og pusla og stellt med plantene. Kuleprimulaen blømer fint no.

Bergblom og forglemmegeisøster.


Dette er fra inngangspartiet, det er under tak i forbindelse med ein carport. Det er litt vanskelig å få blomane til å halda seg fine her, sikkert litt mørkt. I år prøver eg med krysantemum og fuksia. Dersom du har noen bedre forslag, mottar eg det med stor takk.

Ha ei fin veke alle saman!

søndag 4. mai 2008

Ei deilig avslappande helg.....

Eg har hatt den deilige og avslappandes helga og ikkje gjort noen ting ... nesten då!... Fredag formiddag dro vi ut til campingvogna vår. Den ligg fint til ved Maurangerfjorden, her er foto tatt fra terrassen.

Også tatt fra terrassen, bare i ein annan retning.


Kveldsstemning!

Blomstring!

På tur langs fjorden såg vi denne gamle, skeive brygga.


Dette var min faste plass i helga med bok og strikketøy.

God mat og drikke må vi ha også!

Kom heim utpå ettermiddagen (i dag, søndag) og begynte å ordna på verandaen og i hagen .........full av overskudd etter ei deilig helg.


Inngangspartiet blomstrar fint no.

Så er det å jobba seg gjennom kommande veke, veit før den er begynt at den blir travel, men men det er ei helg i andre enden!!!!
Mange takk for alle dei koselige kommentarane eg har fått. Ha ei kjempefin veke alle saman!!