Så var eg tilbake etter tre veker på farten. Eg har hatt ein kjempefin ferie, besøkt mange koselige stader og sit att med berre gode minner. Å formidla det går nesten ikkje an, men eg prøver litt. Eg startar med målet for turen Istriahalvøya i Kroatia, så får eg koma tilbake til alt det andre i neste innlegg. Vi hadde ein liten reiseplan før vi reiste, men som vanlig blei den forandra underveis. Vi budde i to forskjellige byar, Novigrad og Rovinj. Begge to ligg ved Adriaterhavet og er virkelig flotte. Dessutan besøkte vi og fine, små byar som Porec, Vrsar og Motovun. Øverste bildet her er frå havna i Novigrad.
Eit lite smau ned til havet (Novigrad).
Frå havna i Rovinj med byen i bakgrunnen.
Husrekke i Rovinj. Eg blir så fasinert av måten å bygga på, så det blir mange "husfoto" i løpet av ei reise.
Her spiste vi frokost da vi budde i Novigrad. Den utsikta mot Adriaterhavet. Det er juice i glassene altså !!
Sjøl om alle hus er av stein/mur så er det allikevel frodig. Planter og blomar i krukker og kar overalt.
Ei sjarmerande trapp!
Fiskebåtar og andre båtar.
Her var det godt å sitta å sjå på sjøen (Rovinj).
Vi spiste nesten bare fiskemat og den var kjempegod!
Vin i solnedgang!
Is til lunch! Det var ca 30 grader hver dag.
Med tærna i sjøen! Det blei ein del bading og, spesielt i Novigrad.
Sykkeltur langs havet. Vi leigde oss syklar og sykla i fleire timar i varmen. Tungt, men flott for dei ekstra kiloane som alltid kjem snikande på i feriar !!
I Rovinj var det mange trange gater, det klesvasken hang frå hus til hus og ledningsnettet var eit einaste sammensurium. I desse brosteinsbelagte gatene var det mange små butikkar, atelier og cafear og restaurantar.

Ned denne trappa og til høgre ligg ein liten koselig butikk. Rett fram fører rett i sjøen.
Eit vindu som eg gjekk forbi.
Dette var ein liten smakebit frå Kroatia og ein flott ferie. I fortsettelsen får du høra om tur i Dolomittane og fine byar i Tyskland!
Fortsatt god sommar til alle!