I går hadde vi avslutning på jobben. Då fekk eg denne stilige buketten av ein kollega fordi eg hadde vert ei god støtte i skulekvardagen for henne. Eg blei kjempeglad, men begynte nesten å grina fordi eg føler at det er ho som har hjelpt meg.Det er godt det er sommarferie. Dette året har vore svært slitsomt. Eg er lærar, og av og til får ein ansvar for vanskelege klassar som tappar ein for utruleg mykje energi.
Då er det ekstra godt å bli satt pris på.
.JPG)

I dag har eg berre slappa av og kjent på at eg har ferie. Deilig!!!Eg har kosa meg innandørs. Ute er det Vestlandsregn! Eg reiser ikkje enda. På mandag kjem to kjekke jenter frå Bergen som eg er mormor til. Dei blir her ca ei veke. Yngste sønn og samboer kjem ein tur og. Koselig!
Den 4 juli drar vi på ferie ......... det er på vår vanlige " Rundt om i Europa- bilferie"- då stoppar vi der vi har lyst og kor lenge vi vil........ Vi har noen planar og vi skal prøva å komma oss til Istriahalvøya nord i Kroatia.......... Eg skal laga eit innlegg om det når det nærmar seg!
Den 2. august skal vi på ei ukes tur til Kreta (Platanias). Gubben skal jobba ei uke før vi drar dit, så vi får vel koma oss heim frå Europa-turen før det. Han har ikkje lærarferie, slik som meg.
No skal eg laga i stand marinert entrecôte med bakte poteter og salat til. Og rødvin! Kan det bli bedre?
Ha ei flott helg og deilig sommar !
Masse sommarklemmar fra meg!