Etter ei utruleg hektisk og stressande veke med mange møter og lange arbeidsdagar, så roa det seg ned litt i dag. Etter jobb (og middag) satt eg meg rett ned på verandaen og bare såg utover og tenkte at i morra e' det heldigvis fredag!!! Så kom gubben med eit glas vin ....... og skuldrene kom sakte men sikkert i rett stillig igjen ( de har vert omtrent over ørene i det siste!!! Hehe!!)
Eg har to cafèar på verandaen, ein for ekorn og ein for andre ....men dei er lite besøkte! Kanskje det har noe med servicen å gjøra ?
Eg har eit fuglebur også. Her er det rom til leige !
Vinrankane mine har begynt å få blad. Ska' tru om det blir vinproduksjon til hausten ?! Eg har kjøpt dei i Moseldalen (Tyskland)
Godt syn for auge når ein er stressa.........
No e' det lika før peonen åpnar seg heilt.
Lavendelen står grøn og fin, så om ei stund vil den nok bløma.
I morgon drar vi til Bergen rett etter jobb. Vi har eit barnebarn som blir 9 år og vi har lovt ho at vi skal gå på Peppes fredagskvelden. Ho gler seg kjempemye! Lørdagen skal eg shoppa (må vel ha med meg både mann, datter og barnebarn!). Når ein bur langt inni ein fjord så må ein til byen av og til og lufta lommeboka!!!
Ha ei kjempefin helg alle saman!